Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Organisasjonsfornying...
© Sindre Humberset

Christian Torseth frå Nordland presenterte arbeidet i strukturkomiteen, som skal føreslå eventuelle endringar i korleis Nei til EU arbeider og er bygd opp. 

Organisasjonsfornying og ny struktur i Nei til EU

Samlinga for fylkesleiarane i Nei til EU vart presentert for ny struktur i staben og arbeidet til strukturkomiteen, som skal føreslå eventuelle endringar i heile organisasjonen.

I 2016 har generalsekretær Hilde Loftesnes Nylén, i samarbeid med dei tilsette. gjennomført ei omstilling i det sentrale sekretariatet. I januar vart den nye strukturen sett i drift og på samlinga i Oslo vart fylkesleiarane presentert for dei nye organisasjonsrådgjevarane som skal bistå dei. Alle organisasjonsrådgjevarane har lang fartstid i staben, men har no fått nye oppgåver.

– Det er viktig at vi no fokuserer på organisasjonen. Korleis skal vi sikre utadretta arbeid lokalt og i fylka? Og vi må kartlegge fylka sine behov for støtte, samt sikre at fylka har gode rutiner for sittt arbeid, sa generalsekretæren.

Fylkesleiarane kom med mange engasjerte innspel og framlegg, og det var ein veldig offensiv tone på møtet. 

Omstillinga har også frigjort ressursar til å hjelpe fylka med å vere aktive på sosiale media. Det er i dag stor variasjon på kor aktive fylka er på sosiale media. men her kan det bli positiv utvikling for alle fylke.

Granskar organisasjonsmodellen

Landsmøtet i 2016 bestilte ein gjennomgang av heile organisasjonen, og ei vurdering av moglege endringar for å få ein meir effektiv organisasjonsstruktur. Christian Torseth er leiar i Nordland Nei til EU og sit i det sentrale styret i Nei til EU. Han sit også i strukturkomiteen som har vorte sett ned for arbeide med gjennomgangen. På samlinga presenterte han strukturkomiteen sitt arbeid.

– Vi vil verkeleg lytte til alle innspel vi får inn. Vi vil spørje kva det er som gjer at folk vil halde fram, og ikkje vil halde fram, i Nei til EU. Vi vil sjå på strukturen med fylkeslag og lokallag, og eventuelle andre måtar å organisere oss på, sa Christian Torseth.

EØS-melding, LO-kongress og Stortingsvalet

Våren 2017 blir EØS-avtalen 25 år, og det skal Nei til EU markere ved å lage EØS-meldinga «25 år er nok». Meldinga er tenkt å bli på omlag 50 sider, med vekt på EØS og arbeidslivet. Nestleiar Idar Helle sit i styringsgruppa for EØS-meldinga og han presenterte prosjektet, og drog opp det store perspektivet i arbeidet vårt.

– Vi kan få eit sluttoppgjer om EØS i løpet av ikkje så veldig mange år, sa han.

– Det som kjem i staden kan bli eit nytt og suverenitetsbasert system.

Andre viktige hendingar for EØS-debatten i 2017 vil vere LO-kongressen og Stortingsvalet. Boye Ullmann, leiar i fagleg utval i Nei til EU, innleia om LO-kongressen og leiar Kathrine Kleveland presenterte Nei til EU sine planar for å gjere EØS-avtalen til ei viktig sak i valkampen.

Idar Helle
© Sindre Humberset
Fylkesleiarsamling i Nei til EU
© Sindre Humberset

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook