Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Pressemelding frå Nei...

Pressemelding frå Nei til EU: Sigbjørn Gjelsvik attvald som leiar, Ågot Valle og Tine Larsen nestleiarar

På Nei til EUs landsmøte i Oslo i dag vart Sigbjørn Gjelsvik attvald som leiar. Ågot Valle og Tine Larsen vart valde til nestleiarar. Olav Boye vart vald til medlem i arbeidsutvalet.

Nei til EU har neste år to hovudprioritetar, arbeidet mot EØS og for solidaritet.

– Nei til EUs hovudprioritet neste år vil vere EØS, og dermed ESAs sterke inngrep og overstyring av politiske avgjersler. Argumentasjon for folkestyre er eit av nøkkelargumenta i dette arbeidet. Ei solidaritetskampanje vil vere andreprioritet. I denne kampanjen er det viktig å vidareføre og vidareutvikle Nei til EUs solidaritetsargumentasjon, og tilbakevise ja-sidas argument om at EU er eit solidaritetsprosjekt, seier Nei til EUs leiar Sigbjørn Gjelsvik.

– Med eit offensivt Nei til EU, sterk argumentasjon og folkeleg motstand skal kampen mot EU-medlemskap og EØS vinnast, seier Sigbjørn Gjelsvik.

Last ned bilde av Tine Larsen

Last ned bilde av Sigbjørn Gjelsvik

For kommentarar eller meir informasjon:
Leiar Sigbjørn Gjelsvik 91 16 16 75
Generalsekretær Helle Hagenau 48 27 60 64

;Nei til EUs styre for 2003:
Sigbjørn Gjelsvik, leiar, attval (28). Kjem frå Sogn og Fjordane, men bur i Oslo. Tidlegare leiar i Senterungdomens landsforbund.

Ågot Valle, nestleiar, attval (57). Odelstingspresident og Stortingsrepresentant for SV frå Hordaland frå 1997.

Tine Larsen, nestleiar, ny (25). Til no styremedlem og medlem i arbeidsutvalet i Nei til EU. Tidlegare nestleiar i Natur og Ungdom. Jusstudent, arbeider deltid som koordinator for Nettverk for Mat og Miljø (nettverk for miljø-, forbrukar- og landsbruksorganisasjonar). Frå Buskerud, men bur i Oslo. Partipolitisk uavhengig.

Olav Boye, AU-medlem, ny (60). Utgreiingssekretær i Norsk Grafisk Forbund. Var med frå starten av i Nei til EU, fylkesleiar i Buskerud Nei til EU 90 – 92. Leiar i Nei til EUs faglege utval, medlem frå 92 – 95 og frå 98 til no . Generalsekretær i Internasjonale Grafiske Føderasjon med kontor i Brussel 97 –98. Sekretær i AUF 73 –75, 1. kandidat til Stortinget for Buskerud SV 1993, no partipolitisk uavhengig.

(styremedlemane frå 5. til 12. er sett opp i alfabetisk rekkefylgje):

Svein Johansen, ny (65), fiskeskipper og kystfiskar frå Troms.

Eli Berg, attval (50). Fylkesleiar Troms Nei til EU siste 5 år. Bioingeniør, medlem i RV og AKP.

Arne Byrkjeflot, attval (52). Hovudtillitsvald for Cecil Lilleby Metall, Sør-Trøndelag, nestleiar i LO i Trondheim. Fylkesstyremedlem Sør-Trøndelag Nei til EU. Medlem i RV og AKP.

Trond Jensrud, ny (34). Sekretær i SME under EU-kampen. Stortingsrepresentant for Buskerud Ap 89 – 93, generalsekretær i AUF 96 – 98, partisekretær i Oslo Ap 98 – 02. No konsulent i Norsk Kommuneforbund.

Hege Lothe, attval (30). Redaktør i Norsk Tidend, medlemsblad for Noregs Mållag. Frå Sogn og Fjordane, men bur i Oslo. Partipolitisk uavhengig.

Jens Olav Løvlid, ny (54). Styremedlem i Norges Bondelag. Tidlegare fylkesstyremedlem i Troms Nei til EU og leder i Balsfjord Nei til EU. Møtte på Nei til EUs råds- og landsmøter til –95. Medlem i Sp.

Kristine Mollø-Christensen, attval (43). Til no vara til styret i Nei til EU. Leiar av Oslo Nei til EU 95-97 og 99-02, no leiar representantskapet der. Medlem i RV.

Trude Sørensen, attval (24). Tidlegare leiar i Ungdom mot EU. Frå Vestfold, men bur i Oslo. Partipolitisk uavhengig.

Maria Walberg, leiar i Ungdom mot EU.

;Vara:

Ivar Østberg, attval (60). Stortingsrepresentant KrF frå 1997, kommunalkomitéen, Troms.

Marianne Marthinsen, ny (22). Internasjonal rådgjevar i AUF og samfunnsøkonomistudent. Styremedlem Oslo Nei til EU 00 – 01. Frå Oppland, bur i Oslo.

Helge Solum Larsen, ny (33). Til no rådsmedlem i Nei til EU. Bystyrerepresentant i Stavanger, Rogaland, vara til landsstyret i Venstre.

Stian Kato Oen, attval (28). Til no nestleiar Nei til EU. Fagpolitisk konsulent i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon. Kjem frå Hordaland, men bur i Oslo. Tidlegare sentralstyremedlem i AUF og tidlegare leiar i SSF, no medlem i SV.

Eystein Skjerve, ny (45). Professor i næringsmiddelhygiene ved Norges Veterinærhøyskole. Initiativtaker til Veterienærer mot EU i –94 og debattant/rapportforfatter om EU/EØS sin innverknad på norsk mat og dyre- og folkehelse. Oslo.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook