Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Minneord

Minneord

Svein Johansen er gått bort. Bodskapen om at han måtte gi tapt for kreften kom til oss sist helg. Med han er ei kjempe i det norske samfunnet borte.

Svein Johansen brukte det meste av sitt vaksne liv til å arbeide for å sikre kyst- og fiskerifolkets rettar til å hauste av havet. Han var pionér i arbeidet med å få etablert den norske fiskerigrenseutvidinga då han tok initiativ til ei grense på femti mil før arbeidet med 200 mils økonomisk sone for alle kyststatar kom i gang. Og heilt til det siste brukte han alt han hadde av krefter for å endre konsekvensane av omlegginga i firkerinæringa fra 1990, der tusenvis av fiskarar miste sin etablerte rett til å hauste av havet.

Svein fekk ikkje posisjon etter forteneste i norsk fiskerinæring. Bakgrunnen frå fiskar- og småbrukarmiljø på Tennskjær i Malangen var på plass. Men den rette partiboka var der ikkje, og sjølvstende i meiningar var for sterk. Hans svar blei organisering av den landsomfattande organisasjonen ”Aksjon Kyst-Norge” med mål om 50 mil sone, som han leia. Seinare stifta han organisasjonen ”Folkets rett til fiskeriallmenningen” med mål om åpen fiskeriallmenning for at alle kvalifiserte fiskarar skulle ha rett til å hauste av fiskeressursane.

Hans arbeid for folkeleg demokrati og for folkets rett til å hauste av naturressurane låg også bak hans innsats mot norsk medlemsskap i EU ved begge folkerøystingane i 1972 og i 1994 – i 1972 då han deltok i skipinga av Folkerøsla mot EEC; i 1994 og seinare gjennom opplysingsarbeid om fiskeripolitiske konsekvensar av EU-medlemsskap. Han var blant dei fremste i dette arbeidet. For han var kystfolkets tilgang til naturressursar og demokratisk folkestyre to sider av samme sak. Tidleg i studentdagane i Oslo stifta han Marxistiske Arbeidsgrupper på Blindern for å stimulere til debatt om aktuelle samfunnspørmål - den gongen om norsk og nordnorsk verkelegheitsforståing sett i lys av marxistiske omgrep. Gruppa samla mange interesserte, og Svein ga mange eit første møte med si åndelege kraft, og med nordnorsk humor og slagferdigheit.

Heile sitt liv arbeidde Svein for å byggje og å styrkje det norske demokratiet og norsk demokratisk utvikling. Gjennom brei og åpen folkeleg organisering, og gjennom tallause innspel i den offentlege debatten, skapte han liv i den frie diskusjonen og den breie folkelege deltakinga i avgjerande samfunnspørsmål. All sin dag var han motstandar av maktovergrep - det vere seg frå personar, organisasjonar, parti eller stat.

Svein var ein framsynt og uredd mann med sine meiningars mot. Eit lysande føredøme! Samstundes var han også det snillaste, mest trufaste og humoristiske mennesket for den som var så heldig å få vere hans ven. Våre tankar går i dag til Josefa, Guro, Ina og familien. I takksemd over hans store innsats lyser me fred over hans minne.

Tromsø/Oslo, 25.07.2010

 

Anna Margrete Flåm, Ole Kopreitan, Ragnar Elias Nilsen, Peter Ørebech

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook