Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Starten på alternativ-...

Om Nei til EU

Ditt fylke

© Sindre Humberset

Prosjektleiar Sigbjørn Gjelsvik i Alternativer til dagens EØS-avtale, vart grilla av Torgny Hasås under Nei til EU si EØS-konferanse på Litteraturhuset i Oslo 17. mars 2012. 

Starten på alternativ-debatten

Nei til EU si EØS-konferanse på Litteraturhuset 17. mars var det første høvet til å debattere EØS-avtalen etter at Alternativprosjektet la fram sine åtte alternativ til dagens EØS-avtale. 

Sigbjørn Gjelsvik er prosjektleiar for Alternativer til dagens EØS-avtale som torsdag 15. mars la fram sin omfattande rapport.  

- Vi har funne totalt åtte hovudalternativ, og det er mange moglege variantar og alternativ under fleire av dei. Det er altså mange brukbare alternativ til EØS-avtalen slik den fungerer i dag, sa Sigbjørn Gjelsvik i si innleiing under konferansen.

- Eitt av alternativa har vi brukt lite tid på. Det har vorte grundig utgreidd før, og skårar veldig dårleg i meiningsmålingar. Dette alternativet har også vorte nedstemt to gongar i folkerøystingar. Det er sjølvsagt EU-medlemskap eg siktar til, smiler Gjelsvik.
 Eit anna alternativ kjem i utgangspunktet også frå EU-sida.

- EU har signalisert at dei ønskjer seg ein meir omfattande EØS-avtale, fortalde Gjelsvik.  

- Den regjeringsoppnemnde Europautredningen fekk ikkje mandat om å utgreie alternativ, noko som var hovudgrunnen til at prosjektet Alternativer til dagens EØS-avtale vart starta. Europautredningen har stort sett halde seg lojale til dette, men med eitt unntak. Dei har på eige initiativ utgreidd alternativet med ein meir omfattande EØS-avtale, der ESA og EFTA-domstolen får utvida kompetanse til mange fleire område.

- Eg synest i utgangspunktet at det er bra at dei har utgreidd dette alternativet, men det er problematisk at dei ikkje har lagt fram andre alternativ enn ein utvida EØS-avtale.

Både meir og mindre EØS
Av dei åtte alternativa er to meir omfattande enn dagens EØS-avtale, altså EU-medlemskap og ein større EØS-avtale. To baserer seg på dagens EØS-avtale, anten ved å endre måten ein praktiserer dagens avtale eller ved å ta ut delar av avtalen. Dei fire siste alternativa inneber at EØS-avtalen vert sagt opp og erstatta med andre avtaleformer. Det kan vere ei vidareutvikling av frihandelsavtalen frå 1973, berre basere seg på WTO-reglane, bilaterale avtalar av den typen som Sveits har eller ein multilateral avtale for alle EFTA-landa.

- Når organisasjonar og parti skal ta stilling til alternativ til EØS, kan dei til dømes velje ein kortsiktig strategi om å utnytte handlingsromet innanfor avtalen betre, og samstundes ha eit langsiktig mål om å erstatte EØS med ein annan avtale, fortalde Gjelsvik.

Også ei ja-utgreiing
Det såkalla Grieg-utvalet, som Europabevegelsen sette ned, har også lagt fram ein rapport denne veka. Tidlegare ESA-president Knut Almestad var forfattaren av rapporten, som vart referert i VG 14. mars under tittelen “Katastrofe for Norge hvis man velger å avvikle EØS-avtalen”. Sigbjørn Gjelsvik var ikkje imponert over den konkurrerande rapporten, som med sine 19 sider skortar på dokumentasjon for påstandane sine.

- I følgje Almestad kan norske tilbydarar ikkje konkurrere om offentlege anbod i EU-landa dersom EØS-avtalen vert sagt opp. Det er direkte feil. Noreg har signert ein avtale med 40 land som sikrar same vilkår for offentlege anskaffelsar som i EØS-avtalen, på godt og vondt, slo Gjelsvik fast.  

Fleirtal for handelsavtale
- Dette er ikkje eit nei til EØS-prosjekt. Vi har fleire organisasjonar med som er for EØS, og vi skal ikkje konkludere med eitt alternativ. Organisasjonane og partia som er med i prosjektet må sjølv finne ut kva alternativ som er det rette for dei, sa Gjelsvik.
 - Men i serie meiningsmålingar i vinter svarar eit klart fleirtal at dei ønskjer ein handelsavtale i staden for EØS. Det er nok svært ulikt kva dei som svarar legg i ei handelsavtale. Eg er ganske sikker på at dei som heller vil ha handelsavtale meiner at EØS-avtalen har vorte for omfattande og at dei ønskjer ein avtale som gjer at folk kan styre meir sjølv her i landet.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook