Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Minneord om Håkon Helle
Håkon Helle

Minneord om Håkon Helle

Håkon var opphavleg frå Larvik, men kom til Stavanger som liten gut. Han utdanna seg som jurist, etablerte eigen advokatpraksis og hadde som høgsterettsadvokat eit ry for å vera blant dei beste i landet, med arbeidsrett som spesialfelt.

Håkon var kunnskapsrik og sterkt samfunnsengasjert. Særleg var han oppteken av EU- og EØS-spørsmålet. Han var aktiv i Folkebevegelsen i 1972 og gjekk tungt inn i Nei til EU i åra før sist folkeavstemming og har sidan vore ein uvurderleg medspelar både for fylkeslaget og Nei til EU sentralt. Han var medlem av fylkesstyret i Rogaland Nei til EU, samanhengande frå tidleg på nitti-talet og til dags dato. Han var også mangeårig medlem av Nei til EU sitt råd, innvalt fyrste gongen før folkeavstemninga i 1994 og tok attval no sist på landsmøtet i 2006.

Med si innsikt og sin juridiske kompetanse vart han rådspurt i mange spørsmål. Særleg engasjerte han seg i spørsmålet om råderetten over olje- og gassressursane, og forfatta eit viktig kapittel om dette temaet i Nei til EU si motmelding som vart gjeven ut i 1994. Han var også sentral i arbeidet med eit eige hefte som Nei til EU gav ut i 1994 om oljeproblematikken. For heimfylket til Håkon var nettopp olje- og gasspolitikken truleg tunga på vektskåla når rogalendingane stemte nei ved folkeavstemminga.

Etter folkeavstemminga trekte han seg ikkje tilbake, men heldt fram i fylkeslaget og som rådsmedlem i Nei til EU og var aktiv heilt fram til han døydde. No i januar 2007 forfatta han eit arbeidsnotat om tenestedirektivet på oppdrag frå Nei til EU. Og han deltok på landskonferansen som Nei til EU arrangerte 9.-11. mars.

Som ressursperson med sin juridiske kompetanse og politiske innsikt vil Håkon bli hugsa som ein tungvektar. Alltid sakleg, nøktern, analytisk og faktabasert. Men han utmerka seg også som medmenneske. Dei som var i kontakt med Håkon, fekk alltid ei kjensle av å bli tekne på alvor som likeverdige. Trass i sin formelle kompetanse hadde Håkon stor tru på vanlege menneske si dømmekraft og vurderingsevne. Han framheva aldri seg sjølv, men var smålåten og forsiktig når han uttalte seg. Han var ikkje oppteken av å stikka seg fram eller å markera seg, men stilte gjerne opp når han vart spurt til råds. Det var alltid saka som stod i sentrum for Håkon.

Han interesserte seg for små og store spørsmål i livet. Han såg ting i samanheng. Han las mykje historie, og han kunne greia ut om vanskelege emne og trekkja lange liner. Håkon var så klok. Eit menneske med integritet.

Slik vil han bli hugsa. Som ein høgt respektert fagmann. Som eit medmenneske det var lett å bli glad i. Difor vil han bli djupt sakna.

Jostein Lindland

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook