Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Møt Nei til EUs sommar...
Banner - Nei til EUs sommeraktiviteter

Møt Nei til EUs sommarpatrulje nær deg

Nei til EUs tre sommarpatruljar i 2009 finn du på Austlandet, i Hordaland og i Finnmark. Sjå etter oss når du er ute på tur!

I ein Nei til EU-dekorert bil fylt av EU-kunnskap, nei-effektar, badebukser, krokket og badminton vil Nei til EU legge ut på vegen i sommar. Organisasjonskonsulent Vigdis Hobøl har hatt ansvaret med å sy saman reiseruter og program. Ho ser fram til å møte sommar-Noreg rundt om i fylka.

– Kva ei sommarpatrulje er for noko? Det er ein bil fylt med standsmateriell og tre til fem personar, for det meste styremedlemer og tilsette i Nei til EU, som reiser rundt i eit eller fleire fylke ei veke, seier Vigdis Hobøl.

Sommarpatruljane, som er sendt ut frå Nei til EU sentralt, får forsterking frå fylkessekretærar og regionssekretærar og frå fylkesstyra.

Før valkampen tek av

Sommarpatruljane vert avslutta før stortingsvalkampen tek av for fullt.

– Det er to mål for sommarkampanjen vår. Det eine er å profilere Nei til EU og våre valkampsaker før partia sine valkampar er det einaste som får fokus. Vi ønskjer å få oppslag på våre saker i lokal- og regionalmedia, seier Vigdis Hobøl.

– Den andre grunnen er minst like viktig. Vi vil møte folk, både Nei til EU-arar og andre, og inspirere organisasjonen til den store Nei-dugnaden der vi skal dele ut 1,3 millionar aviser, slår ho fast.

Alle stadane der patruljane stoppar er det organisert aktivitetar. Dei varierer frå stand på messe, stand på torg, utdeling av valaviser på ferjekaia, treff med lokale nei-folk og så vidare.

Reiserutene

Sommarpatruljen er fordelt på tre landsdelar, er innom sju fylke og involverer åtte Nei til EU-fylkeslag.

Den første patruljen går 5.-8. august i Hordaland med stand på Etne-marknaden med fylkeslaga i Hordaland og Rogaland, Stord, Kvinnherad, Askøy/Kleppestø og i Bergen.

Den andre patruljen går 7.-15. august i Hedmark, Oppland, Akershus, Østfold og Oslo. Her vert det stopp på Lillehammer, Hamar og Elverum under jakt og fiskedagane, Gjøvik, Halden, Sarpsborg, Fredrikstad, Moss, Drøbak, Skedsmo, Sørum og Eidsvoll. Denne patruljen vert avslutta med stand ved badeplassen på Huk eller Sognsvann i Oslo.

Den siste patruljen går 24.-29. august i Finnmark. Patruljen startar i Alta, går vidare til Kautokeino, Karasjok, Tana og Kirkenes.

Av Sindre Humberset

sindre.humberset@neitileu.no

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook