Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nyhetsbrev fisk 04-2006

Nyhetsbrev fisk 04-2006

April-nytt om fisk, Noreg og EU

frå Einar Jetne, sekretær i fiskeriutvalet i Nei til EU – 18.04.06

Laksekasinoet

Havbrukskapitalen (eller havbruksnæringa som ”han” kallar seg sjølv) eksporterer og haustar overskot som aldri før. 12. april offentleggjorde IntraFish ein oversikt over dei mest lønsame sjømatselskapa i Europa. Fjord Seafood og Cermaq toppa lista med ”resultatmarginar” på 15,4 % og 12,3 %. Resultatmargin er netto overskot i prosent av omsetninga. Det er ikkje rart den ”norske” mangemilliardæren John Fredriksen (som bur i London for å sleppe skatt til Noreg) hamstra lakseaksjar i vinter!

Via selskapet Pan Fish, som kjøpte Marin Harvest, ”kontrollerer” Fredriksen verdas største laksekonsern. I tillegg er han tungt inne på eigarsida i Fjord Seafood, slik at han kontrollerer rundt ¼ av norsk laksenæring – og kanskje ein tilsvarande del av chilensk laksenæring, og like mykje av den globale produksjonen av atlantisk laks. Reelt er kontrollen til Fredriksen endå større.

I dette ”kasinoet” er ikkje Fredriksen einast gamblaren. 12. april skreiv IntraFish: ”Det amerikanske investeringsfondet Franklin Resources har kjøpt seg opp til over ti prosent av Pan Fish. Franklin nærmer seg John Fredriksen som største eier i Pan.”

Lakseboomen

Det er ikkje alltid lett å gripe forholdet mellom årsak og verknad i marknaden. Både pris og volum stig i laksemarknaden. Og det gjeld ikkje minst i EU. IntraFish skriv i dag: ”Allerede i uke 15 var 150.000 tonn laks (rund vekt) blitt solgt ut av Norge. Det er to uker raskere enn hva tilfellet var i 2005, og aldri før har Norge omsatt sin oppdrettslaks så raskt som i 2006. Siste uke før påske ble det alene eksportert godt over 12.000 tonn til et marked preget av ferskfisk-kjøpere.”

Frankrike, som frå før var den største importøren av fersk laks, har størst vekst – trass i aukande prisar. I veke 15 melde Statistisk sentralbyrå at lakseeksporten til Frankrike låg 34,9 % over volumet til same tid i 2005.

Var det nokon som trudde at EU-medlemskap var ein føresetnad for ”markedsadgang”?

Sysselsettinga i laksenærina

Parallelt med at lakseoppdrettet veks i volum, omsetning og forteneste, går sysselsettinga i næringa ned. Statistisk sentralbyrå har publisert tal fram til og med 2004. I 1995 sysselsette næringa samla 4.616 personar. I 2004 var talet på sysselsette nede i 3.018 og i 2006 vil det helst ligge under 3.000. Samtidig kan eksportverdien kome til å ligge på mellom 15 og 20 milliardar kroner! - Eller 6-7 millionar kroner per sysselsett. Og for eigarane kan fortenesta per sysselsett kome opp i 1 million kroner i år viss prisleiet blir som det er i dag!

Dei fleste arbeidsplassane ligg i utkantdistrikt med sysselsettingsproblem, og arbeidsplassane er svært viktige for lokalsamfunna der anlegga hører heime. For mange har utviklinga dei siste åra vore negativ. Arbeidsplassar har vorte lagt ned. Slakteri og pakkeanlegg har vorte effektivisert og sentralisert – og ikkje minst har avstanden mellom tilsette og eigarar auka.

Dei tre største oppdrettsfylka – når det gjeld sysselsetting – var Hordaland med 594, Nordland 485 og Møre og Romsdal 413 – i 2003.

Fisk i verda og i EU

Målt i verdi er atlantisk laks eit av verdas viktigaste fiskeslag. Handelen med laks mellom statar står for 8-10 % av verdshandelen med fisk i det heile. Rundt 40 % av verdas lakseoppdrett skjer i Noreg.

Noreg er blant verdas største fangstnasjonar når det gjeld villfisk. Lista over dei 10 største fangstnasjonane, målt i millionar tonn fangst, såg slik ut i 2003 i følgje FAO:

Kina 16,76
Peru 6,09
USA 4,94
Indonesia 4,68
Japan 4,60
India 3,69
Chile 3,62
Russland 3,28
Thailand 2,82
Noreg 2,55

Globalt 90,22

Ikkje all fisk er like verdifull i marknaden – og ikkje all fisk høver like godt som mat for menneske. Det er all grunn til å tru at Noreg verdimessig (mengd multiplisert med gjennomsnittspris) rykker opp i tabellen. Andre store fiskerinasjonar konsumerer sjølve mykje av fangsten. Når det gjeld landa med større fiskefangst enn Noreg, har to av dei meir enn ein milliard innbyggarar, 4 har mellom 100 millionar og ein milliard innbyggarar og dei tre andre har til saman ca 110 millionar innbyggarar. Med 0,7 promille av verdas innbyggarar står Noreg for 28,3 promille av verdas fiskefangst, målt i tonn!

Til samanlikning har EU 7 % av verdas innbyggarar og står for omtrent 6 % av verdas fiskefangstar.

Folketalet i verda veks frå år til år, men fiskefangstane har det siste 10-året svinga mellom 88 og 95 millionar tonn i året – og det er liten grunn til å vente vekst.

Verdshandelen med fisk

Når det gjeld handelen med fisk mellom statar, er ikkje Noreg berre blant dei 10 største. I følgje FAO var vi tredje største fiskeeksportør i 2003. Dei største fiskeeksportørane, rekna i milliardar US $ var:

Kina 5,24
Thailand 3,91
Noreg 3,62
USA 3,40
Kanada 3,30
Danmark 3,21
Spania 2,23

Fleire av desse landa er i motsetning til Noreg også store fiskeimportørar. Lista over verdas største fiskeimportørar ser slik ut, også rekna i milliardar US $:

Japan 12,40
USA 11,66
Spania 4,90
Frankrike 3,77
Italia 3,56
Tyskland 2,64
Storbritannia 2,51
Kina 2,39
Danmark 2,08

USA, Spania, Kina og Danmark var også på lista over dei største eksportørane.

Brukar vi FAO si liste over eksportør- og importørland til å rekne ut netto fiskeeksport, blir dei største (netto) fiskeeksportørane (framleis rekna i milliardar US $):

Noreg 3,16
Kina 2,85
Thailand 2,83
Chile 2,06
Vietnam 2,05
Kanada 1,87
Indonesia 1,55
Island 1,51

EU og fisk

Etter FAO sin statistikk var EU sin samla fiskefangst i 2003 på like over 5,8 millionar tonn – eller vel det dobbelte av Noreg sin fangst.

I lista over dei 9 største fiskeimportørane i verda var det 6 EU-land.

Summerer vi over alle EU-land, blir sum import av fisk i 2003 ca 27 milliardar $. Samla import i verda var i følgje FAO ca 65 milliardar $. Men EU-landa eksporterte også fisk, sikkert mest til kvarandre. Sum eksport frå EU-land var på ca 15,5 milliardar $. Netto fiskeimport til EU var altså på ca 11,5 milliardar $ eller ca 75 milliardar kroner. Av dette kan mellom 15 og 20 milliardar vere dekt av import frå Noreg.

Konsumtrendane i Europa går stadig meir i retning fersk fisk. Overfor ein slik fiskemarknad er det ingen som har gunstigare posisjon i forhold til EU-marknaden enn Noreg. – Og det finst ikkje ”fare” for at EU kan gjere seg sjølvforsynt med fisk – utan å erobre tilgang til norske havområde og til norske oppdrettslokalitetar.

Ser vi bort frå intern handel mellom EU-land, blir verdas mellomstatlege handel med fisk på knappe 50 milliardar US $. Av dette kjøper årleg

Japan 12,4
USA 11,7
EU 11,5

Andre land kjøper til saman for under 15 milliardar US $.

”Lofotkvantumet i havn”

skreiv IntraFish den 7. april i det påskestoppen i fisket tok til.

Årets Lofotfiske var verken godt eller dårleg. For Aust-Lofoten var det dårleg. Skreien fann det for godt – i år som i fjor – å gyte lenger vest og nord, kanskje også lenger sør. Det vart meldt om godt fiske både for Vikna, på Helgeland og nord om Lofoten. I Lofoten fann det meste av skreifisket stad ved Røst og Værøy.

Kvantumet passerte 35.000 tonn ved inngangen til påska, omtrent 4 % mindre enn i fjor. Fiskarane fekk 10-12 % meir enn i fjor betalt per kilo, så for dei som lever av kroner og ikkje av fisk, vart resultatet bra. Førstehandsverdien for 35.000 tonn til ein snittpris på 22 kroner kiloet skulle bli rundt 770 millionar kroner.

Fiskeribladet skreiv 10. april at ”alt ligger til rette for et toppår for tørrfisken i Lofoten. Ideelle temperaturer så langt, og et hengekvantum noe under fjoråret, kan tyde på et godt år for de mange tørrfiskprodusentene i regionen.”

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook