Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Sp-minister og KrF-lei...

Om Nei til EU

Ditt fylke

Magnhild Meltveit Kleppa

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) hilser Nei til EUs landsmøte.

Sp-minister og KrF-leiar helsa Nei til EU sitt landsmøte i ettermiddag

- Datalagringsdirektivet er ei svært alvorleg sak. Aldri før har det vore lagt opp til så omfattande lagring av daglege gjeremål, konstaterte samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kleppa understreka dei udemokratiske sidene ved direktivet. Ho meinte ingen norske folkevalte hadde føreslått eit slikt regelverk om det ikkje kom frå EU.

- Hadde ein stortingspolitikar føreslått dette på 80-talet hadde nok personen vorte omtala som “smårar”, sa ho.

Samferdsleministeren varsla også kamp mot postdirektivet.

-For oss som er opptekne av gode posttenester over heile landet er dette direktivet på ingen måte svaret, slo Kleppa fast.

Dagfinn Høybråten, leiar i Kristeleg Folkeparti, starta si helsingstale med å garantere for at KrF skulle halde fram med å vera eit nei-parti uansett kven som tok over leiarvervet etter han til våren.

Høybråten uttrykte dessutan uro for EU sitt AMT-direktivet. Direktivet vil opne for alkholreklame i visse norske tv-kanalar, og KrF-leiaren hadde klar tale til regjeringa.

- Eg forventar at dei nytta alle tilgjengelege verkemiddel for å halde oss utanfor dette direktivet, sa han.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook