Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Planlegg den største n...

Planlegg den største nordiske nei-markeringa sidan 1994

Den nordiske nei-sida er samla i Stocholm 24. og 25. mars i samband med EU-toppmøtet om sysselsetting. Nei-organisasjonane skal diskutere strategiar mot Euro og ØMU og legg samtidig planar for den største nordiske
nei-markeringa sidan 1994.

– Vi har tatt mål av oss til at mot-demonstrasjonane i Göteborg skal bli den største nordiske nei-markeringa sidan 1994, seier Ågot Valle og Stian Oen, nestleiarar i Nei til EU og utsendingar på nei-møtet i Stockholm.

Målsettinga er å samle over 15 000 demonstrantar i gatene i Göteborg. Det vil koma nei-folk frå heile Norden, i tillegg til EU-motstandarar frå Baltikum og Aust-Europa.

– Vi samlar oss bak parolen; Nei til union, ja til folkestyre, slår Ågot Valle og Stian Oen fast.

--- --- ---
Møt representantar frå dei nordiske nei-organisasjonane på markering på Sergels torg i Stockholm, laurdag 24. mars kl. 11.15.

For meir informasjon:
Stian Oen, nestleiar i Nei til EU, 90 57 69 04
Ågot Valle, nestleiar i Nei til EU, 93 06 36 24

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook