Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Stabssamling i Marnardal
© Lill Sæther/Nei til EU

Leiar Kathrine Kleveland gjer seg klar til rafting i Mandalselva saman med resten av staben i Nei til EU.

Stabssamling i Marnardal

Dei 17 tilsette vart ynskte velkomne av ordføraren i Marnardal i Vest-Agder, Helge Sandåker frå Ap. Sandåker har vore med i både Sosialdemokratar mot EU og i Nei til EU som nestleiar i fylkeslaget. Den blide ordføraren er like mot EU i dag, og i arbeidet i kommunen møter han utfordringane med EØS nær sagt kvar dag. 

Dei tilsette i Nei til EU la i år stabssamlinga til Øyslebø og Høgtun kultursenter. Vakker natur og flotte fellesaktivitetar danna råma ring tre dagar med fagleg oppdatering.

Organisasjonskonsulent John Øyslebø, som har ansvar for Agder-fylka, Telemark og Rogaland, har organisert det praktiske på samlinga frå 1. til 3. juni – og var blid og stolt vert.

På programmet står mellom anna TTIP og TISA, EØS og marknadstilgang og lokale konsekvensar, landbruket, kampanjearbeid og ymse organisatoriske emne. Vi står framfor ein haust med EØS-kampanje og fagleg opprop mot EØS . Neialliansen vert viktig, og det er mykje arbeid som skal gjerast både av Nei til EU sentralt og ute i fylka.

Men ei stabssamling skal òg vera sosial. Mange i staben arbeider aleine omkring i landet, og ei samling er ein viktig arena for å møta dei andre kollegaane. Måndag kveld tok John oss med på rafting i Mandalselva! Det vart ei flott oppleving – om enn kald. I rafting er det meir eller mindre obligatorisk med ein dukkert, og det var ein våt og frossen gjeng som smilande kom i land nokre hundre meter lenger nede i elva. Tysdag var ikkje mindre kald, så då vart det grilling i låven til John.

– Dette har vært inspirerende dager, vi har delt og lært noe nytt alle sammen, og i tillegg har vi også hatt det morsomt sammen. Med ny kunnskap i bagasjen og planer for videre arbeid, er vi klare for nye arbeidsdager, seier Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU.

© Lill Sæther/Nei til EU
© John Øyslebø/Nei til EU

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook