Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Sigbjørn Gjelsvik: – M...

Sigbjørn Gjelsvik: – Meir støtte til Aust-Europa, men ikkje gjennom EU!

Leiar i Nei til EU, Sigbjørn Gjelsvik, tok i sin landsmøtetale til orde for at Noreg bør auke støtten til alle søkarlanda i Aust-Europa, men ikkje gjennom EU-systemet.

– Dei siste vekene har det vore mykje fokus på forhandlingane om EØS i samband med austutvidinga. EU-kommisjonen har gått høgt på bana og kravd milliard-beløp frå Noreg i årlege bidrag. Argumentasjonen som vert brukt er at Noreg vil tene på at EU vert utvida og vi derfor ikkje skal vere ”gratispassasjer”, sa leiar Sigbjørn Gjelsvik i landsmøtetalen.

– Det er ingen grunn til at Noreg skulle bidra meir gjennom EØS ut frå ein argumentasjon om at marknadstilgangen vert betra med eit austutviding. Allereie i dag har Noreg frihandelsavtalar med alle søkarlanda, sa Gjelsvik.

– Det er likevel gode argument for at Noreg bør støtte landa i Aust- og Sentral-Europa med betydelege beløp for å styrke utviklinga av demokrati og økonomi i dei landa. Eg synast ikkje det er urimeleg å snakke om milliard-beløp – under føresetnad av at dette ikkje går ut over støtten til enno svakare stilte regionar i verda. Men det er ein svært lite effektiv og målretta måte å støtte desse landa på å pløye pengane gjennom EU-systemet, sa Sigbjørn Gjelsvik.

;Ikkje gjennom EU-systemet
– Det er fleire grunnar til at vi ikkje bør sende pengane omvegen om Brussel. Noreg bør støtte landa i Aust- og Sentral-Europa uavhengig av om dei seier ja til EU-medlemskap eller ikkje. Dersom vi går med på EU sitt krav vil det jo fungere slik at dei landa som vel EU-medlemskap vil vere garantert årlege støttebeløp frå Noreg – pengar dei vil gå glipp av dersom dei seier nei til medlemskap, sa Gjelsvik.

– Dette burde vere ei sjølvsagt haldning frå Noreg som sjølv har velt å stå utanfor EU. Vi skal seie til søkarlanda;
1. Vi ønskjer å bidra med økonomiske ressursar for å styrke demokrati og økonomi
2. Desse bidraga skal skje uavhengig av kor vidt de vel EU-medlemskap eller ikkje
3. Uavhengig av EU-medlemskap så ønskjer vi å auke samhandel mellom landa våre, slik vi har gjort gjennom 90-talet
4. Vi ønskjer å utvikle eit tettare samarbeid i saker av felles interesse for våre land – både regionalt og globalt
5. Og om de seier nei til EU, er døra til EFTA opa, sa Sigbjørn Gjelsvik.

– Men denne utfordringa bør Noreg også stille til EU. Dersom det er snev av alvor i festtalane i EU om solidaritet med landa i Aust- og Sentral-Europa, ja så bør EU seie at dei garanterer like store overføringa til søkarlanda – uavhengig av medlemskap eller ikkje. Vidare så bør EU seie at ein garanterer søkarlanda handelsavtalar med like god tilgjenge til marknadane som eit medlemskap ville ha gitt dei. Dersom EU verkeleg trur på Unionsprosjektet – ja, så bør dei argumentere overfor søkarlanda med dette – og så sjå kva folket sin dom vert – i staden for å drive utpressing.

Heile leiartalen finn du på landsmøtesidene på heimesidene.

For meir informasjon og kommentarar:
Leiar Sigbjørn Gjelsvik 91 16 16 75

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook