Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Nyhetsbrev fisk 05-2006

Nyhetsbrev fisk 05-2006

Mai-nytt om fisk, Noreg og EU

frå Einar Jetne, sekretær i fiskeriutvalet i Nei til EU – 10.05.06

Turbo-kapitalisme

4. mai 2006 gav Fiskeri- og kystdepartementet Pan Fish lov til å eige inntil 25 % av ”nasjonal konsesjonsbiomasse”.

Alt før dette hadde verdas største tankreiar, ”norske” John Fredriksen, raida børsane i verda og sikra seg kontroll med både Marine Harvest (underbruk av nederlandske Nutreco, der blant anna Norsk Hydro si lakseverksemd alt før hadde hamna), Pan Fish og Fjord Seafood. Deretter kjøpte Pan Fish (som Fredriksen eigde) Marine Harvest frå Fredriksen. No er vegen open for at Pan Fish også kan kjøpe Fjord Seafood ”frå John Fredriksen”. Dermed vil ”morselskapet” Pan Fish kontrollere minst 20 % av verdas samla lakseoppdrett. Og selskapet blir verdas desidert største konsern innafor bransjen.

Ekstreme overskot

Same dagen, 4. mai, melde IntraFish om rekordresultat for Fjord Seafood i 1. kvartal 2006 med driftsresultat på over 15 millionar euro før verdijusteringar av biomasse. Fjord Seafood er mellom ”vinnarane” på Oslo Børs i år med ein oppgang på 88 % dei 4 siste månadane. I første kvartal var driftsinntektene på 30,4 millionar euro. Rundt halve inntekta er ”overskot”. Ikkje rart Fredriksen har ”shoppa” Fjord-aksjar!

Samtidig som konsernsjef Helge Midttun i Fjord Seafood presenterte resutata for 1. kvartal til pressa, sa han:

”Dette kan være siste gang det er meg som presenterer selskapets resultater.” Same dagen meldte John Fredriksens Pan Fish at selskapet no eigde 67 % av aksjane i Fjord, etter at dei dagen før hadde kjøpt 3,26 millionar aksjar i selskapet!

Kven eig Pan Fish?

Den same 4. mai melde avisa Fiskaren at Fredriksen eig Pan-aksjar for 3,8 milliardar kroner.

Avisa presenterte verdien av Pan Fish til over 23 milliardar kroner.

Fiskaren skildrar aksjehandelen til Fredriksen slik:

”Først kjøpte han seg tungt inn i Pan Fish. Så kjøpte han seg tungt inn i Fjord Seafood. Så kjøpte Pan Fish Marine Harvest, som var verdens største oppdrettsselskap. Så solgte Fredriksen sine Fjord-aksjen til Pan Fish.

På lista over dei 20 største aksjonærane i Pan Fish er det berre to selskap med adresse i Noreg. Av desse er Folketrygdfondet størst med 45,6 millionar aksjar (av 3,4 milliardar aksjar). Fredriksen eig 560 millionar Pan-aksjar (vel 16 % av alle). Det er berre to aksjonærar som i tillegg til Fredriksen eig meir enn 100 millionar Pan-aksjar: Bank of New York og Morgan Stanley.

Hittil i år har Oslo Børs omsett 7,5 (av i alt 3,4!) milliardar Pan-aksjar – så her blir det kjøpt og seld i ”vilden sky”!

Er Fredriksen glad i fisk?

Akkurat no blir det avvikla ei stor fiskerimesse i EU-hovudstaden Brüssel. IntraFish er der og melder i dag: ”Pan Fish’ storaksjonær John Fredriksen dukket overraskende opp i Brüssel for å sveise sammen sitt nye lakseteam. – Jeg er veldig interessert i bransjen, sa Fredriksen til IntraFish.”

Og vidare:

”Tirsdag samlet milliardæren toppene i alle sine tre lakseselskaper. Det ble rigget opp langbord ved Fjord Seafoods stand på fiskemessen i Brüssel, etter at Fredriksen dukket opp sammen med sin høyrehånd Tor Olav Trøim…

Vi har bare én oppgave: å tjene mest mulig penger for denne mannen, sa Tor Olav Trøim, og klappet John Fredriksen på skulderen. Trøim og Fredriksen la ikke skjul på at de er meget fornøyde med sine investeringer i laks….

Trøim sa at selskapene nå setter fokus på integrasjon før ny vekst.”

”Fredriksen blir kypriot”

I dag tidleg melde NRK at ”Norges rikeste mann er ikke lenger norsk. Skipsreder og investor John Fredriksen har levert inn sitt norske pass og blir kypriotisk statsborger. ”
Frå folkestyre til multinasjonal kapital

Det er ingen grunn til å nekte for at lakseoppdrett er ei norsk suksessnæring. Her starta det heile for berre 35 år sidan. I 1977 trudde norske styresmakter at lakseoppdrett kunne bli ei god ny utkantnæring viss ein la politisk til rette for det. Vi fekk konsesjonsordninga som sikra politisk styring med utviklinga og som sikra spreidd og lokal eigarskap. 10-12 år seinare fanst det over 700 små oppdressbedrifter langs kysten – og næringa sysselsette på det meste over 4000.

I år vil brutto produksjonsverdi i næringa nærme seg 20 milliardar kroner, største eigaren vil vere kypriot, sysselsettinga vil gå nedover og truleg bli i underkant av 3000.

For laksemiljøa langs kysten er det ikkje norske politiske vedtak som vil avgjere utviklinga, men vedtak i styra til multinasjonale selskap. Den enorme verdiskapinga i næringa vil i liten grad tilfalle lokalsamfunn langs kysten, men i staden hamne i lommene til internasjonale børsspekulantar.

For få år sidan hevda ”Kysten inn i EU” at vi måtte melde landet inn i EU for å få ”markedsadgang”. No har norske ”EU-politikarar” over ca 15 år praktisert EU-tilpassing slik at laksenæringa har vorte ein svært nyttig lærepenge i kva følgjene av EU sin ”fri” flyt for kapitalen må bli for lokalsamfunn, arbeidsfolk og naturressursar!

EU sitt tollregime – handelshindring for norsk sjømat?

Norges Fiskerihøgskole (med støtte frå Norges Bondelag, Norsk Landbrukssamvirke og Norges Råfisklag) har gjennomført eit prosjekt med tittelen:

”EUs tollregime for norsk sjømat og hvordan en ny WTO-avtale kan påvirke norsk tollpreferanse.”

Frå konklusjonane ”stel” eg:

EFTA-frihandelsavtalar gir Noreg betre konkurransevilkår enn EU utafor Europa, noko som kanaliserer EU-leveransar av råstoff til Noreg.

Handelsvekta toll i EU for norsk sjømat er på under 2 %.

Over 75 % av norsk fisk og fiskevarer til EU blir importert til 2% eller lågare toll.

Det er ingen samanheng mellom tollsatsar og eksportprofil: Foredla fiskeprodukt har ikkje dradd nytte av tollreduksjonar.

Rapporten peikar på at EU sitt tollregime blir styrt av to motstridande interesser: Toll skal trygge eigen fangst- og foredlingsindustri, og samtidig sikre tilførsel av fisk og fiskevarer til industri og konsum.

Og endå viktigare:

EU er ein av verdas største sjømatimportørar. EUs eigenproduksjon av sjømat (fangst og oppdrett) går stadig ned. Viktige kommersielle bestandar er overfiska. EU klarer berre dekke halvparten av etterspørselen i marknaden frå eigen fiskeindustri. EU er i aukande grad avhengig av import.

EU sin nettoimport av sjømat steig med 44 % frå 1995 til 2003. I same perioden vart eigen sjømatproduksjon redusert med 20 %. Med aukande konsum er EU i stadig større grad avhengig av import for å dekke svikt i eigen produksjon.
Noreg – verdas nest største sjømateksportør

I april-brevet gav eg igjen tal frå FAO (for 2003) som viste at Noreg var verdas 3. største brutto sjømateksportør – og verdas største nettoeksportør.

Frå fiskerimessa i Brüssel melde IntraFish i dag: ”Norge er verdens nest største sjømateksportør, målt i verdi. Den nye rekorden ble presentert på en pressekonferanse på verdens største sjømatmesse i Brussel i går. Konferansen ble holdt av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen og Eksportutvalget for fisk (EFF).

Tallene er fra 2004 og er nettopp offentliggjort. Dermed går Norge forbi Thailand som har ligget på andre plass. Kina er fortsatt suverent størst.”

Tyrkia aukar mest

Bladet Fiskaren offentleggjorde i dag tal for norsk fiskeeksport – og auke i eksport – i perioden januar-april 2006 samanlikna med same periode i 2005.

Samla auka verdien av norsk sjømateksport med 20 % så langt i år i forhold til fjoråret.

Størst var auken til Tyrkia (98,1 %), Hong Kong (80,1), Spania (58,0), Polen (49,2), Brasil (46,2) og Nederland (40,9). Størst tilbakegang var det til Russland (-31,0 %) pga ”frysinga” av ferskfiskimport frå Noreg.

Fersk fisk aukar

Både fiskeriministeren, EFF og IntraFish redaksjonelt peikar på ein klar internasjonal trend for ferskfisk (gjerne som importert og konsumpakka filet). I første kvartal auka konsumet av fersk sjømat med 7 % både i Storbritannia og i Frankrike.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook