Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nei til EU utfordrar d...

Nei til EU utfordrar den nye forskingsministeren:

Uttalelse frå rådet i Nei til EU 27.-28.10.07:

Det trengst raske tiltak for å sikra fleire kvinner i høgare vitskaplege stillingar

Nei til EU ser positivt på at Norsk Studentunion og Universitetet i Oslo har tatt opp att spørsmålet om å øyremerka vitskaplege stillingar ved universiteta for kvinner, og utfordrar den nye ministeren for forsking og høgare utdanning til raskt å ta tak i denne saka, og sørgja for at effektive likestillingstiltak raskt blir sette i verk.

I 2003 fastslo EFTA-domstolen at norske universitet handla i strid med EU sine krav til likebehandling når dei utlyste høgare vitskaplege stillingar øyremerka for kvinner. Mange tykte det var svært urimeleg at EØS-avtalen i det heile skulle ha noko å seia for korleis stillingar skulle utlysast ved norske universitet. Og det vart opplevt som ekstra urimeleg at ein mann med sin klage kunne utløysa ein prosess som førte til ein dom i EFTA-domstolen, der eit norsk likestillingstiltak vart dømd ulovleg ut frå EU sine likebehandlingsreglar.

I tida som har gått etterpå har det vist seg at det i høg grad trengst særtiltak for å styrkja rekrutteringa av kvinner til høgare vitskaplege stillingar. Sjølv om det på mange område er kvinnefleirtal blant studentane, var det i 2006 framleis berre 17 prosent kvinner blant professorane.

Etter at EFTA-domstolen avgjorde øyremerkingssaka i 2003, har FNs konvensjon mot diskriminering av kvinner (kvinnekonvensjonen) blitt inkorporert både i norsk lov og i EU sine rammedirektiv for likestilling. Kvinnekonvensjonen opnar for positiv særbehandling når det blir gjort for å oppnå likestilling mellom kvinner og menn. Dermed skulle formelle hindringar vera rydda unna.

Nei til EU stør NSU og Universitetet i Oslo i deira arbeid mot EU-reglene og for å betre balansen mellom kjønna ved å bruka øyremerka stillingar

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook