Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Mytar om Noreg og EU
Jo Stein Moen

Jo Stein Moen holdt innleiing om mytar om Noreg og EU.

Mytar om Noreg og EU

Jo Stein Forbord Moen har gjort det til sitt prosjekt å avsløre ja-sida sine mytar om Noreg og EU.

Han legg fram ei heil rekke påstandar og mytar som burde vere velkjende for alle som er opptekne av EU-spørsmålet. Den viktigaste myten er at EU skapte freden, og at EU er eit fredsprosjekt. 

- Fredsargumentet er det viktigaste argumentet for EU-medlemskap for store delar av jasida. Fred og tryggleik var dei viktigaste grunnane folk oppgav for å røyste ja i 1994, sa Jo Stein Moen. 

- EU skapte ikkje freden, det var tvert imot freden som skapte EU. EU vart oppretta lenge etter andre organisasjonar som har vore viktigare for freden, som mellom anna FN. EU har verdas største våpenindustri, som er i vekst. EU har inga rolle som fredsmeklar internasjonalt, og i Lisboa-traktaten står det at alle EU-land må ruste opp, konstaterte Moen. 

- Ein anna påstand er tydeleg uttrykt av professor i statsvitskap Erik Oddvar Eriksen, som seier at Noreg "de facto" er medlem av EU. Dette er sjølvsagt heilt feil. Noreg er de facto ikkje medlem i  EU. Dersom far min, som er botanikar, hadde kome om fagleg vrøvl om plantar måtte han rekne med å verte imøtegått av andre botanikarar. Slik er det tydelegvis ikkje for samfunnsforskarar som uttalar seg om EU.

80-90 prosent av miljøpolitikken

I same gate ligg påstanden om at 80-90 prosent av norsk miljøpolitikk kjem frå EU.

- Denne myten er gjenteken hundrevis av gangar av alle moglege aktørar. Miljøverndepartementet, Europabevegelsen, Bellona, Høgre, og mange fleire. Dette er ein svært seig myte som har vore gjenteken i 10 år. Men kvar kjem denne myten frå? spør Jo Stein Moen.Moen har avslørt at talet først var nemnt i ei bok frå 1999. Det talet dukkar oppatt i ein rapport frå FIVH frå 2003. Og der står det at talet vert brukt av styresmakter, organisasjonar og forskarar, og er vidt akseptert. Men det står også at dei ikkje kjenner til dokumentasjon for dette talet. 

- Etter Nei til EU avslørte tal-bløffen har Miljøverndepartementet trekt tilbake talet og erkjent at det var feilaktig. Jasida har brukt 10 år på å bygge den myten og det tek sikkert ti år å få has på den, spår han.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook