Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Solidaritet med den is...
Landsmøtesalen og Heming Olaussen

Heming Olaussen sammen med deler av den islandske delegasjonen

Solidaritet med den islandske EU-motstanden

Fråsegn frå Nei til EUs Landsmøte 2009:

Finanskrisa sine valdsame verknader i Island førte til at eit desperat folk søkte ein redningsplanke. Dette førte til at ei mellombels stemningsbølgje gav islandsk EU-søknad sommaren 2009.

Nei til EU ser med glede at opinionen i Island no har snudd til eit klårt nei-fleirtal på alle meiningsmålingar. Me registrerer òg at euroskepsisen har auka, samt at nei-sida i Island reorganiserer og styrkjer seg. Nei til EU vil auka vår støtte til våre islandske vener. Samstundes krev me at den norske regjeringa går framst i solidaritet med våre nordiske grannar og frikoplar økonomisk støtte frå krav som ikkje respekterer islandsk sjølvråderett.

Island står no framfor medlemskapsforhandlingar med EU, etter at ei splitta regjering og eit splitta Allting fekk fleirtal for å søkja medlemskap. Det kjem til å bli harde tak, der Islands sine naturressursar vil måtte bli lagt i vektskåla i byte for ein mogleg framtidig overgang til euro. Samtlege islandske parti har halde fram at dei vil tryggja nasjonal kontroll med naturressursar. Det bryt både med EU sin felles fiskeripolitikk, EU sin felles landbrukspolitikk og med EU sine ambisjonar om ein felles energipolitikk.

Noreg har dårlege erfaringar når det gjeld å forhandla med EU om fiskeripolitikk og nasjonal kontroll over eigne naturressursar. Våre erfaringar burde vera nyttig å studera både for ja- og nei-sida i Island. Slik me ser det har EU ingen historiske fiskerettar på Island.

Dersom forhandlingane førar fram til eit resultat, skal saka avgjerast av det islandske folk i ei folkeavrøysting. Nei til EU vil støtta vår systerorganisasjon Heimssyn i oppbygginga av ein sterk kampanjeorganisasjon, og også støtta alle demokratiske krefter i Island som vil arbeida mot islandsk EU-medlemskap.

Nei til EU meiner det er bra at den norske regjeringa har gitt lån til Island, men at det er sterkt å orsaka at regjeringa ikkje har vore meir positiv og aktiv i å bidra med økonomisk hjelp utan å forlanga at islendingane samstundes skal gå inn på heilt uakseptable krav frå IMF, EU, Storbritannia og Nederland.

Nei til EU meiner norsk EU-debatt er tent med å forhalda seg til dei spørsmål debatten eigentleg handlar om; norsk sjølvstyre, råderett over eigne naturressursar og høvet til å føra ein sjølvstendig politikk på ei rekkje område.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook