Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Protesterer mot EUs vi...
Boye Ullmann

Markering mot vikarbyrådirektivet. 1. desember deltok fleire fagforbund i ei fanemarkering mot vikarbyrådirektivet utanfor Stortinget.

Protesterer mot EUs vikarbyrådirektiv

Standpunkt 1-2011:

– Vikarbyrådirektivet vil ramma hardast i bransjane med få fagorganiserte og der ein  finn mange ikkje-norske arbeidarar. Dette er oftare kvinner enn menn.

Det seier Stein Stugu, utgreiar i kunnskapssenteret De Facto. Han meiner at innføringa av vikarbyrådirektivet vil ramma alle, uansett kjønn, men at fordelane av direktivet – det såkalla likebehandlingsprinsippet – oftare vil tena menn enn kvinner. 

Omstridt direktiv 

EUs vikarbyrådirektiv vart vedteke i 2008 og skal i løpet av neste år implementerast i norsk lovverk. No er direktivet ute på høyring og skapar strid i innetter i fagrørsla. Fellesforbundet stør ei innføring av direktivet, medan EL og IT-forbundet tidleg i november gjekk ut i ein fire timar lang streik mot direktivet. Målet med direktivet er å annerkjenna vikarbyråa som arbeidsgjevarar og å «utvikla fleksible former for arbeid». Med andre ord inneber det ei liberalisering av vikarbyråbransjen; fleire vikarbyrå, meir bruk av vikarar og større aksept for vikarbruken.

Kjønnsdeling

Dei siste åra har det vore ei jamn fordeling mellom kvinner og menn som har vore sysselsette gjennom vikarbyrå. Frå 2003 har det vore ei lita overvekt menn. I 2009 skjedde det ei endring slik at det no er 51 prosent kvinner som er tilsette i bransjen. Dette har mellom anna samanheng med nedgang i bygg- og anleggssektoren i tillegg til oppgang innan helse- og omsorgssektoren.

– Det er stort sett like mange menn som kvinner som arbeider i vikarbyråbransjen, men dei arbeider i ulike sektorar, fortel Stugu.

– Grovt skissert kan vi seia at når kvinnene gjer reint, arbeider mennene på byggeplassane. 

– Eit typisk døme for vikarar frå Aust-Europa er eit ektepar der mannen er tilsett i eit vikarbyrå som formidlar tenester innanfor bygg- og anleggsbransjen, medan kona arbeider innanfor privat reinhald, noko som oftast betyr svart arbeid. Fafo meiner at heile 75 prosent av desse kvinnene arbeider svart, seier Stugu og legg til:

– Svart arbeid tyder sjølvsagt ingen rettar og når mannen er vikar, kan arbeidslivet verta tøft for eit slikt ektepar. 

70 rom på åtte timar

– Nokre av våre «stuepiker» gjer reint på 70 rom om dagen, seier Emma Watne i avdeling 25 av Fellesforbundet. Avdeling 25 omfattar medlemmer i Stavanger-området og organiserer mellom anna innanfor hotell- og restaurant-bransjen.

– Det seier seg sjølv at 70 rom er heilt umogleg å vaska på åtte timar. Dei som er tilsette i ISS og vaskar på hotella til Petter Stordalen og Olav Thon i Stavanger, får betalt for åtte timar. Klarer dei ikkje det talet rom dei har fått utdelt for dagen, får dei ikkje betalt overtid.

– Å vera vikar gjer kvardagen utrygg. Du veit ikkje kor stort vaskeoppdrag du får kvar dag, eller om du i det heile tatt får eit oppdrag den dagen. Vi ser dagleg kor store problem det å vera vikar skapar, og det er ein av grunnane til at vi har gått i mot Fellesforbundet sentralt sitt vedtak, seier Watne. 

– For medan Fellesforbundet sentralt støttar innføringa av vikarbyrådirektivet, kallar avdelinga i Stavanger vedtaket frå sentralt for eit «tullevedtak».

– Vi er lei av at forbundet dansar etter regjeringa si pipe, seier Watne.

– Dei trur på at det vert innført garantiar for å unngå sosial dumping, men vi veit jo korleis det går om sakene kjem inn for EU-domstolen. Då er det ikkje rettane til arbeidstakarane som står i fokus, men den frie flyten.

Sortering av tilsette

Heidi K. Larsen, leiar i Handel og Kontor region Midt-Noreg og styremedlem i Sør-Trøndelag Nei til EU deler bekymringane til Emma Watne i Stavanger.

– Vi ser utfordringane med vikarbruken innan både handel og kontorsektoren. HSH-direktøren uttalte tidlegare i år til bladet «Varehandel» at det var svært positivt med vikarar fordi bedriftene kunne bruka dei i prøvetida. Det føregår i større grad ein tidlegare ei sortering av tilsette, seier Larsen.

– I fagrørsla er det frykt for at paragrafen 14-9 om mellombels tilsette skal svekkjast. Denne paragrafen i arbeidsmiljølova seier det at å vera fast arbeid er hovudregelen. Ein vikar må vera vikar for nokon. Elles er det svært få opningar i arbeidsmiljølova for å bruka mellombelse tilsette, fortel Larsen.

Likebehandlingsprinsippet

Grunnen til at Fellesforbundet meiner at vikarbyrådirektivet kan implementerast i norsk rett, er eit prinsipp om likebehandling. Likebehandlingsprinsippet går ut på at vikarar i innleide verksemder skal få like mykje betalt som dei fast tilsette i verksemda. Om det finst tariffavtale i verksemda frå før, vert det lettare for vikarbyrået å vita kva som skal vera lik løn.

Hovudgrunngjevinga for at Fellesforbundet går inn for likebehandlingsprinsippet er i følgje heimesidene deira at prinsippet vil styrka rettane for dei innleigde arbeidstakarane, og at dette vil vera eit viktig bidrag i kampen mot sosial dumping.

Meir negativt for kvinner

Stein Stugu ved De Facto meiner at ulempene med innføring av vikarbyrådirektivet vil ramma alle. 

– Men likebehandlingsprinsippet vil ha større negative følgjer for kvinner enn menn. Kvinner arbeider i større grad enn menn i sektorar med ein lågare organisasjonsgrad og arbeider i bedrifter der det er mindre vanleg med tariffavtalar, slik det er i små bedrifter innanfor butikk og reinhald.

– Eg trur altså at det er her vi kjem til å sjå ein skilnad mellom menn og kvinner med innføringa av vikarbyrådirektivet. Fordelane med likebehandlinga kjem til å koma fleire menn til gode enn kvinner.

For kvinner vert arbeidskvardagen ekstra utrygg når dei er vikarar fordi fleire kvinner enn  menn arbeider deltid.

– Deltid er ikkje alltid like frivillig, seier Larsen.

– Vi i Handel og Kontor ser dette ekstra tydeleg sidan vi organiserer ytterpunkta: I dei bedriftene som sel bilar, arbeider det menn. Der er det ingen som arbeider deltid. I dei bedriftene som sel klede, arbeider det kvinner. Her er det ingen som arbeider heiltid.

Seier ikkje stopp før dei går i bakken

– Det er ikkje så lett for vikarane å krevja sin rett. Dei må forholda seg til to partar: både arbeidsgjevar (vikarbyrået) og oppdragsgjevar. Sidan mange vikarar ofte har lang prøvetid, vågar dei ikkje å klaga på oppdragsgjevaren til arbeidsgjevaren. Mange er unge og ikkje klar over kva rettar dei har som arbeidstakar, seier Larsen.

Emma Watne i Stavanger fortel om liknande problem.

– Mange av dei vi treff på i ISS er ikkje norske. Dei er vande med ein annan kultur i arbeidslivet, der det ikkje er vanleg å seia mot sjefen. Desse kvinnene seier ikkje stopp før dei går i bakken og vert sjukemeldte, seier Watne.

Bakgrunn

Vikarbransjen

  • I 2009 var nesten 85 000 personar tilsett i eit vikarbyrå, dei aller fleste i Oslo.
  • Trass i nedgang på 13,7 prosent i bransjen frå året før, er bemanningsbransjen – som NHO Service kallar det – på veg opp.
  • Dei fleste som er tilsette i vikarbyrå er under 35 år.
  • Dei største byråa er Adecco og Manpower, men nokre bedrifter har eigne vikarbyrå, slik som ISS Personalhuset som er eit heileigd dotterselskap av ISS.

Kjelde: NHO Service.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook