Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nei til EUs kandidatun...
Olaf Gjedrem
© Eivind Formoe

Nei til EUs kandidatundersøking viser framgang for EU- og EØS-motstanden

Nei til EUs kandidatundersøking for 2017 viser at det nye Stortinget vil ha fleirtal av EU-motstandarar, EØS-tilhengarane vert dramatisk færre og fleire vil bruke veto-retten.

Nei til EU har spurt 417 stortingskandidatar seks EU- og EØS-relaterte spørsmål. Alle svara, fordelt på parti og fylke kan de finne i databasen på nettsidene.

http://apps.neitileu.no/valg2017/

Dersom vi legg dagens mandatfordeling til grunn så får vi følgende ut av svara, samanlikna med kva dagens stortingsrepresentantar svarte i kandidatundersøkinga i 2013.

– Det nye Stortinget vil ha eit fleirtal av EU-motstandarar. 73 seier nei til EU-medlemskap, 38 seier dei ønskjer medlemskap i EU. 58 har ikkje teke standpunkt. Dette betyr at Stortinget vert meir på linje med folket, som gjennom meiningsmålingar i 13 år har sagt at medlemskap er ikkje aktuelt for Noreg, seier Olaf Gjedrem, fungerande leiar i Nei til EU.

– EØS-tilhengarane på Stortinget vert dramatisk redusert frå 123 representanter i denne perioden til 69 i det nye Stortinget, basert på Stortinget si noverande mandatfordeling. EØS-motstandarane vil auke frå 23 til 29 representantane. Det vil seia at  EØS-tilhengarane er mest halverte, medan det er ein liten auke av motstandarar.

– Når det gjeld vilje til å bruka vetoretten i EØS-avtalen, var det i 2013 52 som ville det, medan det i undersøkinga no i 2017 er 75 som svaret at dei vil bruke reservarsjonsretten aktivt. I 2013 var det 65 som ikkje ville nytta vetoretten, medan det i år berre er 27 representantar som seier det same.

– Dette er gode tal for Nei til EU. I tillegg er det fleire som er i tvil om kva dei skal meina. Dette betyr at neisida vinn større forståing og støtte for våre synspunkt og konklusjoner. Dette er ei viktig og rett utvikling, seier Olaf Gjedrem.

Ja eller nei til EU?
© Nei til EU
Et betydelig flertall er imot folkeavstemning om EØS-avtalen.
© Nei til EU
Handelsavtale eller EØS?
© Nei til EU
Et stort flertall sier at de vil bruke vetoretten mer aktivt.
© Nei til EU
En av tre ikke vil svare eller sier at de ikke vet hva de mener om å bruke veto mot Jernbanepakke IV.
© Nei til EU
En stor overvekt svarer at de ikke vil avgi suverenitet på energisektoren. Men urovekkende mange er i tvil.
© Nei til EU
Kandidater fra noen partier skiller seg klart ut i ønsket om en handelsavtale framfor EØS.
© Nei til EU
Påfallende mange blant Arbeiderpartiets kandidater vil ikke svare på om de er for eller imot norsk EU-medlemskap.
© Nei til EU
FrP er utydelige når det gjelder folkeavstemning om EØS.
© Nei til EU
Bare hver fjerde av Arbeiderpartiets kandidater svarer klart ja til å bruke reservasjonsretten mot jernbanepakke IV.
© Nei til EU

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook