Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Risikerer samanbrot av...
Europakart

Risikerer samanbrot av euroen

Standpunkt 1-2011:

2011 vert eit skjebneår for unionen:

Ikkje sidan 1998 har arbeidsløysa i eurolanda vore like høg, og EU sin samla gjeld vert større og større. Det viser prognosane frå unionen sjølv. Kva er galt med euroen?

Gjeldskrisa strammar seg til i Europa. Euroen er i fritt fall, medan rentene i dei mest utsette landa aukar. I slutten av november presenterte økonomikommissær Olli Rehn haustprognosen til EU. Han la vekt på at gjeldskrisa vil bli verre i tida framover, og at mange medlemsland har ein vanskeleg periode framfor seg. Mange spør seg no om det er mogleg for EU å kome seg samla ut av krisa. Kor langt kan euro-strikken tøyast?

Eit resultat av uansvarleg politikk

EU-parlamentarikar Søren Søndergaard meiner finanskrisa som kom i 2008 var eit resultat av ein uansvarleg finanspolitikk gjennom mange år. Denne politikken har også EU sjølv vore med på å fronte.

– Sjølv om ein ikkje kan seie at det er EU som har skapt det økonomiske uføret me er i, er denne krisa eit resultat av nøyaktig den same politikken som Den europeiske unionen har stått for: uhemma liberalisme og deregulering, seier Søndergaard til Standpunkt.

– Lisboatraktaten slår fast at det er forbod mot alle former for avgrensingar av den frie kapitalflyten.

– Samstundes er ikkje EU eit godt verkty til å avgrense skadeverknadane av krisa når ho fyrst kjem. Når medlemsland som Hellas slit, vert situasjonen forverra av euroen. Hadde dei framleis hatt sin eigen valuta kunne dei ha brukt valutaen til å auke konkurranseevna si, men med fellesvalutaen er dei bundne til ein pengepolitikk som ikkje passar dei.

Langvarige verknadar

For mange land har finanskrisa i 2008 fått alvorlege og langvarige verknadar. I mange EU-land slit ein med stor gjeld og arbeidsløyse. Verst står det til med dei såkalla PIIGS-landa; Portugal, Irland, Italia, Hellas og Spania. I Hellas vil statsgjelda ifølge prognosane auke til 156 prosent av BNP i 2012, og fleire stader er nærmare ein av fem utan arbeid. Felles for dei verst stilte landa er at dei har euroen som valuta.

Den politiske euroen

– Euroen er et politisk prosjekt, meir enn eit økonomisk, påpeiker Europa-forskar Kate Hansen Bundt til Standpunkt.

– Euroen var i første rekkje eit middel for å få til tettare integrasjon i Europa. Ifølge euro-tilhengjar Helmut Kohl var den europeiske valutaunionen eit spørsmål om «krig og fred i Europa i det 21. århundre». Den tyske kanslaren uttala på 1990-talet at Europa etter den kalde krigen i praksis berre hadde to val: Anten binde den sterke tyske økonomien opp gjennom ein felles valuta, eller akseptere stor ustabilitet og ein «alles kamp mot alle».

– Problemet er at euroen blei innført i land med svært ulike utgangspunkt og ulike realøkonomiar. Allereie på 1990-talet fanst det ei forståing av at det var dei sør-europeiske landa som var det svake leddet, og difor pressa tyskarane på for å få gjennom vekst- og stabilitetspakta. Slik skulle ein sikre ein ansvarleg økonomisk politikk i euro-landa, og unngå at dei sterke statane måtte betale gjelda til andre land. I dag ser me at dette ikkje har gått heilt etter planen.

Manglar viktige verkty

Søndergaard og Bundt er samde om at Den europeiske unionen manglar dei avgjerande mekanismane som skal til for å oppretthalde ein varig valutaunion.

– I dei ‘verkelege’ føderalstatane som USA eller Tyskland, har ein også nokon delstatar som går dårleg økonomisk, medan andre går bra. Men her sit dei føderale regjeringane på ein stor del av BNP som kan fordelast slik at ein kan jamne ut slike skilnader. Slik er det ikkje i EU, seier Bundt.

– Slik eg ser det, er det i røynda to sannsynlege løysingar på situasjonen, seier EU-eksperten.

– Anten må EU bli ein rein overstatleg føderal union, med eigen skattepolitikk og langt strengare reglar, eller så vil euroen sprekke. Det første alternativet har EU prøvd seg på det siste halvåret, mellom anna med krisefond, gjeldssanering og at nasjonale budsjett må innom Brussel for godkjenning.

– Men eg har ikkje trua på at ein vil få med alle EU-landa på ein tettare union. Etter ti års problem med å få gjennom Lisboatraktaten er folk leie av integrasjon. Og det løyser uansett ikkje det grunnleggjande problemet: At landa har alvorlege gjeldsproblem, seier Bundt.

– Difor kan ein ikkje utelukke at euro-sona på ein eller anna måte sprekk opp. Ånda er ute av flaska, og det er vanskeleg å stappe ho tilbake. Skepsisen er for sterk, korleis kan ein då gjenetablere tilliten til eurosamarbeidet?

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook