Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nyhetsbrev fisk 03-2006

Nyhetsbrev fisk 03-2006

Folk bytter fra kylling til fisk i redsel for fugleinfluensa. Les mer i månedens nyhetsbrev fra fiskeriutvalget.

Mars-nytt om fisk, Noreg og EU

frå Einar Jetne, sekretær i fiskeriutvalget 16.03.06

Ressurs, marknad, miljø og fortid

”Du Torsk maae vel kaldes vor Næring og Brug,
Du skaffer fra Bergen saa mangen tønd’ Rug, ….
Skuld’ Torsken os feyle, hva havde vi da,
Hvad skulle vi føre til Bergen herfra?
Da seyled’ vist Jægterne tomme.
Hva have vi andet, her bygger og boer,
End søge vor Føde med Angel og Snor
Og pløye de Bølger hin gromme?
Og skulle du HErre forkorte din Hand,
At stænge Skrei-Torsken og Fisken fra Land,
Da lagdes vi hastelig øede,
Vi har ey at lide på Most eller Viin, ….
Her findes ey Druer at plukke;
Ney! Fisken i Vandet, det er vores Brød,
Og miste vi hannem, da lide vi Nød…”

(Petter Dass: ”Nordlands Trompet, 1700)

Skreien

Det tradisjonelle Lofotfisket er i gang. Lototoppsynet vart sett 6. mars. Det blir tatt gode fangstar på alle slags bruk vest i Lofoten. I 1933 deltok far min saman med 32.000 andre i Lofotfisket. Talet på fiskarar i Lofoten er mykje lågare enn for 70 år sidan. Men fisken er den same – skreien på vandring frå matfatet i Barentshavet til ”barselsenga” ved kysten, mest i Lofoten, men også som eit slør frå Senja til Møre.

I all historisk tid finn vi spor etter Lofotfisket. Kong Øystein bygde rorbuer i Vågan. Nye arkeologiske utgravingar frå Vågar (nær Kabelvåg) viser at kvinnene sprada i siste skomote frå Napoli. Tørrfisken frå Lofoten må ha funne vegen til Italia for meir enn 800 år sidan!

Var det tiende på skreien som gjorde det muleg å bygge Nidarosdomen?

I verdi veg torsken mest i norsk fiske – og Noreg er blant verdas 10 største fiskerinasjonar. I 2005 vart det frå norske fartøy ført på land torsk til ein førstehandsverdi av ca 3 milliardar kroner. Etter torsken i verdi kom silda. Det er ikkje rart at vestlandsfiskarane vil ha petroleumsfrie soner der silda tradisjonelt har gytt utafor Møre, mens folk i nord vil ha det same utafor Lofoten og Vesterålen.

Fiskarmanntalet

Fiske er vorte ei ”lukka” næring. Og Fiskeridirektoratet fører fiskarmanntal, oversikt over folk som har fiske som hovudyrke og fiske som attåtyrke, fordelt på kommunar og fylke. Største fiskerifylket er Nordland med 3.016 registrerte hovudyrkefiskarar i 2005. På andreplass blant fylka kom Møre og Romsdal med 2.591, deretter Troms med 1.622 og Finnmark med 1.099. I alt var det registrert 11.752 hovudyrkefiskarar i landet. I så godt som alle kystkommunar er det registrert fiskarar – og i ein del innlandskommunar også. Fylket med færrast hovudyrkefiskarar er ikkje uventa Oppland, men til og med der var det 12 hovudyrkefiskarar!

Dei største fiskerikommunane i landet er Tromsø (532), Herøy i Møre og Romsdal (409), Vestvågøy (385), Øksnes (328) og Ålesund (312).

Attåtyrkefiskarane fordeler seg litt annleis. Flest manntalsførte finn vi i 2005 i Troms (599), hårfint framfor Nordland (595), Finnmark (388) og Møre og Romsdal (348). I landet var det i alt registrertt 2.994 attåtyrkefiskarar.

Samla tal på registrerte fiskarar var 14.746. Desse har pengeinntekt frå fiske. Men fisken var – og er – både ei kjelde til mat for hushalda ved kysten, for pengeinntekter og for lokalsamfunnsøkonomi i vidare forstand: transport, tilverking, foredling og sal. Fritidsfiske med sikte på eige matauk og til hjelp for naboar er ikkje registrert, men det er viktig i mange kystbygder, blant anna der eg bur!

”Sporbar” torsk

Store varehuskjeder, særleg i Storbritannia, er i samarbeid med miljørørsla i ferd med å skape eit system for merking av fiskeprodukt. Fiskeprodukta får eit ”MSC” - sertifikat frå Marine Stewardship Council. Dette sertifikatet dokumenterer opphav (kor fisken vart fanga), tilstanden til ressursen i dette fangstområdet og fangstmetoden (for eksempel linefanga torsk frå Barentshavet).

Fugleinfluensaen

Lakseeksporten frå Noreg går volummessig til himmels. Det gjer også lakseprisane – og på børsen flyg lakseaksjane til vers.

Dagleg leiar i det største lakseimportfirmaet i Frankrike, Phillip Barbe, seier til IntraFish at han har registrert dei første teikna på eit skifte frå kylling til laks, knytt til redsla for fugleinfluensa.

Som eksempel fortel han at importen i førre veke var 50 % eller 1.500 tonn høgare enn i same veke i 2005. Etter årsskiftet har lakeimporten i Frankrike auka med 30 %.

Le Figaro viser til det franske forskingsinstituttet Credoc når bladet hevdar at meir velståande franske konsumentar vil skifte vanar over mot fisk og dyrare slag lyst kjøt viss det kjem eit større utbrot av fugleinfluensa.

For få dagar sidan melde Eksportutvalet for fisk at det i januar og februar i år vart eksportert sjømat for 5,2 milliardar kroner. Dette er 300 millionar kroner eller 6 % opp i forhold til same periode i 2005.

Ikkje minst er det EU som aukar importen av norsk sjømat i år, så langt. Særleg er veksten stor til Frankrike med 14 % (dette gjeld all slag fisk, ikkje berre laks), men han er også sterk til land som Storbritannia og Polen.

Andre marknader med sterk vekst i sjømatimport frå Noreg er USA (67 % opp). I USA gjeld dette både fersk og frosen laksefilet, men også produkt av andre fiskeslag.

Eksporten av sei har auka kraftig både i volum (30 %) og i verdi (70 %). Her er marknaden framfor alt Brasil.

Lakseeventyret

Statistisk sentralbyrå offentleggjorde nyleg tal for eksport av laks. Volumet har auka frå 5.955 tonn fersk laks i veke 1 til 8.359 tonn i veke 9. Veke 10 var første veka med ein liten tilbakegang i volum, helst på grunn av mangel på fisk.

Prisane har auka frå kr 25,96 i veke 1 til kr 29,78 i veke 10. I fjor var gjennomsnittleg produksjonskostnad kr 18,50 per kilo. Fortenesta til oppdrettsselskapa er eventyrleg.

Fredriksen ”shoppar” aksjar

Marine Harvest var verdas største laksekonsern. Eigarane var nederlandske Nutreco (som i si tid kjøpte norske Hydro Seafood) og norske Stolt-Nielsen. Nutreco eig ein av Noregs største laksefôrprodusentar: Skretting.

Den 7. mars 2006 melde Fiskeribladet at skipsreiar John Fredriksen (Geveran Trading) hadde kjøpt Marine Harvest og betalt 1,175 milliardar Euro eller 9,6 milliardar kroner – kontant.

Frå før kontrollerte Fredriksen Pan Fish, og langt på veg også Fjord Seafood.

Fiskeribladet skreiv: ”Hvis Fjord Seafood legges til de to andre selskapene der John Fredriksen er største eier, framstår en enhet som til sammen kontrollerer 26 prosent av den globale produksjonen av atlantisk laks, stillehavslaks og ørret. Samlet produksjon i dette systemet i fjor var 429 millioner kilo. De tre selskapene slaktet i Norge i fjor 178 millioner kilo laks. Det tilsvarer 28 prosent av den norske produksjonen. I Skottland har denne konstellasjonen 53 prosent av produksjonen, mens det i Chile er snakk om ”bare” 20 prosent.”

Same dag skreiv IntraFish: ”Marine Harvest har i mange år vært den største lakseprodusenten i Chile. Men lederskapet ble i fjor overtatt av det nasjonalt eide AquaChile.
Et norskeid selskap blir nå ett av Chiles to største. I tillegg har IntraFish grunn til å tro at Fredriksen vurderer å kjøpe også AquaChile som er til salgs.”

I 2005 var samla norsk lakseoppdrett på knappe 600.000 tonn, mens lakseoppdrettet i Chile var på rundt 400.000 tonn. Fredriksen kjem til å kontrollere knappe 40 % av verdsproduksjonen av laks.

Det er vanskeleg å følgje med, men Pan Fish (som Fredriksen kontrollerer) ser ut til å ha kjøpt Marine Harvest. Selskapet kontrollerer dermed 22 % av alle norske oppdrettskonsesjonar. Dette skaper hovudbry for regjeringa som har innført ei øvre grense på 25 % kombinert med ei ”bremsegrense” på 15 %. Selskap som vil eige meir enn 15 % (men mindre enn 25 %) må søke og få løyve av Fiskeridepartementet.

Norsk høgreside (Frp og H) hylla ”heimkjøpet” av ”Hydro Seafood”. Men Fredriksen har finansiert kjøpet gjennom nyemittering av Pan-aksjar og IntraFish skreiv 9. mars:

”For patriotene som jubler over at Fredriksen flagger gamle Hydro Seafood hjem til Norge, er det bare å beklage. Pan Fish er ikke et norskeid selskap. Den store majoriteten av aksjene er på utenlandske hender.

Kanskje kan vi ikkje stort lenger snakke om norsk eller chilensk lakseoppdrettsnæring. Små nasjonalstatar blir lett nikkedokker i dansen rundt multinasjonale konsern.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook