Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nei til EU feirer folk...

Om Nei til EU

Ditt fylke

Deltakarane på seminaret på Eidsvoll 26. april 2014.

Nei til EU feirer folkestyret på Eidsvoll

I dag har Nei til EU feira folkestyret med eit fullteikna seminar på staden der grunnlova vart laga for 200 år sidan. Dei 100 møtedeltakarane fekk omvising i Eidsvollbygninga og debatterte folkestyre, grunnlova og EØS. 

I bolken "Folkestyre og EØS" diskuterte seminaret spørsmåla "Kva veit vi om norsk EØS-motstand – i 1992 og i dag? Kva kan utløyse ein aktiv motstand?". Nei til EU vedtok på sist landsmøte at vi skal arbeide for ei folkerøysting om EØS, og vilkåra for ei slik folkerøysting var eit viktig tema for debatt.

Desse spørsmåla vil også bli teke opp på Nei til EUs rådsmøte i morgon på Rica Hotell Gardermoen. Rådsmøtet vil også debattere to strateginotat: "Arbeidsnotat 1/2014: Folkeavstemning om EØS-avtalen", og "Arbeidsnotat 2/2014: En strategi for å få sagt opp EØS-avtalen og erstattet den med en (moderne) handelsavtale". 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook