Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Med veto i sikte
Ungdom mot EUs leder Tore Syvert Haga

Tore Syvert Haga let seg ikkje stoppe av regn og sludd når han no tek over som leiar i Ungdom mot EU.

Med veto i sikte

Folkestyre, folkestyre, folkestyre. Og nye nettsider. Det er hjartesakene til den nyvalde leiaren i Ungdom mot EU, Tore Syvert Haga.

Av Marianne Granheim Trøyflat

Tore Syvert Haga er 22 år gammal, og kjem frå Randaberg i Rogaland. Etter vidaregåande flytta han til Oslo, der han har teke ein bachelorgrad i samfunnsgeografi, samt gjort teneste i Hans Majestet Kongens garde. På landsmøtet til Ungdom mot EU 26. - 28.januar i år vart han vald til leiar, og kontoret på Arbeidersamfunnets plass har no vorte den daglege tilhaldsstaden.

Korleis starta EU-engasjementet ditt?

– Eg har fjerne minne frå 1994, og hugsar at eg var imot allereie då. Eg melde meg inn i Ungdom mot EU sommaren 2000, mellom anna fordi eg hadde fått med meg at EU ville godkjenne skumle stoff i maten vår. Etter kvart auka engasjementet i takt med kunnskapen. EU-spørsmålet handlar om moglegheita til å ha eit reelt folkestyre. Det gjer det veldig vidfemnande, og spennande å jobbe med.

Tore Syvert vart vald inn i landsstyret i 2001, og kom inn i sentralstyret i 2003. I fjor var han nestleiar, og har no overteke leiarvervet etter Gunvor Hass.

– Eg er glad for tilliten eg har fått, og gler meg veldig. Eg trur det kan bli arbeidsamt, og kanskje stressande til tider, men alt i alt spennande. Ein leiar har varierte arbeidsoppgåver, og eg trivst med det meste. Å halde innleiingar og å vitje lokallag er alltid hyggjeleg. Den utoverretta verksemda, som å skrive lesarbrev og å delta i debattar, synes eg også er moro.

Klare planar framover

– Ungdom mot EU skal ha kampanje om tenestedirektivet denne våren, med spesielt fokus på faglege rettar og konsekvensar for ungdom. Tenestedirektivet er eit bra tema å ha kampanje om. Direktivet er eit tydeleg prov på kor udemokratisk EU fungerer, i og med at så mykje blir opp til EF-domstolen å avgjera. Samstundes viser det den direkte effekten EØS-avtalen har på folk sin kvardag. Vi får eit godt høve til å kopla oss på den aktuelle samfunnsdebatten, og til å synleggjera organisasjonen vår.

– Trur du det blir veto?

–Eg trur ikkje at direktiv-tilhengjarane vil lukkast med å banke saka gjennom i løpet av våren. Det vil nok vera vanskeleg å få til veto, men kampen mot tenestedirektivet er absolutt noko eg synes det er verd å bruke tid og krefter på. Og det tyder jo at eg trur veto er mogleg.

Haustkampanjen vil få eit anna fokus. Denne skal dreie seg om internasjonal solidaritet, og EU si rolle i det globale handelsregimet. Medan tenestedirektivet særleg viser korleis EU er usolidarisk på nasjonalt plan, illustrerer handelspolitikken den internasjonale sida av saka. Slik kan Ungdom mot EU appellere til ulike grupper, trur Haga.

Nye nettsider

Når det gjeld det organisatoriske arbeidet, vil nettsidene ha høg prioritet framover.

– Vi skal få oss nye nettsider, og det blir ei etterlengta andletsløfting. Og så må vi få hyppigare oppdateringar, sidan internett blir eit stadig viktigare medium for spreiing av informasjon. Generelt må vi jobbe meir for å bli synlege, og å profilere oss i media.

– Korleis fungerer det nye sentralstyret?

– Eg synes det fungerer godt. Sju av ni styremedlemmar er nye, og ideelt sett hadde det vore fint med litt større stabilitet. Men det er flinke folk, og fleire av dei har vore aktive på lokalt plan i fleire år. Det gir høve til meir effektiv arbeid, fordi kunnskapen om kva som fungerer lokalt av materiell og anna tilrettelegging er større. Enkelte av styremedlemmane er også heilt nye i denne organisasjonen. Den politiske samansetjinga er brei, og det ser eg på utelukkande som ei styrke. Vi får mange perspektiv og eit stort kontaktnett å spela på.

Som leiar av ungdomsorganisasjonen har Tore Syvert også plass i Nei til EU sitt styre. Og han gir klart utrykk for at det er fint å ha mulegheita til å påverke der.

Sikre rekruttering

– Nei til EU har bestemt seg for å ha eit målretta og strategisk fokus på aldersgruppa 25-40 år. Vi må sikre rekruttering til nei-rørsla generelt, og vera medvitne på at vi ikkje mistar folk når dei blir for gamle for Ungdom mot EU. I den sentral leiinga ser det ut til å vera god rekruttering, medan fylkeslaga og det lokale planet i større grad manglar ein ungdomleg profil. Eg vil vera med og koma med innspel om korleis dette kan følgjast opp.

– Kva er det viktigaste nei-argumentet ditt?

– Folkestyre. Eit styrka folkestyre vil innebera at folk har høve til å bestemme meir over eigen kvardag. Folkestyret er eit absolutt vilkår for utjamning og levande distrikt. Dersom vi mistar høvet til demokratisk påverknad, blir det berre dei sterkaste som rår.

Ungdom mot EU har eit hektisk år framfor seg. Med ein så ein røynd, kunnskapsrik og omgjengeleg leiar er det liten grunn til å uroe seg for den nye nei-generasjonen.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook