Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Samla underskrifter mo...
© Kathrine Kleveland

Tove Bøygard sang under Tisa-demonstrasjonen 10. oktober. 

Samla underskrifter mot EØS på Tisa-aksjonsdag

Oslo Nei til EU samla hundrevis av underskrifter på aksjonsdag mot TTIP og TISA.

Den 10. oktober starta den internasjonale aksjonsveka mot dei nye handelsavtalane som rystar demokratiet. I Oslo deltok eit par tusen på den store demonstrasjonen på Eidsvolds plass. Samanhengen mellom EØS-avtalen og TTIP og TISA er klar, og mange av demonstrantane var klare for å skrive under på oppropet utaveos.org

Oslo Nei til EU gjorde ein kjempeinnsats under aksjonsdagen og samla mange underskrifter.

– På Eidsvolds plass var det minst fire som samla underskrifter, seier fylkessekretær Kjell Arnestad.

– Kjell Dahle fekk 62 underskrifter og Ingunn Leikarnes fekk 76! Underskriftsinnsamlinga heldt på i om lag to timar. Det var tendensar til kø for å skriva under, vissnok, fortel fylkessekretæren. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook