Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Minneord om Kristen Ny...

Minneord om Kristen Nygaard: Ville aldri framheve seg sjølv framfor andre

Kristen Nygaard kjem til å verte hugsa for sitt livsverk på mange ulike felt, og både innanfor sitt faglige, politiske og sosiale liv. Men det eg og dei mange medlemmane i Nei til EU kjem til å hugse han mest for er innsatsen hans i EU-kampen.

Kristen Nygaard var sentral i den norske EU-kampen i fleire tiår, ikkje minst i den langvarige kampanjen fram til folkerøystinga som enda med nei-fleirtal 28. november 1994. Kristen likte aldri at enkeltpersonar skulle framhevast framfor andre. Kvar og ein var like betydningsfull for den sigeren som nei-sida til slutt vann. Men bak alle enkeltpersonar og miljø var det nokon som bygde alliansar og utvikla strategiar. I dette arbeidet var Kristen den mest sentrale.

Kristen starta tidleg med å organisere nei-sida og legge strategiar, lenge før dei fleste andre såg behovet og viktigheita av dette arbeidet. Han føresåg at det ville verte ein langvarig og hard kamp, der nei-sida ville verte utfordra av sterke krefter. Skulle nei-sida lukkast måtte det byggast ein brei allianse bygd på solid faktakunnskap og felles verkelegheitsforståing og der alle ulike organisasjonar, parti og politiske miljø vart inkludert. Kristen skal ha mykje av æra for å ha bygd opp denne breie nei-fronten, men òg for å ha klart å halde den samla gjennom heile EU-kampen. På same vis bygde han opp alliansar med unionsmotstanderar frå andre land, og han bidrog med hjelp og støtte ved folkerøystingar i fleire EU-land.

Sjølv om Kristen trakk seg tilbake frå leiarvervet i Nei til EU etter folkerøystinga i 1994, førte ikkje dette til at samfunnsengasjementet hans vart noko mindre av den grunn. Snarare tvert om. Kristen var stadig aktiv med nye analysar og strategiar. Det var også i denne tida eg var så heldig å verte kjent med Kristen og kunne gjere meg nytte av hans kunnskapar og livserfaring. Eg fekk høve til å dele mange frustrasjonar, men også gleder med Kristen.

Kristens analyse var at konfliktlinja i norsk politikk gjekk mellom tilhengarane av Samhalds-Noreg og Marknads-Noreg. Han ville samle tilhengarane av Samhalds-Noreg i ein felles kamp mot det EU-like samfunnet, slik ein hadde klart det i EU-kampen. Dette var eit av dei mange prosjekta som Kristen etterlet seg.

Kristen hadde eit enormt politisk og sosialt nettverk over heile verda som han pleia aktivt heilt til det siste. Trass i eit nær umenneskeleg arbeidstempo, visste Kristen også å kunne nyte livet i triveleg lag med familie og gode vener. Med Kristen Nygaards bortgang har eg og mange andre mista ein nær og god ven og ein uvurderleg politisk rådgjevar og støttespelar.

Sigbjørn Gjelsvik, leiar i Nei til EU

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook