Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nei til EU får FN-obse...

Nei til EU får FN-observatør

Helle Hagenau blir FOKUS sin observatør i den offisielle norske delegasjonen til generalforsamlinga i FN i haust. Ho var nominert av Kvinneutvalet i Nei til EU.

Hagenau er medlem av Nei til EU sitt kvinneutval, leiar av internasjonalt utval og har i ei årrekkje vore engasjert i Nei til EU, både som tillitsvalt og tilsett, mellom anna som generalsekretær. Ho har også hatt fleire stillingar i EU-parlamentet, til dømes som visegeneralsekretær for Europe of nations og som EU-utvidingsspesialist for EDD Group.

- Nei til EU gratulerer! Det er tydeleg at vi er ein organisasjon der medlemmane utmerkar seg på internasjonalt engasjement og kunnskap. Og så er det flott at aktive og dyktige kvinner blir verdsett her til lands, understrekar leiaren i Nei til EU, Heming Olaussen.

FOKUS er eit samarbeidsorgan for 72 kvinneorganisasjonar og utval i Noreg og det internasjonale engasjementet deira. Kvinneutvalet i Nei til EU er tilslutta.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook