Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nei til EU gratulerer...

Nei til EU gratulerer Norsk Bonde- og Småbrukarlag med hundreårsjubileet

Tenk om sånne som oss hadde styrt landet! Då hadde ting sett annleis ut. Norsk Bonde- og Småbrukarlag, denne trassige hundreåringen, blei skipa medan Noreg var ein ung stat. Dette har sett varige spor i organisasjonen: Kampen for det nasjonale sjølvstendet har vore mellom dei heilt sentrale spørsmåla dei siste hundre åra. 

Vi styrer ikkje landet. Men vi gjer det når vi må. 25. september 1972 var det ikkje Bratteli som styrte landet. 28. november 1994 var det ikkje Gro, eller Kåre, som styrte landet. Det var de. Det var vi. Det norske folkefleirtalet er ein stor takk skuldig til småbrukarane. De stod i front for å sikre eit norske nei til EU. Senterpartistar yndar å seie at vettet er jamt fordelt her til lands. Det kan eg statistisk bevise at ikkje stemmer: I min eigen heimkommune, Oslo, røysta 66 % for norsk EU-medlemskap. Heldigvis var det langt sterkare innslag av sunt bondevett i resten av landet; her i Gudbrandsdalsdalen låg tala opp mot 80 prosent nei. I vakre Flakstad i Lofoten slo dei til med 93,7. 93,7 prosent – det må vere det nærmaste du kjem destillert folkestyre.

Småbrukarlaget som organisasjon, og sikkert mange av dykk her i salen, skal ha stor takk for at vi som er unge kan overta eit samfunn der vår stemme har mykje å seie. Det sporer til ansvar, ikkje minst rett før eit val.

Ein viss herr Lundteigen har slått fast at ”landet skal styrast av kvinner og menn som står opp om morran”. Ja-folka sov for lenge i 1972 og 1994. Eg er trygg på at Småbrukarlaget vil sørgje for at det er nei-sida som vaknar fyrst òg ved neste EU-kamp.

Eg høyrer at de har byrja samle på Groven-måleri. Ettersom vi i Nei til EU har vårt eige, ville vi gjerne gje dykk eit signert trykk av Rolf Grovens ”Sorrya Euroria”.

Til slutt: Eg veit at Merete Furuberg er glad i dikt. Derfor vil eg avslutte med eit dikt eg meiner høver godt under hundreårsfeiringa til Småbrukarlaget:, nemleg Mange års røynsle med pil og boge av Olav H. Hauge:

Det er den svarte prikken

midt i skiva du skal treffa,

nett den, der

skal pili stå og dirra!

Men nett der treffer du ikkje.

Du er nær, nærare,

nei, ikkje nær nok.

So lyt du gå og plukka opp pilene,

gå tilbake, prøva på nytt.

Den svarte prikken tergar deg.

Til du forstår pili

som stend der og dirra:

Her er og eit midpunkt.

Helsinga vart halden av Jens Kihl frå NtEUs arbeidsutval på NBS sitt landsmøte 24. august 2013

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook