Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Mani Hussaini: – Eg er...

Mani Hussaini: – Eg er stolt medlem i Ungdom mot EU

Nyvald leiar i AUF Mani Husseini helsa landsmøtet i Nei til EU. 

– Eg er stolt medlem av Ungdom mot EU. Eg vil gratulere Nei til EU med med 20-årsjubileet. Vi set stor pris på samarbeidet, og ser fram til å fortsette samarbeid vidare. 

– Eg hugsar ikkje folkerøystinga i 1994, men det viktigaste er dei verdiane vi kjempa for saman. Den breie alliansen er basert på det at vi veit at verda er større enn EU. Seieren i 1994 har gjeve Noreg handlefridom. 

– Den nye regjeringa har allereie tukla med viktige EU-sigrar frå den førre regjeringa, som vetoet mot postdirektivet. Vi må stanse Ernas våte draum om å snikinnmelde oss i EU.

– Vårt nei er eit internasjonalt og solidarisk nei. Vi kan gjere verda meir rettferdig utanfor enn innanfor EU.  Vi skal stå planta i norsk jord, men med ansiktet vedt utover. Vi seier hei til verden men nei til EU. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook