Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Minneord

Minneord

Erik Bye døydde 13. oktober etter lengre tids sjukeleie, 78 år gamal. Erik Bye vil verte hugsa som ein mann med stort hjarte og omsorg for sine medmenneske. Han hadde evner og engasjement på mange ulike felt, som kvar for seg hadde – og framleis har – stor betydning for mange menneske kring om i landet.

For mange av oss vil engasjementet hans i forhold til EU-saka vere noko av det vi klårast minnast. Mange vil nok hugse korleis den folkekjære NRK-høvdingen stod fram som EF-motstandar heilt på tampen under den første EF-røystinga i 1972. Sidan den gong stod han fjellstøtt på sitt standpunkt og var ein av dei markante samfunnsstøttene på nei-sida i EU-kampen i 1994. I åra etter dette var han ein av dei som tidleg gjekk ut og åtvara mot konsekvensane av Schengen-avtala.

Erik Bye var uredd og framførte sine meiningar med tyngde og engasjement, samstundes med nærleik og varme. Han ynskte å vere inkluderande og femne om dei mange. Samstundes veik han ikkje unna frå å ta standpunkt i stridssaker der han visste at mange ville vere usamd med han. Engasjementet hans for dei som var svake og trengte ein alliansepartnar – ein talsperson – var for sterkt til det. Vi er takksame for hans innsats og det er no ei oppgåve for oss som er igjen å bære denne arva vidare. Vi lyser fred over Erik Bye sitt minne.

Sigbjørn Gjelsvik
Leiar i Nei til EU

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook