Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Solidaritetsarbeid ers...
Joakim Møllersen forteller om solidaritetsarbeid i Hellas for å hjelpe folk som blir rammet av kuttene i velferdstjenestene.
© Sindre Humberset

Joakim Møllersen har reist rundt i Hellas for å sjå konsekvensane av krisa og oppbygginga av solidaritetsrørsler mot krisa. 

Solidaritetsarbeid erstatter offentlig velferd i Hellas

Greske solidaritetsrørsler organiserer seg for å hjelpe kvarandre, seier Joakim Møllersen, som har vore i Hellas for Attac. Han innledet på Nei til EUs rådsmøte. 

Den greske velferdsstaten er rasert av krisa. Tusenvis av flyktningar har kome dei greske øyane, der dei står på bar bakke. Joakim Møllersen har vore i Hellas for Attac og vidare reist rundt for lage reportasjar om korleis folk forsøker å handtere krisa.

Vanlege grekarar går saman og bygg opp solidaritetsstrukturar, organisasjonar der frivillige tilbyr mat og velferdstenester der det offentlege tilbodet sviktar.

– Solidaritetsklinikkane har om lag 50 prosent helsearbeidarar og 50 prosent andre frivillige. Det er i stor grad arbeidslause som arbeider som frivillige. Dei fleste solidaritetsklinikkane dukka opp i 2012 som ein konsekvens av kuttpolitikken.

– Det er 21 solidaritetsklinikkar i Aten og dei største er som fullverdige sjukehus. Pasientane er meir eller mindre alle slags folk.

Direkte frå bonde til marknad

– I tillegg til helseklinikkar har ein bevegelsen «Utan mellommenn». Dei opprettar marknadar for å hjelpe produsentar til å kome direkte i kontakt med marknadane. 22 prosent av grekarar kjøper basisvarer frå bevegelsen utan mellommenn.

– Når bevegelsen Utan mellommenn arrangerer marknadar går alltid ein del av maten til dei som driv med utdeling av mat.

Kven er aktivistane?

– I dei største demonstrasjonane i 2011 var det ein halv million som deltok. Det har vorte forska på kven disse var. I Hellas er det politiske miljø som er veldig aktivistiske, men det var ikkje dei som starta denne rørsla. Det var stort sett vanlege frustrerte menneske som aldri hadde demonstrert før.

– Det var utan planlegging og organisasjon, men snart vart det ein organisasjon rundt det. Folk kom ikkje dit for å få ei ny regjering, dei kom for å få eit nytt system.

– Veldig mange av dei som var med her, gjekk over i solidaritetsstrukturane. Mange gjekk også over i Syriza, men mange har også gått ut att fordi dei meiner Syriza har vorte ein del av det same systemet som dei protesterte mot.

– Fleirtalet av dei som er med i solidaritetsarbeidet er arbeidsledige, og over 60 prosent er kvinner. Mange av dei som er med er over 40. Dei yngre engasjerer seg ofte i meir militante rørsler. Om ein er 20 no så var ein 15 då krisa starta. Dei har aldri hatt ein jobb utan at det er deira feil. 

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook