Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / - Lokalt eigarskap i o...

- Lokalt eigarskap i oppdrettsnæringa er viktig

- Nei til EU er sterkt i mot regjeringas beslutning om å gå bort frå kravet om lokalt eigarskap ved tildeling av 40 nye oppdrettskonsesjonar. Dette er nok eit døme på knefall for EU, seier leiar i Nei til EU Sigbjørn Gjelsvik.

Oppdrettslova gjev adgang til å prioritere lokale eigarar når nye konsesjonar skal delast ut. ESA meiner dette strir med reglane i EØS-avtalen om fri etableringsrett. Stoltenberg-regjeringa var ikkje einig i dette og sende i januar 2001 eit brev til ESA der hovudargumentet var at oppdrett ligg utanfor EØS-avtalen.

I april i fjor annonserte fiskeriminster Otto Gregussen at det skulle tildelast 40 nye matfiskkonsesjonar. I utkastet til forskrift om desse konsesjonane som var sendt ut i fjor haust var vilkåret om lokalt eigarskap eit sentralt punkt. Dette punktet har BondevikII-regjeringa no latt seg presse av ESA til fjerne.

Jusprofessor ved Universitetet i Tromsø, Per Christiansen, uttala til Fiskaren i februar at han meinte Noreg i sitt krav om lokalt eigarskap hadde ei god sak og at Noreg kunne få kjent ESAs vedtak ugyldig i EFTA- domstolen.

- Dette er nok eit døme på at norske styresmakter lar seg presse av ESA til å utvide verkeområdet til EØS-avtalen. Noreg tek seg ikkje ein gong bryet med å prøve saka for EFTA-domstolen, avsluttar Gjelsvik.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook