Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Offensivt landbruk mot...
Ola Hedstein
© Sindre Humberset

Ola Hedstein frå Norsk landbrukssamvirke viser fram medlemsorganisasjonane sine på konferansen Nei2017. 

Offensivt landbruk mot urettferdige handelsavtalar

Konferansen Nei2017 peika vegen framover i kampen mot handelsavtalane TTIP og TISA, og eit norsk landbruk som utnyttar det gode utgangspunktet vi har for ein berekraftig matproduksjon for framtida.

Tyske Reinhild Benning, frå organisasjonen Germanwatch, snakka om TTIP og TiSAs innverknad på mat og miljø. Ola Hedstein, administrerande direktør i Norsk landbrukssamvirke, snakka om korleis vi kan påverke framtidas handelsavtalar i berekraftig retning.

– Vi krev stopp i forhandlingane om TTIP og TISA. Vi seier nei til CETA, sa Benning.

– Vi vil ha meir stat og mindre marknad. Statar og samfunn må kunne verne seg mot dumping og urettvise avtalar. Internasjonale avtalar om biodiversitet og helse må stå over handelsavtalar.

Norsk landbruk vil gå føre

Ola Hedstein frå Norsk landbrukssamvirke tok bodskapen frå Benning eit stykke vidare, og drog opp korleis norsk landbruk skal vere ein del av løysinga for eit berekraftig samfunn.

– Kva slags handelsavtalar er det vi treng framover? Og korleis skal vi påverke framtidas handelsavtalar slik at dei går i berekraftig retning, spurte Hedstein.

– Svaret er ganske enkelt. Varen sin sanne verdi må kome til uttrykk i avtalen. Rett prising er produksjonskostnad, pluss kostnadar for helse, miljø og klima, og arbeidsrettar.

– Kvifor er vi så opptekne av berekraft? Fordi vi skal auke matproduksjonen med 14 prosent per tiår framover. Men vi skal gjere det på ein måte som er berekraftig.  

– Vi har gjort mykje rett i norsk landbruk. Det er liten bruk av medisin i norsk, og skandinavisk matproduksjon og liten bruk av plantevernmidlar. Vi har friske planter og dyr og ei open verdikjede. Norsk landbruk har eit forholdsvis lite klimaavtrykk.

– Dette burde vere ein konkurransefordel, men det er ikkje lønsomt slik marknaden er organisert. Vi skal tilømes prøve å konkurrere på ribbe mot konkurrentar som har brukt 50 gangar så mykje antibiotika.

Sauebeite verre enn oljeboring?

Hedstein er oppgitt over delar av den norske debatten.

– Årsaken til klimaproblemet er fossile ressursar i form av olje, kol og gass. Det er difor eit paradoks at det er meir stovereint å gå inn for prøveboring i Lofoten enn å ville doble sauebeite, fordi sauen slepp ut metangass.

Reinhild Benning
© Sindre Humberset

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook