Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / NHO-rapport dokumenter...

NHO-rapport dokumenterer eit meir aktivt ESA

Mandag 8. April vart rapporten "ESA - meir katolsk enn paven?" lagt fram på eit NHO-seminar. Rapporten syner at talet på konfliktsaker mellom Noreg og overvakingsorganet aukar, og at verkeområdet for avtalen stadig vert utvida.

– 3 av 4 saker som ESA arbeider med er saker som ESA tek opp på eige initiativ, og andelen er aukande. Dette syner eit ESA som er svært så aktivt og som tydelegvis har for lite å gjere, seier leiar i Nei til EU Sigbjørn Gjelsvik.
Forskarane har ikkje samanlikna direkte korleis ESA og EU-kommisjonen handterer enkeltsaker, og rapporten gjev såleis ikkje grunnlag for å konkludere på kven som er mest rigid og regelbunden i si overvaking. Derimot er rapporten klar på at både ESA og EU-kommisjonen grip inn på stadig nye område, og at denne utviklinga vil verte forsterka i åra som kjem. Dette vert også stadfesta av ESA-president Einar Bull.

Tidlegare var hovudfokus knytt til kravet om ikkje-diskriminering på grunnlag av nasjonalitet. I dag er fokus dreidd over mot ein kvar form for restriksjon på den frie flyten av varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Ferske døme på dette er striden kring heimfallsretten, ervervslova og kjønnskvotering ved universiteta.
- For overvakarane av den indre marknaden held det ikkje lenger å angripe ordningar som forskjellsbehandlar verksemder og borgarar frå ulike land. Utviklinga går i retning av at ei kvar hindring for den frie flyten skal stemplast som ulovleg, seier Gjelsvik.
Overvakarane si nytolking gjer EØS-avtalen stadig meir vidfemnande og utfordrar i stadig større grad det eit klart politisk fleirtal i Noreg fram til no har oppfatta som område der vi har nasjonalt sjølvstende.

– Det er no på høg tid at norske politikarar legg ein nasjonal strategi for korleis Noreg kan oppretthalde nasjonal handlefridom på viktige områder som ressursforvaltning, alkoholpolitikk, likestillingspolitikk, kulturpolitikk, distriktspolitikk og nasjonalt eigarskap, avsluttar Gjelsvik.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook