Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – Nei til EU kan stole...

– Nei til EU kan stole på at de har Bondelaget i ryggen.

– Gratulerer med 20-årsjubileet. Nei-fleirtalet i 1994 var ei viktig hending som står seg like godt i dag. Nei til EU er ei framleis ei klar stemme i samfunnsdebatten, og det gjev oss grunn til å gratulere, sa Lars Petter Bartnes, leiar i Noregs Bondelag, då han helsa landsmøtet i Nei til EU.

– Landbruket var viktige støttespelarar for neisida, både i 1972 og 1994 og Bondelaget sine medlemer var aktivt med på EU-kampen. Gjennom nei-fleirtalet i folket fekk vi høve til å halde på ein eigen landbrukspolitikk.

– Det at folket sa nei i 1994 og at vi har 70 prosent neifleirtal i 2014 må abslutt reflekterast i regjeringa sine forhandlingar med EU om handel med landbruksvarer.

– EØS-avtalen er utfordrande for landbruket og distrikta. Bondelaget er opptekne av at det vert utvikla alternativ til EØS som folket kan tru på. Det er også nødvendig for å vinne kampen mot EØS-avtalen.

– Eg kan ikkje få understreka nok kor viktig det er å halde på den breie nei-alliansen. Nei til EU må vere klar for å ta debatten, og difor er det avgjerande at vi held nei-alliansen samla. Nei til EU kan stole på at de har Bondelaget i ryggen. Lukke til i det viktige arbeidet for folket, sa Lars Petter Bartnes.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook