Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – Neiet skal respekterast
© Birte Uhre

Aktivistar på stand. Lave Broch til venstre. Ja-sida hadde overtaket i media, men Folkebevægelsen stod på stand. Viktigast for utfallet var det truleg at danskane har fått meir enn nok av EU.

– Neiet skal respekterast

– Demokratiet sigra i Danmark. Det var heilt fantastisk at det vart eit nei til avskaffing av justisunntaket i folkerøystinga 3. desember, seier Lave Broch. Artikkel frå Standpunkt 1-2016. 

Lave var kampanjekoordinator for Folkebevægelsen mod EU. No gler han seg over det gode resultatet.

– Vi vann trass i ei massiv skremmekampanje frå ja-sida, og trass i at vi på nei-sida hadde færre ressursar. Vi hadde også dårlegare resultat i meiningsmålingane då datoen for folkerøystinga vart sett, seier Lave Broch.

– Kampanjen vår gjekk difor i motbakke frå første sekund, men vi lukkast. Vi lukkast berre fordi vi kjempa tverrpolitisk for eit nei. Ein stor takk til alle som gjorde ein innsats!

Vil ha alternativ til EU

Lave Broch seier at Folkebevægelsen mod EU ikkje vart invitert då statsminister Lars Løkke Rasmussen hadde møte med partia på Folketinget.

– Folkebevægelsen mod EU har oppmoda regjeringa til å lære av nei-fleirtalet ved å involvere folket meir. Vi vil ha folkerøystingar om alle nye traktatendringar og om EUs bankunion, som vi reknar med at ja-partia vil forsøke å få Danmark med i. Danmark bør også følgje aktiv med i utviklinga i Storbritannia. Det er på tide at vi får ein folkeleg debatt om alternativ til Danmark si EU-tilknyting, seier han.

– Ta kontakt med EFTA-landa

– Eg vil oppmode den danske regjeringa til å snarast ta kontakt med regjeringane i Noreg, Island, Sveits og Liechtenstein. Det vil optimalt om Danmark kan få til eit fleksibelt samarbeid med dei fire EFTA-landa om justispolitiske spørsmål, seier Lave Broch.

– Vi kan til dømes saman føreslå eit effektivt politisamarbeid med EU om Europol, samstundes som at demokratiet vert sikra dei beste vilkår og vi garanterer rettstryggleiken til borgarane i landa våre.

– Med neiet den 3. desember er det slått fast med sjutomspikar at dei danske EU-unntaka står fast. No er det på tide at vi brukar den fridomen og sjølvstendet vi har på justisområdet til å ivareta danske interesser maksimalt i internasjonale samanhengar. Det danske nei til EUs overstatlege justispolitikk skal respekterast.

Nei til EU gratulerer

Nei til EU gratulerer det danske folket og nei-rørsla med sigeren i folkerøystinga.

– Demokratiet sigra trass i skremsler. Den danske ja-siden hevda at det ikkje fanst reelle alternativ til å røyste ja i folkerøystinga. Resultatet viser at det danske folket ikkje let seg skremme, seier Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU.

– Vi opplever at dette er eit steg i retning av den norske modellen, som viser at det går an å ha eit samarbeid land til land utan å vere underordna EU på alle område, seier Kathrine Kleveland, og held fram:

– Noreg har i dag eit praktisk, godt fungerande samarbeid med Europol, og dette vil vere eit naturleg alternativ for Danmark.

Danske unntak

Justisunntaket fekk Danmark etter at danskane røysta nei til Maastricht-traktaten i 1992. Det medfører at Danmark kan delta i mellomstatleg justissamarbeid, men ikkje kan underleggast EUs overstatlege justispolitikk.

Eit fleirtal i Folketinget ville avskaffe det danske justisunntaket i EU og få Danmark med i delar av EUs overstatlege justispolitikk. EU ville fått overstatleg makt i Danmark over strafferett, overvaking og registrering av borgarane, utlevering av borgarar til andre land, samt terrorlovene. I mellomstatleg samarbeid har Danmark vetorett, men i overstatleg politikk er det fleirtalet i EU som avgjer. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook