Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nei2017: Konsekvensar...
Ingeborg Eliassen, Michael Gold og Asle Toje på Nei2017.
© Eivind Formoe

Ingeborg Eliassen, Michael Gold og Asle Toje på konferansen Nei2017. 

Nei2017: Konsekvensar av Brexit

– I skrivande stund er ikkje EU i stand til å bli samde om at himmelen er blå, sa Asle Toje i debatten om konsekvensar av brexit for EU.

Konferansen Nei2017 tok opp framtida for EU etter brexit. Panelet bestod av Michael Gold, frå Green Leaves i Storbritannia, journalist og forfattar Ingeborg Eliassen og samfunnsvitar og debattant Asle Toje.  

EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker har lagt fram ei såkalla kvitebok om framtida til Europas. Der teiknar han opp fem ulike scenario for korleis EU kan utvikle seg fram mot 2025. Panelet fekk spørsmål om kva for eit scenario som er mest realistisk.

Ingeborg Eliassen framheva at brexit var eit stort sjokk for EU-leiinga i Brussel.

– Dei som ville ha Europas foreinte statar trur ikkje lenger det er mogleg. Å halde fram som før er neppe mogleg heller. Eg vil tippe at eit EU i ulike hastigheiter vil kome, sa ho.

– Vi har jo allereie eit skilje mellom dei medlemslanda som er i euroen og resten av medlemslanda. EU i ulike hastigheter vil tvinge seg fram, og dette er mykje diskutert i Tyskland. Men tanken om at Tyskland skulle melde seg ut av EU er vanskeleg å tenkje seg. EU er Tyskland på mange måtar.  

Asle Toje er samd med Eliassen om dette:

– Juncker koketterer når han skisserer disse alternativa, fordi EU ikkje er beslutningsdyktige på nokon måte. Dei har store kriser under oppsegling, og den praktiske realiteten er eit EU i ulike hastigheiter.

EU kan bryte saman

Britiske Michael Gold fortel at det var vanskeleg å få britiske media til å forstå at det var eit leave-argument frå venstresida også.

– Vårt leave var basert på solidaritet, ikkje på rasisme.

Han trur ikkje EU kjem til å overleve krisa.

– Når kjem EU til å bryte saman? Voneleg snart, og det kjem sikkert til å skje av ein grunn vi ikkje kan tenkje oss i dag.

– Det er ein ting som kan redde EU og det er å bli kvitt euroen. Tollunionar har vi lang historie med, men felles valuta er langt vanskelegare å få til å fungere.

– Krisa i Storbritannia er eit resultat av innsparingspolitikken. Vi redda bankane, men folk betalar rekninga for det. Eit spørsmål i brexit-debatten var om bankane kom til å forlate London om Storbritannia går ut av EU. Etter mi meining må bankane berre stikke så snart som råd. Paris og Frankfurt må berre få overta dei.

Å skape EU-borgarar

Asle Toje peika på motsetnadane mellom eit EU av nasjonalstatar og fedreland, og det føderalistiske prosjektet EU som superstat.

– Korleis skal EU få europearane til å bli EU-borgarar og oppfatte seg slik? For det første har EU vorte kledd opp i fleire av nasjonalstaten sine kjenneteikn, som eige flagg, pengar, nasjonalsang, sa Toje.

– Den andre måten er at EU vil vere garantist for innbyggjarane sine menneskerettar. Men dette er jo rettar som nasjonalstatane allereie har innført for innbyggjarane.

– Vidare prøver EU å gjere ting enklare for innbyggjarane, som til dømes gjennom å sette tak på prisen for mobilbruk i andre EU-land. Den fjerde vegen er gjennom akademia. EU betalar for ein stor del av EU-forskinga, og forskarane har vorte dei fremste talspersonane for EU-prosjektet. Eg synest det er uheldig når forskningssubjektet betalar for forskinga. Det er uheldig at EU-forskarane endar opp som heiagjeng for EU, sa Toje.

– Om ein berre las EU-forskinga så ville ein aldri ha oppdaga at EU var i ferd med å frontkollidere med folkemeininga i medlemslanda.

– Ein femte måte EU forsøker å skape EU-borgarar er gjennom medbestemmelse i dei europeiske vala til EU-parlamentet. Resultata av denne strategien har late vente på seg. Det er veldig få som identifiserer seg som europearar.

Svært usikker framtid for EU

– Trass i manglande folkeleg oppslutning har EU berre pløgd på med meir integrasjon. Ein av dei sentrale måtane er gjennom rettslegsgjering av politikken. Ein av grunnane til brexit var at britane vil ut av skuggen til EU-domstolen, sa Toje.

– Vi ser tendensen til eit hardare ordskifte om EU. EU går ei svært usikker framtid i møte. Dei har vorte det store hatobjektet for ei stor og veksande gruppe parti.

– EU har framtvinga ein føderasjon utan å ha fått veljarane si godkjenning til det og dei har gjeve viktige postar til ideologiske føderalistar. EU har vore treige med å innsjå at euroen skapte eurokrisa. EU har lagt til rette for massemigrasjon til område som er i økonomisk krise. Det er klart at det skaper konflikt.

Vil ha EØS-utgreiing

Asle Toje meiner Storbritannia si avgjerd om å gå ut av EU gjer det naudsynt å sjå på EØS-avtalen.

– Noreg bør greie ut korleis brexit påverkar EØS. Så langt er det ikkje semje på Stortinget om å gjere noko med det, sa han.

– Eg er ikkje nødvendigvis for å erstatte EØS med noko anna, men eg vil ha fakta på bordet, og det har vi ikkje no.

Ingeborg Eliassen, Michael Gold og Asle Toje på Nei2017.
© Eivind Formoe
Asle Toje
© Eivind Formoe
Ingeborg Eliassen
© Eivind Formoe
Michael Gold
© Eivind Formoe

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook