Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Noreg trassa EU og hin...

Noreg trassa EU og hindra katastrofe

Frivillege organisasjoner frå heile verda rosar i desse dagar Noreg for ei uredd og standhaftige opptreden under FN-toppmøtet om bærekraftig utvikling i Johannesburg. Denne rolla kunne Noreg ikkje ha spela dersom vi hadde vore medlem av EU.

Dagbladet skildrar 02.09 dragkampen som fann stad under forhandlingene i Johannesburg. Australia hadde lagt på bordet forslag om at miljø- og
fattigdomsbekjemping skulle underordnas globale handelsreglar. Dette ville betydd eit stort tilbakesteg for dei krefter som ynskjer ein meir rettferdig verdshandel. Miljøorganisasjonar frå heile verda truga med å reise heim frå møtet i protest.

Noreg stod lenga åleine om å avvise Australia sitt framlegg. Etterkvart
slutta Sveits, Canada og Ungarn seg til Noreg. På motsett side stod USA, Australia, u-landsgruppa G-77 - og EU. Etter timelange forhandlingar hadde Noreg innkassert ein siger det i følge Dagbladet "knapt finnes maken til" i FN-sammenheng. Hjernen bak seieren, utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson forklarer EUs snuoperasjonen med at "vi hadde nok mange skaptilhengere i EU" (NTB 02.09).

EU talte med ei stemme i Johannesburg, og ingen EU-land kunne derfor "komme ut av skapet" før heile EU til slutt snudde. Noreg kunne saman med andre "utanforland" spele ei rolle som EU-landa ikkje kunne. Som ansvarlege statsrådar under forhandlingene fortener Hilde Frafjord Johnson og miljøvernminister Børge Brende all mogeleg ros. Samstundes kan ja-mannen Brende takke det norske "utanforskap" som muliggjorde den norske strategi.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook