Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Project Fear: Vil skre...
Project Fear Private Eye
© Sindre Humberset

Project Fear: Vil skremme britane til å bli

Dei britiske EU-tilhengarane si skremselskampanje nådde eit nytt nivå då statsminister David Cameron åtvara om at Brexit kan føre til krig i Europa. Artikkel frå Standpunkt 3-2016.  

Skremselskampanjen, som vert kalla #ProjectFear på internett, er så overdriven at den blir latterleggjort og utsett for sarkastiske parodiar. Likevel kan skremslane ha effekt. I mai sa den britiske statsministeren David  Cameron i ei tale at ei britisk utmelding av EU kan føre til krig i Europa. 

Parlamentsmedlem Paul Scully er også frå det konservative partiet. Han meiner at Cameron har gått over ei grense.

 – For nokre dagar sidan tok statsministeren opp faren for krig. Om du røyster for å bli får du billegare feriar, og om du røyster for å gå ut, blir det ein tredje verdskrig, seier han då Standpunkt intervjuar han i valkrinsen i Sutton i Sør-London.

– Verkeleg? Er det verkeleg alternativa?

Uansvarleg å gå for folkerøysting
Scully meiner Cameron anten tala mot betre vitande då han skremte med krig, eller så er det uforståeleg at Cameron i det heile kunne gå inn for folkerøysting om EU-medlemskapen.

– Om Cameron verkeleg trur at Brexit kan føre til krig, kvifor gjekk han då inn for ei folkerøysting?

– Om det er femti prosent sjanse for krig om Storbritannia går ut, så er det ikkje ansvarleg av statsministeren å gå inn for å ha folkerøysting om EU-utmelding.

Putin og IS
David Cameron klistrar også EU-motstandarane til ubehagelege sengekameratar.

 – Kven ville bli glade om vi går ut? spurde David Cameron publikum på eit arrangement i London i mai, ifølgje Politico.eu 17. mai.

 – Putin ville bli glad, og eg tippar at [IS-leiar Abu Bakr] al-Baghdadi ville bli glad, sa Cameron.

 Boris Johnson, tidlegare London-ordførar og tilhengar av Brexit, meinte Cameron sine uttalar var i meste laget.

 – Ein kan hevde at det er i meste laget å samanlikne folk som argumenterer for fridom i dette landet, eller gjenopprettinga av demokratiet i dette landet, og seie at våre allierte er Putin og IS, sa Johnson ifølgje Politico.eu.

#BrexitRisks
Den valdsame retorikken frå EU-tilhengarane har ført til ei bølge av morosame meldingar og bilete på sosiale media. Latterleggjeringa har truleg teke brodden av mange av skremslane, men det er vanskeleg å vite kor stor effekt skremslane vil ha på folkerøystinga 23. juni.

Paul Scully MP
© Sindre Humberset

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook