Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Noreg må trekke seg fr...
Kathrine Kleveland holder landsmøtetalen i Svolvær 2015
© Eivind Formoe

Noreg må trekke seg frå TISA-forhandlingane

– Landsmøtet i Nei til EU vil at Noreg skal trekke seg frå forhandlingane om ein TISA-avtale, seier Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU. Artikkel frå Standpunkt 1-2016. 

Noreg er med på å forhandle fram ein internasjonal handelsavtale som gjeld tenester, TISA (Trade In Services Agreement). TISA-landa utgjer 70 prosent av verdshandelen med tenester.

– Den norske modellen for velferd byggjer på gode offentlege tenester innfor helsesektoren, utdanningssektoren, postsektoren og mange andre sektorar. Ein TISA-avtale kan resultere i eit svakare offentleg tenestetilbod på mange område – spesielt ut i frå at regjeringa ønskjer meir konkurranse om offentlege tenester, seier Kathrine Kleveland.

Skjerpar TISA-motstanden

Nei til EU har vore kritisk til TISA ut frå det som har vore kjent frå forhandlingane. Men landsmøtet i Svolvær i november tok motstanden eit steg lenger og krev no i fråsegna «TTIP og TISA trugar norsk velferd og demokrati», at Noreg skal trekke seg frå forhandlingane.

– Nei til EU meiner at det som så langt er kjent om TISA viser at avtalen gir multinasjonale selskap store privilegium i høve til nasjonale verksemder, seier Kathrine Kleveland.

– Domstolar som står over norsk rett vil med denne avtalen kunne dømme Noreg til å betale store summar til multinasjonale selskap, dersom vi til dømes vedtek miljø- og helsekrav, som hindrar dei i å gjennomføre planar som kunne gje dei økonomisk profitt.

Frys og skralle

Gjennom lekkasjar har det vorte kjent at avtalen inneheld to klausular som krev særskild merksemd. Desse har ein på norsk valt å kalle frys og skralle. Frys medfører at alt som ikkje er teke unntak for når avtalen ligg føre, i framtida kan privatiserast. Noverande grad av liberalisering blir bunden, og nye reguleringar eller restriksjonar kan ikkje innførast i framtida.

Ei skralle er eit instrument som er utforma for å tillate rørsle i berre éi retning. Slik er det også med skralleprinsippet i TISA-avtalen. Er ei teneste først privatisert, kan ho ikkje ved eit seinare høve tilbakeførast til offentleg eigedom. Når ei regjering lettar på restriksjonane overfor utanlandske firma, tenester eller produkt, så blir desse endringane automatisk låste og kan ikkje reverserast.

Konsern saksøker statar

Desse to avtalane, TTIP og TISA, er som skreddarsydde for multinasjonal storkapital.

– Mektige konsern vil få ei hand på rattet når det gjeld samfunnsutvikling. Dersom dei folkevalde gjer vedtak som kan føre til tap av framtidig profitt for selskapa, kan dei store konserna saksøkje staten.  Dette ved hjelp av ein mekanisme dei kallar ISDS (Investor – State Dispute Settlement), på norsk Investor – stat tvisteløysing, seier Kathrine Kleveland.

– Denne mekanismen set til sides alle vanlege måtar å løyse tvistar på her i landet. Ein har døme på at multinasjonale selskap har saksøkt statar som har innført lover om minsteløn, regelverk til vern om miljøet, krav om helseopplysingsmerking på røykpakkar (Philip Morris), vedtak om utfasing av atomkraft, med meir.

Arbeidstakarar og forbrukarar

I Noreg har vi utvikla sterke arbeidstakar- og forbrukarrettar. Dessutan har vi til dømes sterke reguleringar og standardar innan helse- og miljøsektoren.

– Nei til EU er uroa for at ein del av standardane og rettane kan bli svekkja fordi dei kan bli vurdert som handelshindringar. Verknadane for kvinner sine arbeidsplasser og moglegheiter for å ta lønna arbeid som ein kan leve av, vil bli dramatisk.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook