Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Sei i frå, Kofi!

Sei i frå, Kofi!

- Når generalsekretæren i FN, Kofi Annan kjem på offisielt besøk til Noreg i dag og i morgon, må han seie kva han meiner om norsk og europeisk flyktninge- og asylpolitikk, seier leiar i Nei til EU Sigbjørn Gjelsvik.

Annan har tidlegare kritisert europeiske politikarar for å ri på ei bølge av populisme ved å stenge for innreise til EU. Ein rapport som i fjor vart utarbeidd for FN sin høgkommisær for flyktningar dokumenterer at flyktningar er tvungne til å nytte ulovlege midlar dersom dei i det heile ynskjer å nå Europa. Gjennom Schengen-avtalen er Noreg knytt til den same politikken.

- EU sin flyktninge- og asylpolitikk driv flyktningar i hendene på menneskesmuglerar. Kvart år dør hundrevis av menneske på veg til Europa. Denne politikken er det politiske fleirtalet i Noreg medansvarleg for gjennom Schengen-avtalen, seier Gjelsvik.

-Det er sikkert dei som ynskjer at Annan sitt besøk skal sette fokus på at FN meiner Noreg er eit av verdas beste land å bu i, og at vi bør oppretthalde og helst auke bistanden til fattige land. Eg forventar at Annan bidreg til at dette besøket vert meir enn ein koseprat med den norske regjeringa mitt i valkampen, avsluttar Gjelsvik.

*********************

For ytterlegare kommentarar kan leiar i Nei til EU Sigbjørn Gjelsvik kontaktast på telefon 23 35 45 88 / 91 16 16 75.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook