Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Sigbjørn Gjelsviks lei...

Sigbjørn Gjelsviks leiartale på landsmøtet 2001

Les leiar Sigbjørn Gjelsviks opningstale på landsmøtet 24. november.

«Avhengig av en del ytre faktorer mener jeg folkeavstemmingen kan avholdes i løpet av høsten 2002». Sitatet er henta frå dåverande nestleiar i Europarørsla Per Morken i Dagsavisen 23. august 2000. Europeisk Ungdom hadde for sikkerheits skuld allereie booka Oslo Spectrum til seiersfest. Champagnen hadde dei sikkert kjøpt inn også. No er champagnen lagt på kjølen. EU-søknaden er lagt på is. Når den eventuelt kjem veit ingen. Men eg kan love Gunnar Bolstad ein ting: Det kjem til å gå mange cognac i baren i Brussel innan den tid.

Nei-sida er tilbake der den skal vere; med eit klart og stabilt fleirtal på meiningsmålingane. 52 prosent nei mot 36 prosent ja må vel kunne karakteriserast som godkjent.
Ytre faktorar har utvilsamt påverka opinionen:

- Ein ny EU-traktat som sentraliserer meir makt til Brussel og gjev dei store landa endå meir makt på bekostning av dei små.

- Dyrebål som i vinter brende seg fast på netthinna til folk.

- Tre folkerøystingar det siste halvanna året som alle har enda med nei-fleirtal; Danskane sa nei til euro og ytterlegare økonomisk integrasjon i EU; Sveitsarane sa nei til å søke medlemskap i EU; Irane sa nei til Nice-traktaten.

- Ei brei, folkeleg mobilisering mot Unionsprosjektet i Gøteborg. Nær 20 000 gjekk i fredeleg demonstrasjon under parolane "Nei til ØMU" og "Sverige ut av EU" - den største demonstrasjonen mot EU i Sverige nokon sinne.

- Vi har all mogleg grunn til å takke våre svenske, danske, irske og sveitsiske venner - og alle andre som vi kjempar saman med. Det har vore eit stort år for EU-motstanden i Europa.

Alt dette har gjort inntrykk på folk flest i Noreg. Men det er ingenting som kjem av seg sjølv - heller ikkje gode meiningsmålingar. Nei til EU har i samarbeid med støttespelarar på nei-sida lagt ned eit omfattande og viktig arbeid i året som har gått:

- Motmelding, Nice-rapport, årbok for tredje år på råd, nye heimesider som vert dagleg oppdatert er berre nokre døme på eit omfattande utgreiings- og informasjonsarbeid i året som har gått.

- Det kvinnepolitiske arbeidet er styrkt gjennom eigen kvinnepolitisk sekretær, skriftserieheftet "Mennenes Europa" og kvinnepolitisk konferanse.

- Det faglege arbeidet er vidareført gjennom faglege nyhendebrev, fagleg konferanse og mobilisering til Gøteborg.

- Det er sett ned eit breitt internasjonalt utval. Dei internasjonale kontaktane er vidareutvikla gjennom deltaking i TEAM, på alternative toppmøter og internasjonale konferansar - og gjennom tilsetting av ein dansk generalsekretær.

- Vi var ein av initiativtakarane bak Gøteborg-aksjonen. Saman med lokale aksjonsgrupper fleire stader i landet organiserte vi reise for meir enn 1000 EU-motstandarar til Gøteborg.

- Vi er ein sjølvsagt og etablert del av globaliseringsrørsla. Vi har bidrege i markeringane mot det nyleg avslutta WTO-toppmøtet i Qatar og mange av oss jobba aktivt i samband med stiftinga av ATTAC Noreg.

- Vi nekta å godta at EU-spørsmålet skulle teiast i hel i valkampen. Spørjeundersøking av Stortingskandidatane, busstur for folkestyre, lokale valarrangement og pressekonferansar var viktige bidrag frå vår side.

Utan aktiv innsats og økonomiske bidrag frå medlemar og sympatisørar hadde ikkje dette late seg gjere. Berre ein liten del av inntektene våre skriv seg frå eksterne bidragsyterer. Slik skal det også vere - det er medlemmane som er og skal vere fundamentet i organisasjonen. Men det tyder samstundes at vi må gjere ein aktiv innsats både for å halde på gamle medlemar, samstundes som vi rekrutterer nye. Vi kan ikkje berre seie at vi skal verve medlemar - vi må ut og gjere det! Den dugnaden håpar eg de blir med på.
Men lat oss ikkje gløyme at situasjonen er betydeleg betre enn mange hadde frykta. For nøyaktig eitt år sidan hadde vi landsmøtet. Ei veke tidlegare hadde leiinga i Arbeiderpartiet - med Thorbjørn Jagland i spissen - klart å skaffe seg såkalla "handlefridom" i EU-saka. Ein handlefridom til å sette til sides resultatet av folkerøystinga i 1994 og sende ein ny EU-søknad dersom ein såg høve til å få fleirtal i folket.
Høgre var som vanleg heiagjeng for ja-sida i Arbeiderpartiet sitt ønskje om ny EU-søknad. I tillegg fremja dei forslag til endring av Grunnlova som skulle gjere det enklare for Stortinget å melde Noreg inn i EU. For Høgre heldt det ikkje å heve seg over resultatet av folkerøystinga i 1994, ein ville til og med endre spelereglane i forkant av ein eventuell omkamp.

Ap-leiinga sin handlefridom og Høgre sitt Grunnlovsforslag gjorde EU-saka aktuell på ein heilt annan måte føre dette valet enn føre valet i 1997. Men dei som hadde sett EU-saka i spel ville ha time-out i valkampen. EU-spørsmålet var ikkje aktuelt, fekk vi høyre frå Høgre. Nei, sjølvsagt ikkje - det er vel derfor dei programfesta at "Høgre vil arbeide for at Noreg vert medlem av EU så raskt som mogleg." Aldri har det vore meir openlyst kva ja-sida jobba for.

Trass i iherdige forsøk frå sentrale aktørar på å teie EU-saka i hel, vart det gjort viktige avklaringar i valkampen. Dette skal ikkje minst spørjeundersøkinga vår av stortingskandidatane ta sin del av æra for.

- Bortsett frå Høgre og Arbeiderpartiet avviste samtlege parti på Stortinget at det kunne vere aktuelt å sende ein ny EU-søknad i komande Stortingsperiode.

- Høgre sitt Grunnlovsframlegg fekk berre støtte i frå partiet sine eigne kandidatar.

- I tillegg gjorde alle nei-partia det klart at det var uaktuelt å sitte i ei regjering som tek initiativ til ein ny EU-søknad.

Leiinga i Arbeiderpartiet var sjølvsagt klar over at det var til Høgre ein måtte gå for å sikre "handlefridom" i EU-saka i denne perioden. Men kva så? Høgre har jo alltid dilta etter leiinga i Arbeiderpartiet i EU-saka og dermed har ein vore sikra fleirtal. Jagland var sikker på at han hadde skaffa seg handlefridom, men veljarane ville det annleis. Arbeiderpartiet og Høgre miste fleirtalet dei har hatt på Stortinget i over 70 år. Sorry, Jagland - der rauk handlefridomen.

Stortingsvalet har redusert handlingsrommet til ja-folka betydeleg. Arbeiderpartiet og Høgre har ikkje fleirtal på Stortinget lenger og er avhengig av eit uberekneleg Framstegsparti for å kunne fortsette den einsidige tilpassingspolitikken. Men det er dessverre ingen grunn til å ha store forhåpningar. Frp er svært så føreseielege på dette området.

- Ikkje ein einaste Stortingsrepresentant frå Frp har signalisert vilje til veto mot patent på liv- eller barnematdirektivet.

- Nei til EU vil ha mat ut av EØS. Frp vil gå stikk motsett veg - full frihandel med mat i EØS.

- Når ESA angrip reglane som sikrar norsk eigarskap i finansmarknaden, applauderer Frp. Sjølvsagt - dei er jo skjønt einige. ESA driv igjennom politikk som Frp har kjempa for i ei årrekke utan å få fleirtalet med seg. Eller for å bruke EU-ambassadør Einar Bull sine ord: "Samtidig har den (EØS-avtalen) ført til betydelige strukturendringer i Norge som vi ikke ville fått uten press fra EU og EFTAs kontrollorgan ESA:" Det er nesten merkeleg at Carl I Hagen ikkje har meldt seg på i kampen om å verte ESA-president.

- Frp trampar på dei verdiane som Nei til EU ønskjer å verne om. Frp er ingen alliert i kampen for at Noreg skal føre ein alternativ politikk til beste for folkestyre, miljø og solidaritet.

Vi vann viktige sigrar ved Stortingsvalet. Høgre sitt framlegg til endring av Grunnlova vert ikkje vedteke. Medrekna eit knapt dusin nei-folk i Arbeiderpartiet si nye Stortingsgruppe er det eit solid fleirtal i det nye Stortinget som har lova veljarane at det ikkje skal sendast EU-søknad i løpet av komande Stortingsperiode. Likevel er det framleis dei som tviheld på "handlefridomen". Nestleiar i Høgre, Inge Lønning set si lit til islendingane. Andre håpar på Tsjekkia-suget.

Mandag denne veka kunne Dagens Næringsliv opplyse det norske folk om at "Nå har noe skjedd". Kva er det så som har skjedd? Jau, EU meiner at ti søkarland kan verte klare til å verte medlem i 2004. Ja vel, men kva var nyheita? Hadde det ikkje vore meir interessant å opplyse det norske folk om at forhandlingane mellom EU og søkarlanda på fleire område står i stampe. Fleire av søkarlanda har etterkvart vorte mektig irritert over alle krav til EU-lovgiving som dei vert pålagt, medan EU sjølv sikrar seg lange overgangsordningar på viktige område.
Det ser ikkje ut til å bekymre EU at motstanden mot unionsprosjektet er aukande i fleire av søkarlanda. Det er "utenkeleg" at nokon kjem til å stemme nei. Eller kanskje er det ikkje så nøye? Viss det utenkelege skjer - så kan dei jo berre stemme om igjen. Det er jo det irane har fått beskjed om. Irane - som var uforskamma nok til å stemme nei til ein ny EU-traktat der dei "berre" tapar drygt 10 prosent av stemmevekta si i EU til dei store landa.

Lita tue kan velte stort lass, heiter det. Men lite EU-land får ikkje velte stor EU-traktat. Det er akkurat det samme som danskane fekk erfare i 1992 då dei stemte nei til Maastricht-traktaten. Dei høge herrar i Brussel kunne ikkje godta at nokon skarve danskar stakk kjeppar i hjula for deira store unionsprosjekt. Derfor fekk danskane sine fire unntak, deretter fekk dei stemme om igjen. Denne gongen bar båten for ja-sida. EU fekk sin Maastricht-traktat. Men kva fekk danskane? Jau, i fjor fekk dei ei ny røysting der dei måtte ta stilling til euroen - som folkeavstemminga sju år tidlegare hadde avklart at dei ikkje skulle vere med på. Nok ein gong vart resultatet nei. Då skulle ein kanskje tru at resultatet var endeleg. Men nei, i den nyleg avslutta valkampen i Danmark tok fleire parti til orde for nye røystingar for å fjerne unntaka frå 1993.

Den politiske eliten viser forakt for folkemeininga. Er det rart at valdeltakinga går nedover? Definisjonen av stemmerett har vorte: Du skal stemme rett - og viss du stemmer feil - så skal du få lov til å stemme om igjen.

Det er for så vidt akkurat det samme som skjer i Noreg. Sjølv om vi har sagt nei, både ein og to gonger, så kjem spørsmålet stadig på dagsorden igjen. Spørsmålet for ja-sida er aldri om ein skal overkøyre resultatet frå 1994 - spørsmålet er når.

Den som trur vi går inn i ein "EU-fri" periode kjem til å forrekne seg. Ingen må la seg overraska dersom ein utålmodig Thorbjørn Jagland igjen - og igjen - vil sette medlemskapsspørsmålet på dagsorden. Men kven andre vil sjå seg tent med dette i nær framtid? Eit eventuelt forslag om EU-søknad i denne Stortingsperioden manglar ei kvar folkeleg forankring og har i tillegg få støttespelarar i Stortinget. Lite tyder på at jubelen vil stå i taket i regjeringskorridorane, heller. Før ein EU-søknad kan sendast må dei nye samarbeidspartia - inklusiv Høgre - forlate regjeringskontora. Det står vel kanskje ikkje høgast på ønskelista, utanriksminister Petersen?
Det er jo trass alt ei stund sidan Høgre var i regjering sist - og enkelte av dei nye statsrådane verkar til å brenne etter å vise seg fram. Og det er jo først no dei får oppleve kva det betyr å stå utanfor EU. Per-Kristian Foss - stakkars - vart avspist med ein lunsj når finansministrane i EU møttest i Brussel for eit par veker sidan. Hendinga vert skildra med stor innleving over ei heilside i Dagbladet: "Han har vært enig med dem i 30 år. Han er nærmest konstruert for EU-medlemskap der han kommer til ministerrådsbygningen med sitt følge. Dressene og dokumentmappene er minst like fine som de andres. I går var Per-Kristian Foss meget nær, men likevel så langt unna. -For meg som EU-tilhenger gjennom alle år er det jo litt pinlig å bare være lunsj-gjest, svarte Foss på Dagbladets "hva føler du nå"-spørsmål." Vi verkeleg føler med han.

Det er ikkje berre Foss som har vore ute og reist. Medan Lars Sponheim vart sittande heime, reiste Ansgard Gabrielsen til Qatar. Men denne gangen var det ikkje Noreg som vart plassert på gangen når forhandlingane skulle foregå. I ei notis i Nationen 13. november kan statssekretær Elsbeth Tronstad fortelle at "Vi møter jevnlig de nordiske handelsministrene her under WTO-forhandlingene i Doha. Og da opplever vi at medlemsland i EU spør oss om hvordan EU oppfører seg i forhandlingene. EUs medlemsland er ikke representert i alle fora der EU-kommisjonen forhandler, mens vi er der." Som EU-medlem hadde vi vorte plassert på gangen - "vår stol hadde stått tom".

Resultatet av forhandlingane i Doha vart ikkje like ille som frykta for dei fattige landa. Det skal imidlertid verken Norge, EU eller USA ha æra for. Det skuldast at gruppa av dei fattigaste landa fekk nok i Seattle for to år sidan, og at u-landa har fått meir sjølvtillit fram mot møtet i Doha. Likevel går utviklinga sakte men sikkert i feil retning - i retning stadig meir liberalisering på stadig fleire område. Norske styresmakter har i det store og heile oversett dei kraftige protestane som har kome frå ei stadig sterkare internasjonal rørsle av frivillege organisasjonar.

Det er berre ein måte å endre det på - det er å bygge den internasjonale fronten endå breiare. Vi må få med oss endå fleire. Og vi må markere klar avstand til dei som trur ein kan vinne kampen gjennom å skjule ansiktet sitt og kaste stein på politiet. Dei har ingenting i fronten å gjere. Vi vinn kampen gjennom å vise ansikt - gjennom å vise at vi er mange; miljøaktivistar, fagforeiningar, bondeorganisasjonar, kvinnerørsla, distriktsopprørarar. Til saman er vi ei fleirtalsrørsle som krev makta tilbake over vår eiga framtid. Den kampen skal vi vinne.

Utviklinga er ikkje heilsvart. Miljøvernminister Børge Brende skal ha ros for å ha betra Norges miljøpolitisk profil, både når det gjeld atomforureining frå Sellafield og i klimaforhandlingane i Marrakesh. Rykta vil ha det til at han i Marrakesh tok embetsverket med på bakrommet for å fortelje dei kven som var sjefen. Eg trur neppe miljøpolitikken - verken i Noreg eller internasjonalt - vert revolusjonert av Børge Brende. Men Brende har synleggjort at det handlar om politisk vilje.

På mange områder kopierer Noreg EU sin miljøpolitikk. Men det finst også eksempel på saker der Noreg og EU skiljer lag. Eit ferskt døme er forhandlingane om fri tilgang til frøressursar for mat- og fôrplanter. Forhandlingane vart nyleg sluttført i FNs organisasjon for ernæring og landbruk. Noreg var eit av få land som fekk ros av dei frivillege organisasjonane. Mellom anna var Noreg villig til å godta større forpliktelsar enn EU i diskusjonane om økonomisk fordeling av utbytte ved bruken av genressursar. Noreg spelte ei sjølvstendig rolle i ein situasjon der EU stod i mot u-landa.

Dette eksempelet er ikkje eineståande, noko som også vert stadfesta av følgande sitat frå Europameldinga: " På feltet biomangfold/genteknologi har norske myndigheter arbeidet for å ivareta miljøhensyn så vel som rettferdighetshensyn i tråd med prinsippene i FNs konvensjon om biologisk mangfold (CBD). I flere situasjoner har Norge hatt mulighet til å ta initiativer som ikke uten videre kan tas av EU-land, da disse kan være avhengige av omforente posisjoner innenfor gruppen. Et eksempel er politikkutforming i det kontroversielle skjæringspunktet biomangfold og biopatentering (under CBD, FAO og WTO)."

Noreg har arbeidd for eit regelverk i FN-konvensjonen om biologisk mangfald som skal hindre genrøveri. Skal ein hindre genrøveri må dei som ønskjer å ta patent vere forplikta til å informere om kvar genressursar er henta frå. Som eit land utanfor EU har Noreg kunne fremje forslag som EU ikkje har vore samde i, men som EU har enda opp med å støtte når det først har ligge på bordet.

Genrøveri er også kjernen i debatten om patent på liv. Noreg meiner at patent på liv-direktivet er uforeinleg med føremålet til FN-konvensjonen om biologisk mangfald - nett fordi det ikkje stiller krav om at patentsøknaden skal innehalde informasjon om kvar genressursane er henta frå. Her ligg det med andre ord ein reell politisk usemje mellom Noreg og EU. Difor støtta Noreg Nederland si sak for EF-domstolen.

Sentrumsregjeringa utforma brevet med støtte til Nederland si sak. Stoltenberg-regjeringa fylde opp med å halde innlegg til støtte for Nederland i domstolen. Men kva skjer når EF-domstolen kjem til den "svært så overraskande" konklusjon at EU sitt regelverk ikkje er i strid med FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Jau, då er Thorbjørn Jagland raskt på bana og seier at no må vi godta patentdirektivet fordi "vi har bedt domstolen avgjøre saken".

Kva er det slags vås? Det er Nederland som har klaga saka inn for domstolen. Norge har støtta Nederland si sak fordi vi er politisk samde. EF-domstolen har ingenting med kva Noreg måtte meine eller gjere. EF-domstolen har ikkje dømande makt i Noreg. Det har folkerøystinga i 1994 avklart. Noreg sin argumentasjon - slik den har vorte formulert av to norske regjeringar - må haldast fast: Patent på liv er uforeinleg med FN-konvensjonen om biologisk mangfald. Det er EU mot FN - vi støtter FN. Vi seier nei til patent på liv.

Det er viktig å framleis arbeide for veto mot enkeltdirektiv som trugar helse, miljø og tryggleik. Men det største problemet med EØS i dag er eit overivrig ESA som blandar seg inn i store og små saker i Noreg. ESA er meir katolsk enn paven. Alle vegar fører til Romatraktaten.

ESA fungerer ikkje lenger berre som eit kontrollorgan som skal sørge for at privatpersonar, verksemder og offentlege styresmakter held seg til EØS-regelverket slik det er nedfelt i avtalen. ESA har med sine mange initiativ teke på seg ei rolle som politikkutformar på viktige samfunnsområde i Noreg. Dette ei rolle som ingen - i alle høve ikkje ope - har sagt at ESA skulle ha. Dette er ein situasjon som norske politikarar ikkje kan leve med over tid.

Kjell Magne Bondevik og Jon Lilletun er einig i at ESA tidvis er meir katolsk enn paven. Men dei håpar kanskje på hjelp frå høgare makter. Eg har inga tru på at ESA kjem til å fungere noko annleis med Einar Bull ved roret. Bull sine uttalelsar til Dagens Næringsliv viser med all mogeleg tydelegheit at han er fornøgd med måten ESA overstyrer Noreg på stadig nye område. ESA lever sitt eige liv. Det hjelp ikkje å godsnakke med dei. Det finst berre ei løysing - fjern ESA.

Minst like viktig er det å vere på vakt mot nye initiativ frå ja-folka. Eit godt døme på dette er drøftingane med EU om ei såkalla "teknisk oppgradering" av EØS-avtalen. Enkelte meiner det er behov for dette som følge av "endringar i EU gjennom Maastricht-traktaten, Amsterdam-traktaten og den enno ikkje ratifiserte Nice-traktaten"! Den type sniktilpassing må vi gå klart i mot!

Ja-sida klarar ikkje å skape oppslutning om unionsprosjektet. Difor prøver dei å utnytte den uvissa som mange føler for framtida og bidreg til å skape frykt; Frykt for at vi ikkje får selt fisken vår; Frykt for at vi vil miste arbeidsplassar; Frykt for at vi vert isolert dersom EU vert utvida med mange nye land; Frykt for at ingen vil kome og hjelpe oss dersom Noreg vert angripe av terroristar. Det er tydelegvis tryggast å vere på innsida når isolasjonistane i EU bygger murar mot resten av verda.

Det kviler eit stort ansvar på alle oss andre i å skissere eit anna alternativ - eit samfunn der vi søker å finne globale løysingar på globale utfordringar. Vi har berre ei jord - den har vi ansvar for å forvalte i fellesskap til beste for dagens og komande generasjonar. Hendingar den seinare tida har forsterka behovet for å legge vekt på nett dette.

Angrepet på World Trade Center syner kor sårbart verdssamfunnet er og kor viktig det er at ein står saman i kampen mot terrorisme. Den grufulle handlinga som vart utført 11. september gav høve til å sameine alle gode krefter på tvers av kulturar, religionar, folkegrupper, land og kontinent i kamp mot ein felles fiende - terrorspøkelset. Det gav høve til å styrke FN som representant for verdssamfunnet - både for å løyse og for å motverke konflikter. Diverre vart bruer bomba knapt før ein hadde starta bygginga av dei. Diverre vart stormaktene sitt svar på terrorangrepet prega av gårsdagens løysingar på dagens og morgondagens problem.
EU var raskt på bana med framlegg til forsterka kamp mot terrorisme. Nokre framlegg var utan tvil fornuftige, andre svært betenkelege. Men hovudproblemet med EU - til liks med USA - sin innsats er at ein i for stor grad vektlegg å bygge enno sterkare murar kring sine eigne grenser, ein tek sikte på enno strengare framandkontroll i staden for å sjå på årsakene til problema. Ein satsar vidare på ein politikk som ikkje har klart å forhindre terroråtak - og ein står i fare for å skape grobotn for terroristane til å vinne fleire støttespelarar i staden for å kome terror-vondet til livs.

EUs justisministrar har vedtek nye, vide terroristdefinisjonar. Den som "på alvorleg måte vil endre politiske, økonomiske eller sosiale strukturar" er i søkelyset dersom det til dømes skjer ved "ulovlig bemektigelse … av offentlig eiendom, transportmidler, infrastruktur, offentlige steder eller eiendom." Den som okkuperer ein bygning, sperrer ei trafikkåre eller demonstrerer ulovleg på offentleg plass, kan plutseleg havne innanfor definisjonen av terrorist. Sjølvsagt betyr ikkje det at ein person nødvendigvis vert stempla som terrorist av slike grunnar - det vil avhenge av det politiske klimaet i kvart enkelt land. Nett difor er det grunn til å rope varsku. Fleire land har i rekordfart vedteke nye lover som opnar for fengsling av utanlandske terrormistenkte utan lov og dom. Blant dei som har gått lengst i Europa er Storbritannia. USA har gått endå lenger gjennom sine planar om ein militærdomstol.

For dei som meiner denne typen tiltak er viktig i kampen mot terrorisme, bør minst to kontrollspørsmål stillast: Korleis ser vi på at totalitære regimer andre stader i verda set til side internasjonale avtalar og fengslar "terrormistenkte" utan lov og dom? Og vil store mengder terrormistenkte i varetekt utan rettsak i eit land, reduserer sjansen for at fanatiske grupperingar vil gå til åtak på dette landet sitt territorium?

Britane sjølv har erfart korleis slike unntakslover fungerer i praksis. Då internering vart tatt i bruk i Nord-Irland på 70-talet førte det til omfattande brot på borgerane sitt rettsvern og auka rekruttering og økonomisk støtte til IRA. Amnesty International er ein av organisasjonane som åtvarar sterkt mot utviklinga. Det er grunn til å låne øyre til deira åtvaringar.

Mandag 29. oktober kunne ein lese i ei NTB-melding at "Norge nektes samarbeid med EU".
Saka omhandla EU-kommisjonen sitt framlegg til ein EU-arrestordre. Dersom framlegget vert vedteke, vil ein arrestordre frå ein nasjonal domstol automatisk gjelde i alle 15 EU-land. Noreg har uttrykt ynskje om å ta del i dette samarbeidet, noko fleire EU-land har stilt seg avvisande til. Det er utan tvil viktig å etablere utleveringsordningar med klåre retningsliner internasjonalt som flest mogeleg land kan slutte seg til. Det er vanskeleg å sjå at EU-arrestordren bidreg positivt til dette.

Som medlem av Tryggingsrådet i FN burde Noreg sjå det som si viktigaste oppgåve å arbeide for internasjonale tiltak som er eigna i kampen mot terrorisme. Det er her den politiske energien bør setjast inn i tida framover. Skal verda nokon gong verte ein god stad å bu for alle, så er ein avhengig av at enkeltland syner vilje til å bryte ut av den gamaldagse blokktenkinga. Nokon må bidra til å bygge bruer mellom rike og fattige, mellom kulturar og religionar, mellom ulike land og ulike kontinent. Nokon må ta ansvar slikt at kvart enkelt land kan stake ut ein politikk som peikar i berekraftig retning. Det er inga enkel oppgåve å ta fatt på. Men klarar vi ikkje å endre samfunnsutviklinga nedanfrå i det enkelte land, så vil vi aldri klare å erstatte dei internasjonale avtalar og institusjonane som i dag driv utviklinga i feil retning med noko som er betre.

For i dag er det full fart i feil retning. Mens ein flikkar på eit system som fungerer grunnleggande feil. Eit system som før eller sidan vil kollapse dersom vi ikkje føretek oss noko. Karosseriet er ikkje konstruert for den farten vi har. Det blir omtrent som når VG i sin test av sikkerheita til SAAB 2000 oppsummerte med at "ei sidekollisjonspute ville hjelpe litt, men ikkje forhindre at personen ville bli drept." Det er mager trøst.

Det er på tide at nokon tek grep om utviklinga, og det finnast håp. I januar var tusenvis av representantar for frivillege organisasjonar verda over samla til World Social Forum i Porto Alegre under mottoet "Ei anna verd er mogleg". Nær 1500 menneske samla seg til globaliseringskonferanse i Oslo i oktober under samme motto. Ikkje alle desse er mot EU, og i dette ligg høve til å skape nye og breiare alliansar. For det må skapast ei brei semje i folket om at ei anna verd er naudsynt. Dernest må det skapast ei brei semje om at ei anna verd er mogleg. Først då kan vi skape oppslutning om dei verkemiddel som må til for å skape endring. I den internasjonale alternativrørsla som veks fram har Nei til EU ein naturleg plass og ei viktig rolle å spele. Denne rørsla treng den røynsla som mange NTEU-arar rundt om i landet har i å bygge ei brei folkerørsle.

Vi kan vere relativt trygge på at det ikkje kjem nokon ny EU-søknad i inneverande Stortingsperiode. Men vi kan vere enno tryggare på at medlemsskapsspørsmålet ikkje kjem til å vere fråverande i den politiske debatten dei neste fire åra. Ja-strategane vil prøve å legge tilhøva til rette for å kome sterkt tilbake etter neste stortingsval. Om ein ikkje finn det taktisk lurt å køyre fram EU-saka med tyngde i jubileumsåret 2005, har ein i alle høve til hensikt å gjere det i god tid innan neste jubileum i 2014…

Vi må feste blikket mot 2005. Samstundes skal vi ikkje har skylappar på. Vi må halde oppe beredskapen. Det er viktig - ikkje minst psykologisk - å halde eit stabilt nei-fleirtal i opinionen. Vi må nytte tida til å vidareutvikle argumentasjonen mot EU på sentrale område som miljø, austutvidinga og tryggingspolitikk. Samstundes må vi legge arbeid i å vidareutvikle, marknadsføre og skape oppslutning om alternativ til dagens tilknytning til EU.

Vi skal videreutvikle dei viktige alliansane som vi har bygd gjennom siste året. Saman med meiningsfeller i inn- og utland skal vi kjempe for dei verdiane vi trur på - i breie, ikkjevaldelege markeringar. Vi skal være ein spydspiss i kampen for folkestyre, miljø og solidaritet.

Vi skal gjere som Ivar Aasen seier det i diktet Haraldshaugen;
Fram då frendar
i fredlege kappstig.
rette det som rengt er,
reise det som velt er;
byggje og bøte
med bot som duger;
gjere verk som vara,
til verdi øydest.

Lukke til med landsmøtet!

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook