Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Sigbjørn Gjelsvik sin...

Sigbjørn Gjelsvik sin landsmøtetale

Her er Sigbjørn Gjelsvik sin landsmøtetale frå Nei til EUs landsmøte 23. og 24. november 2002.

Vi går inn i eit spennande år for EU-saka. 2003 kjem til å gå inn i historia som eit av dei åra der det skjedde mest - både internt i EU, i søkarlanda og i Noreg sitt forhold til EU.

- I desember har EU teke mål av seg til å kome i land med forhandlingane med 10 av søkarlanda. Allereie i februar har det vorte signalisert folkerøysting på Malta. Deretter kjem røystingar på løpande band utover året.
- I mars legg Konventet fram sitt endelege framlegg til EU-forfatning. Europas Foreinte Statar rykker stadig nærmare.
- Innan mars skal Noreg og EU verte einige i forhandlingane om EØS-avtalen. Framtida for norsk landbruk og råderetten over fiskeriressursane står på spel. EØS-kontingenten kan verte mangedobla.
- I løpet av året vil ei rekkje av konfliktsakene mellom Noreg og ESA verte avklart. Det er venta dom i saka om kjønnskvotering ved Universiteta kring nyttår. I mars skal Noreg legge fram framlegg til korleis ein ser for seg den differensierte arbeidsgjevaravgifta i framtida.
- Til hausten vert det folkerøysting i Sverige om ØMU.

Situasjonen stiller oss overfor store utfordringar. Det er behov for å heve beredskapen.
Men samstundes gjev situasjonen oss også nye moglegheiter. Dei skal vi vite å ta vare på.

Det har vore gjort mykje viktig grunnlagsarbeid i året som har gått. EØS-arbeidet har i tråd med arbeidsplanen hatt førsteprioritet – det skal det framleis ha. Også miljø har vore ein hovudprioritet i arbeidsåret. Organisatorisk er det vervearbeidet som har vore – og framleis er – den største utfordringa.

Mykje kunne sikkert vore gjort betre, og mykje arbeid treng vidareføring i året – og åra – som kjem. Korleis dette skal gjerast, skal vi bruke tida i dag og i morgon på. Det er jo derfor vi har landsmøte – for å evaluere det arbeidet som har vorte gjort og for å peike ut kursen for eit nytt år.

Men eg synest også det er viktig å sette fokus på alt det som vi trass alt har fått gjort. Det har vorte lagt ned ein stor innsats for Nei til EU i året som har gått, både frå tilsette og tillitsvalde på alle nivå i organisasjonen.

****
EØS-debatten i Noreg har utvilsamt vorte meir synleg dei siste åra. Sjølv om det ikkje alltid er vi som syner igjen i mediabildet, så har vi på ulikt vis bidrege til fokuset. Vårt fokus på ESA har bidrege til å auke forståinga for korleis EØS-avtalen fungerer i dag. Men vi må nok også dele æra med Knut Almestad og Einar Bull.

ESA meiner sjølv dei ikkje grip inn i nasjonal politikk. Dei leve i si eiga verd og argumenter ut frå sin eigen logikk:

Noreg bestemmer sjølv over skatte- og avgiftspolitikken. Vi bestemmer sjølv om vi vil ha arbeidsgjevaravgift, el-avgift og flyavgift – så lenge avgiftene er like for alle.

Noreg har sjølv råderett over naturressursane – så lenge private og offentlege har lik rett til å stikke av med fortenesten frå foredlinga av ressursane.

Noreg bestemmer sjølv over likestillingspolitikken – så lenge menn ikkje vert handsama annleis enn kvinner.

Alle forsøk på ein differensiert politikk for å retta opp i ulikskapar i samfunnet på ulike område kan ut frå denne logikken verte stempla som ulovleg. Eller for å bruke seniorforsker ved Arenaprogrammet Dag Claes sine ord: "Det er nesten ingen grenser for norsk politikk som ikke kan tenke seg å ha konkurransevridende effekt. Sånn sett er det dramatisk hvor langt EU kan tenkes å gå."

ESA går igjennom det norske lovverket med lupe. Det kjem stadig nye krav. Berre ei av fire saker som ESA handsamar er eit resultat av at privatpersonar, verksemder, organisasjonar eller offentlege styresmakter føler seg diskriminert i høve EØS-regelverket. Dei resterande er saker som overvakingsorganet tek opp på eige initiativ.

Det verkar ikkje som ESA ser nokon grense for kva ein har kompetanse til å blande seg opp i, berre kva ein har kapasitet til.
Det verkar som Einar Bull trur at Noreg har vorte ein republikk med han sjølv som President.
Det verkar som Einar Bull trur ESA er forkorting for ”Eg Styre Alt”.
Og her heime sit Jagland og Petersen og bukkar og nikkar og seier: ”Ja vel, herr President”

I følgje Dagbladet 21. mai har Utanriksdepartementet ingen planar om å finne ut kor langt EØS kan tenkjast å gå. Ap-leiar Thorbjørn Jagland meiner det er umogeleg å sette ei grense.

Men no er det på tide at nokon seie i frå.
Det er på tide at nokon seie: Vi har fått nok, Bull!

23. oktober lanserte 28 sentrale personar frå fagrørsla, miljørørsla, bonderørsla, kommune-Noreg og universiteta eit opprop som åtvarar mot utviklinga av EØS. Med på oppropet er også sentrale medlemmer av Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, SV, Senterpartiet, Kystpartiet og RV. Oppropet tek ikkje stilling til medlemskap i EØS, eller for den saks skuld EU. Mellom underskrivarane av oppropet er det både tilhengarar og motstandarar av EØS-avtalen, jamvel også ein EU-tilhengar.

I oppropet heiter det mellom anna: ”Utviklingen av EØS er ute av kontroll. Det er nå på høy tid at norske politikere legger en strategi for hvordan Norge kan opprettholde nasjonal handlefrihet på viktige samfunnsområder.”

Underskrivarane krev at ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vert oppretthalden, at Noreg held fast ved sitt standpunkt om at øyremerking av stillingar ikkje fell inn under EØS-avtalen og at heimfallsretten skal vernast om.

Men EØS-problema stoppar ikkje der. EU pressar no på for å liberalisere handelen med landbruksvarer og har fremja krav om opning for utanlandsk eigarskap i norske fiskefarty.

Eg forventar at alle – også dei som forsvara EØS-avtalen i 1994 – er villeg til å analysere denne nye utviklinga. I dag går EU gjennom EØS til åtak på mykje av det vi stod saman om å forsvare i 1994 – retten til å forvalte våre naturressursar. Kostnaden med å vere ein del av dette systemet vert stadig større.

Det må kunne vere grunn til å spørje fleirtalet på Stortinget kor mange milliardar EØS-avtalen skal koste før ein er villege til å vege fordelar og ulempar opp mot kvarandre. Når Olav Akselsen – som leiar av næringskomiteen på Stortinget kan diskutere EØS – då må også andre kunne gjere det.

Eg vil forsvare ein kvar person på nei-sida sin rett til å vere for EØS-avtalen. Eg vil for den saks skuld også forsvare ein kvar person i Noreg sin rett til å vere for EU.

Men den største synda som fleirtalet på Stortinget gjer – både mot det norske demokratiet og mot norske økonomiske interesser er å avvise at det finnast realistiske alternativ til EØS.

Så lenge eit klart fleirtal på Stortinget hevdar dette – ja så kan jo EU og ESA berre fortsette å ”pine og plage Noreg” – for å bruke Olav Akselsen sine ord.

Det vil seie – det finnast jo eit alternativ til EØS som fleirtalet på Stortinget aksepterer – nemleg fullt medlemskap. Det er neppe nokon i Brussel som vil la seg skremme av at Noreg eventuelt skulle vurdere dette alternativet dersom EØS skulle bli for ille.

Kanskje det er nett det som er strategien frå EU-kommisjonen. I Nationen onsdag denne veka kan ein lese at ”I EU-kommisjonen legger man ikke skjul på at dersom norske myndigheter mener det politisk så vel som økonomisk blir for dyrt å beholde EØS-avtalen etter 2004, står døren åpen inn til EU.”

Dette bør ikkje minst dei som støttar EØS og samstundes er mot EU-medlemskap merke seg. Så lenge fleirtalet på Stortinget ikkje er villeg til å diskutere alternativ til EØS – ja så kan EU-kommisjonen fortsette å presse Noreg.

****

Det er ein grenselaus passivitet i Europapolitikken frå ja-partia på Stortinget. Reservasjonsretten skal ikkje brukast – koste kva det koste vil.
Og alle forslag frå nei-parti på Stortinget vert nærast avvist i refleks.
Til og med forslaget om eit norsk parlamentarikarkontor i Brussel – kostnadsrekna til 3 millionar kroner – vart avvist fordi – sitat Aftenposten – ”prisen er for høy i forhold til nytten”. Men gassmarknadsdirektivet kunne ein vedta på strak arm – det var jo berre snakk om nokre skarve milliardar.

Det er godt mogeleg at det finnast andre måtar å bruke 3 millionar på for å styrke Noreg sitt høve til å gjere sine interesser kjent i Brussel. Men i ein situasjon der vi er inne i forhandlingar om EØS der det står om milliardar – er det ganske utruleg at ja-partia på Stortinget avfeiar eit forslag som vil koste 3 millionar.

Men kanskje er det ikkje alle som føler seg like komfortabel med eit norsk parlamentarikarkontor? Kanskje enkelte ser seg best tent med at UD får jobbe i fred i Brussel?

UD er eit av dei mest lukka systema for frivillege organisasjonar, politiske parti og andre å få innsikt i. Kor mange i Noreg er det til dømes som veit kva for krav Noreg stiller og vert stilt overfor i forhandlingane om tenesteavtalen i WTO (GATS)?

Vel, det norske næringslivet er tydelegvis godt informert. Statssekretær i UD, Elsbeth Tronstad, kunne tidlegare i veka meddele det norske folk gjennom avisa Nationen at regjeringa ikkje hadde til hensikt å informere politikarane og offentlegheita om kva krav som har vorte stilt mot Noreg. ”I demokratiets navn har vi en veldig åpen linje til bedriftene. I et demokrati trenger man ikke at alle til enhver tid er inne i bildet.”

Kven sine interesser ei Høgre-dominert regjering med opne kanalar til næringsliv prioriterer, kan vi ikkje vite. Det må vi berre gjette oss til. Når Noreg stiller krav om betra vilkår for norsk eksport av tenester til 51 land – mellom desse Angola og Bangladesh – vert politikarar, frivillege organisasjonar og andre sett på gangen.

Dette hemmelegheitskremmeriet er ei skam for demokratiet – spesielt når ein veit kva det er det skal forhandlast om. Omgrepet tenester omfattar alt frå straum, olje og telefoni til skuleverk og omsorg. Når eit land først har opna opp ein sektor for konkurranse, kan ein ikkje gå tilbake igjen på det seinare.

GATS inneber dramatiske angrep på enkeltland sin mogelegheit til å styre seg sjølv. GATS betyr at u-landa ikkje får mogelegheit til å beskytte viktige samfunnsområde mot konkurranse i ein oppbyggingsfase av økonomien.

Vi skal forsvare alle land sin rett til å styre seg sjølv. Og vi skal vise at prosessane heng saman. Det er lite hjelp i å klare å unngå noko i EØS eller EU, dersom vi vert pålagt det same gjennom WTO. Og motsett, må ATTAC og andre sjå at det er lite vits i å klare å halde skansen i WTO dersom vi mistar styring gjennom EØS.

EØS-kampen handlar ikkje berre om at vi er mot EØS – den handlar om at vi for eit internasjonalt samarbeid som er betre – eit samarbeid som er til beste for folkestyre, miljø og solidaritet.

Saman skal vi krevje demokratisk styring over naturressursar og viktige samfunnsområde – det er det vi gjer med ESA-oppropet.
Saman skal vi ta makta tilbake over eiga framtid.
Vi er ein del av den same rørsla – ei rørsle som har klart å ta oppgjer med steinkastarar og som det siste året har sørga for fredelege massedemonstrasjonar – både i Sevilla og Oslo.

Under det europeiske sosiale toppmøtet i Firenze var det mellom ein halv og ein million menneske som var samla i gatene! Det gir håp for framtida.

Vi skal seie: Globaliser kampen – globaliser håpet.
Ei anna verd er mogeleg!

****

Vi skal forsterke samarbeidet med denne alliansen – på globaliseringskonferansen neste helg og på EU-toppmøtet i København. Vi skal vise kva rolle EU spelar i globaliseringa. Og vi skal avkle argumentasjonen om at EU skulle vere ei slags ”snill supermakt” som ei motvekt til USA.

Dersom EU verkeleg hadde ynskja å halde USA tilbake hadde ein jobba målretta for å styrke FN som ein representant for verdssamfunnet.

Men kva gjer EU?
Ein prioriterer ressursar på å etablere ein ”felles forsvarspolitikk for å forsvare og fremje Unionens verdiar i verda.”
Ein krev å få kunne operere uavhengig av både FN og NATO i framtida.
Ein argumenterer med at Europa som verdsdel må ta større ansvar for å ”rydde opp i sine nærområde”.

Verda vert ikkje nokon tryggare og betra stad å bu gjennom framveksten av økonomiske, politiske og militære supermakter. EU byggar murar mot resten av verda, truar med å kutte i bistand til sokalla flyktningeproduserande land. Om ikkje det skulle halde – så kan ein kanskje sette inn EU-hæren ”for å rydde opp i sine nærområde”?

Noreg sin politikk må ikkje dreie seg om kva for supermakt vi skal støtte. Som eit lite land internasjonalt har vi interesse av å styrke FN som ein representant for verdssamfunnet. Noreg vil aldri verte noko stormakt i internasjonal politikk. Vår oppgåve må vere å spele ei uavhengig rolle utanfor EU – som fredsmeklar og brubyggjar.

Det er jo litt interessant at det frå Høgre-krinsar den seinare tida har breidd seg ein argumentasjon om at vi må inn i EU for å skape ei motvekt til USA.

Dersom Høgre verkeleg meiner det er viktig å markere klar avstand til Bush-administrasjonen sin politikk, så vil dette utvilsamt vere interessant for norsk utanrikspolitikk.

Men EUs utanrikspolitikk ville ikkje vorte endra. Den vert styrt av det dei store EU-landa til ei kvar tid vert samde om. Når dei store er samde, må dei små henge med på lasset. Når dei store EU-landa ikkje er samde, så har ikkje EU nokon utanrikspolitikk. Då køyrer Schröder og Blair kvart sitt løp.

Jan Petersen er ikkje den som slår neven kraftigast i bordet når han reiser rundt i verda. Då går det faktisk mykje betre når vi sender enkelte andre ut for å representere Noreg – slik vi til dømes gjorde i samband med FN-toppmøtet om bærekraftig utvikling i Johannesburg tidligare i haust.

Den norske regjeringa kjempa skulder ved skulder med miljøorganisasjonar frå heile verda for at internasjonale handelsreglar ikkje skulle gå føre internasjonale avtalar om miljø og utvikling. Noreg stod lenge åleine om å avvise eit framlegg frå Australia om dette. Etterkvart slutta Sveits, Canada og Ungarn seg til Noreg. På motsett side stod USA, Australia, u-landsgruppa G-77 - og EU. Etter timelange forhandlingar hadde Noreg innkassert ein siger det i følgje Dagbladet "knapt finnes maken til" i FN-samanheng.

”Dette kunne vi ikkje gjort som EU-medlem”, sa Hilde Frafjord Johnsen til VG – og hadde heilt rett. Johnson forklarer EUs snuoperasjonen med at "vi hadde nok mange skaptilhengere i EU”. EU talte med ei stemme i Johannesburg, og ingen EU-land kunne derfor "komme ut av skapet" før heile EU til slutt snudde.

Til alle som er opptatt av miljø og solidaritet i Noreg og EU vil eg seie:
Dette viser kvifor Noreg aldri må bli med i EU.
Vi treng ikkje fleire argument mot EU. Kom ut av skapet – som EU-motstanderar!

Men føljer Noreg opp på heimebane? Det Hilde Frafjord Johnson og Børge Brende kjempa for i Johannesburg, er nett dette kampen om ”patent på liv” dreier seg om. To norske regjeringar – både Sentrumsregjeringa og Stoltenbergregjeringa – har argumentert overfor EF-domstolen med at ”patent på liv” er uforeinleg med formålet til FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Men når saka vert sett på spissen går omsynet til lydnad i EØS føre omsynet til FN-konvensjonen om biologisk mangfald.

Noreg sitt internasjonale truverde står på spel. Det handlar om kva vi set høgast: omsynet til fattige bønder i tredje verda eller ein grenselaus lojalitet til EU-systemet. Dette landsmøtet må sende eit klart og eintydig signal til Bondevik og resten av den norske regjeringa.
Sei nei til ”patent på liv”!

****

Den seinare tida har det vorte sett fokus på problema som delar av industrien i Noreg slit med. Desse problema skal takast på alvor. Det trengs ein aktiv politikk der ein går målretta inn i høve dei bransjar som har problem.

Problemet er at store delar av de norske ja-sida sit og sutrar og klagar over at Noreg ikkje er med i EU i staden for å gjere noko aktivt med situasjonen i Noreg.

Det er heilt rett som mange seier at vi har avgrensa handlefridom utanfor EU. Mykje av denne handlefridomen har vi gitt frå oss til EU gjennom EØS-avtalen. Dette er jo eit av dei poenga Olav Akselsen også framhevar i sin kritikk av EØS.

Men vi gjer jo ikkje situasjonen betre ved å gå inn i EU og gi frå oss nokre av dei viktigaste verkemidla vi har igjen – ein sjølvstendig rentepolitikk og råderett over statsbudsjettet.

Det finnast gode argument for at renta burde vore lågare og at sentralbanken burde ha lagt meir vekt på andre omsyn enn inflasjon.

Gjedrem ofrar industriarbeidsplassar for å sikre låg inflasjon, mens politikarane står og ser på.

Men kvar har han lært det?
Kven er det som har traktatfesta at sentralbanken ikkje skal styrast av politikarane?
Kven er det som har traktatfesta at sentralbanken skal ha som hovudmål – låg inflasjon?
Kven er det som har ein sentralbank som setter opp renta på grunn av sokalla ”press i økonomien” – når arbeidsløysa er over 9 prosent?
Jau, det er jo EU.

Fleirtal på Stortinget har fullt høve til å styre Gjedrem gjennom å endre valutaforskrifta. Hadde vi vore med i EU ville dette vore forbode. Då hadde vi vore bunde til målet om låg inflasjon og den ”idiotiske” stabilitetspakta.

****

Den siste vekene har det vore mykje fokus på forhandlingane om EØS i samband med austutvidinga. EU-kommisjonen har gått høgt på bana og kravd milliard-beløp frå Noreg i årlege bidrag. Argumentasjonen som vert brukt er at Noreg vil tene på at EU vert utvida og vi derfor ikkje skal vere ”gratispassasjer”.

Det er ingen grunn til at Noreg skulle bidra meir gjennom EØS ut frå ein argumentasjon om at marknadstilgangen vert betra med eit austutviding. Allereie i dag har Noreg frihandelsavtalar med alle søkarlanda.

Det er likevel gode argument for at Noreg bør støtte landa i Aust- og Sentral-Europa med betydelege beløp for å styrke utviklinga av demokrati og økonomi i dei landa. Eg synast ikkje det er urimeleg å snakke om milliard-beløp – under føresetnad av at dette ikkje går ut over støtten til enno svakare stilte regionar i verda.

Men det er ein svært lite effektiv og målretta måte å støtte desse landa på å pløye pengane gjennom EU-systemet.

Svindel, feil og sjølvtilfredsheit. Dette er stikkorda i årets rapport frå EUs revisjonsrett som Financial Times presenterer 6. november i år. For åttande året på rad var revisjonsretten berre i stand til å stadfeste at fem prosent av EUs utgifter var lovlege og korrekte. Dei resterande 95 prosent vart ikkje gitt ei positiv stadfesting ”på grunn av hyppigheita av feil som vart funne.”

Og dette systemet skal Noreg sende milliardar av kroner gjennom? Det ser ikkje ut til å bekymre fleirtalet av Stortingspolitikarane nemneverdig. Kor er Carl I Hagen når ein for ein gangs skuld kunne trenge han?

Men det er fleire grunnar til at vi ikkje bør sende pengane omvegen om Brussel. Noreg bør støtte landa i Aust- og Sentral- Europa uavhengig av om dei seier ja til EU-medlemskap eller ikkje. Dersom vi går med på EU sitt krav vil det jo fungere slik at dei landa som vel EU-medlemskap vil vere garantert årlege støttebeløp frå Noreg – pengar dei vil gå glipp av dersom dei seier nei til medlemskap.

Dette burde vere ei sjølvsagt haldning frå Noreg som sjølv har velt å stå utanfor EU. Vi skal seie til søkarlanda;
1. Vi ynskjer å bidra med økonomiske ressursar for å styrke demokrati og økonomi
2. Desse bidraga skal skje uavhengig av kor vidt de vel EU-medlemskap eller ikkje
3. Uavhengig av EU-medlemskap så ynskjer vi å auke samhandel mellom landa våre, slik vi har gjort gjennom 90-talet
4. Vi ynskjer å utvikle eit tettare samarbeid i saker av felles interesse for våre land – både regionalt og globalt
5. Og viss de seier nei til EU, er døra til EFTA opa.
Men denne utfordringa bør Noreg også stille til EU. Dersom det er snev av alvor i festtalane i EU om solidaritet med landa i Aust- og Sentral-Europa, ja så bør EU seie at dei garanterer like store overføringa til søkarlanda – uavhengig av medlemskap eller ikkje. Vidare så bør EU seie at ein garanterer søkarlanda handelsavtalar med like god tilgjenge til marknadane som eit medlemskap ville ha gitt dei. Dersom EU verkeleg trur på Unionsprosjektet – ja, så bør dei argumentere overfor søkarlanda med dette – og så sjå kva folket sin dom vert – i staden for å drive utpressing.

****

Min spådom er at EU ikkje kjem til å ta sjansen på at folkeavstemmingsdebattane i søkarlanda skal dreie seg om kor vidt ein ynskjer å verte medlem i Europa Foreinte Statar.

EU har litt dårlege erfaringar med å ta folket med på råd i slike samanhengar.

19. oktober trakk EU-eliten eit sukk av lette. Den dagen stemte irane ja til Nice-traktaten.
Dersom EU sine eigne spelereglar hadde vore følgd, ville Nice-traktaten for lengst vore død og gravlagd. Irane avviste allereie i fjor traktaten. Men den politiske eliten i Irland og i Brussel var ikkje fornøgd med svaret dei fekk den gongen.

Som eg pleier å seie – EU sin definisjon av stemmerett er at du skal stemme rett – og viss du stemmer feil, så skal du få lov til å stemme om igjen.

Irane vart fortalt at Nice-traktaten var ein føresetnad for austutvidinga, og at prosessen ville stoppe opp dersom dei på nytt stemte nei til traktaten. Det er såleis ikkje rart at eit fleirtal av irane stemte ja.

Men Nice-traktaten er ingen føresetnad for utvidinga. EU har vorte utvida tidlegare utan at traktatendringar har vorte gjort på førehand. Allereie i Amsterdam-traktaten vart det opna for nye medlemsland. Det hadde ikkje vore noko problem for EU å inngå avtalar med søkarlanda om opptak innanfor rammene av eksisterande EU-traktatar.

Dette er ingen seier for Aust- og Sentral-Europa. Estland, Latvia og Litauen har like lite å tene på Nice-traktaten som Danmark, Irland og Noreg. Nice-traktaten vart laga for at dei store landa skulle kunne oppretthalde makta og påverknadskrafta dei har i dag, i eit utvida EU. Det irske ja var ein ”Seier for Europas eliter” slik avisa Daily Telegraph oppsummerte det.
Har EU så lært noko av historia om Irland? Ja, mykje kan tyde på det. Ein har lært at;

Folkerøystingar – det er fali` det!
Ein kan jo risikere at folk stemmer feil.

Og det krev jo mykje tid og ressursar dersom ein heile tida skal drive å arrangere nye røystingar for å få folk til å stemme rett.

Då er det kanskje best å følje rådet til den spanske utanriksministeren og medlem av Konventet Ana Palacio. Ho er mot at resultatet av Konventet sitt arbeid skal leggast ut til folkerøysting. I fylgje avisa El Mundo er Palacio av den oppfatning at sidan det er ein traktat, så skal den ikkje gjerast til gjenstand for samråd med folket.

****

Det er Europas Foreinte Statar som er målet til EU. Det kjem tydeleg fram i utkastet til EU-forfatning som Konventet nyleg la fram;
Union skal vere bygd på ”ein føderal basis”.
Ein skal ha ein ”felles forsvarspolitikk for å forsvare og fremje Unionens verdiar i verda”.
Ein legg opp til direkte skattlegging gjennom å seie at “Unionens budsjett er fullstendig eigenfinansiert”.
Og ein foreslår at det skal velgast ei EU-regjering og EU-president.

Framlegget frå Konventet har møtt kritikk frå mange ulike hald. Tysdag heldt EUs ombodsmann Jacob Söderman ein tale i Portugal der han kritiserer framlegget for ”å konsentrere seg om maktspelet på toppnivået i EU.” Han peikar på at to av hovud-ideane i utkastet – å velje ein EU-president og ei EU-regjering – vil ”føre EU sine beslutningar til eit enno høgare nivå i staden for å bringe dei nærare befolkninga.”

Leiaren for Konventet Valery Giscard d`Estaing har foreslått ”United States of Europe” som eit aktuelt namn for EU i framtida. Det viser meir enn noko kva for planar dei som diskuterer Unionens framtid har.

****

Thorbjørn Jagland brukar ofte å seie at nei-sida ikkje har evne til å ta inn over seg endringar som skjer i EU, som vil ha konsekvensar for Noreg.

Vel, i så fall vil eg utfordre Thorbjørn Jagland.

Det skjer ei rekke ting i EU i dag som vil endre korleis Unionen ser ut i framtida. Arbeidet til Konventet og austutvidinga er to nøkkelord.

Vi står overfor ein ny situasjon dersom fleire søkarland takkar ja til medlemskap.
Men vi står også overfor ein ny situasjon dersom nokre takkar nei.

Allereie i februar kan vi stå overfor ein situasjon der eit av søkarlanda – Malta – har takka nei til medlemskap i ei folkerøysting.
Seinare i løpet av våren kan det same skje i andre søkarland – til dømes i nokon av dei baltiske landa.

Vi veit ikkje om det kjem til å skje.
Men vi veit at folket skal takast med på råd – og då er det to mogelege utfall.

Dersom nye land går inn i EU, krev dette sjølvsagt at vi forhandlar oss fram til kva slags vilkår handelen mellom landa våre skal ha.

Dersom søkarland vel å ikkje gå inn i EU, er det enno viktigare at Noreg er på bana i forhold til kva slags tilknyting som dei og vi skal ha til kvarandre og til Unionen.

****

Debatten om alternativa til EØS-avtalen tvingar seg fram. Utspelet til Olav Akselsen er eit døme på at sentrale aktørar innanfor nærings- og samfunnsliv kjem til å få stadig større problem med å forsvare EØS-avtalen. ESA-oppropet syner at ei rekke sentrale aktørar i norsk offentleg debatt meiner EØS er ute av kontroll.

Norsk Utanrikspolitisk Institutt har starta eit forskingsprosjekt som vil sjå på alternativa som Noreg har i høve til EU. Og i samband med arbeidet i Konventet diskuterer også EU korleis ein skal forhalde seg til sine naboland i framtida.

Andrew Nicholas Duff er representant for dei Liberale i EU-parlamentet, og sit også i Konventet. Til Bergens Tidende 8. november i år seier han at ”land som Noreg gjør klokt i å følge nøye med” på reformprosessen.

”Når EU vokser, må vi regulere forholdet til naboene bedre. Vi har alt fra Ukraina, som ikke kan bli medlem, via Noreg og Sveits som ikke vil – og snart kan vi ha Storbritannia i en utenforposisjon også, hvis britene sier nei til euro og en felles europeisk konstitusjon.”

****

Resultatet av utvidingsprosessen og Konvent-arbeidet kan skape ein heilt ny situasjon. Då er det viktig at vi er på bana med våre alternativ.

Saman med nokre av våre internasjonale alliansepartnarar har vi laga ein plattform som seier ”Ja til internasjonalt samarbeid – Nei til EU-medlemskap”. Med på plattforma er nei-rørslene frå mellom anna Malta, Estland og Slovenia. Plattformen viser at vi står saman med ei rekke organisasjonar internasjonalt – ikkje berre i forhold til å seie nei til EU-medlemskap – men også i forhold til å ynskje å oppretthalde nasjonal handlefridom på viktige samfunnsområde.
Vi peikar på et internasjonalt samarbeid som er vesentleg annleis enn den samfunnsmodell som EU og dagens EØS-avtale inneber.

Det vert ofte sagt at Noreg har sagt nei til EU to gonger. Det er for så vidt ikkje heilt riktig. Det norske folk har berre sagt nei til EU ein gong – i 1994. I 1972 sa folket nei til EF.
Og dersom det kjem noko ny folkerøysting, så kjem ikkje det norske folket til å seie nei til EU. Ein kjem til å seie nei til Europas Foreinte Statar.

Om dette samarbeidet består av 15 eller 25 land er mindre viktig.
For å sitere programleiar i Nytt på Nytt, Jon Almås: ”Etter EU-utvidelsen vil Noreg bli stående nesten helt alene utenfor EU. Ja – bortsett fra Australia, Asia, Afrika…..”

Ha et riktig godt landsmøte!

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook