Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Natur og Ungdom helsa...

Natur og Ungdom helsa landsmøtet

Arstein Vestre frå Natur og Ungdom helsa Nei til EU sitt landsmøte. 

– Eg var tre år i 1994 og eg hugsar ingeting av EU-kampen. Men hadde det blitt ja, så hadde min kvardag vore annleis. EU har lagt måla for klimapolitikken sin. Det er for lite, og for seint. Det er ein klimapolitikk ti år på etterskot. 

– Vi skal kjempe for at Noreg skal gå føre i klimapolitikken. Korleis vi skulle gjort det om vi var med i EU, det veit eg rett og slett ikkje. 

– I 1994 vedtok Natur og Ungdom å legge til side alt anna arbeid for å jobbe mot EU-medlemskap. Naturen seier framleis nei, sjølv om nokon prøver å påstå det motsette. Både Noreg og EU har ambisiøse klimamål samanlikna med enkelte andre land. Men Noreg sine mål er framleis meir ambisiøse enn EU sine. Den rolla Noreg kan spele utanfor EU er framleis viktig. 

– Det er nokon som vil inn i EU for å påverke EU sin fiskeripolitikk. Men har du høyrt om krillen som vil inn i kvalen for å påverke? 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook