Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Suget frå Sagaøya

Suget frå Sagaøya

Ei meiningsmåling syner at 9 av 10 islendingar i dag ynskjer å undersøke kva landet kan oppnå i forhandlingar med EU om medlemskap. Thorbjørn Jagland bles i luren og meiner Noreg må forhandle parallelt med Island for å oppnå ei betre løysing på fisk enn det vi gjorde i 1994.

Fleire sentrale aktørar på den norske ja-sida har forsøkt å framstille det slik at islendingane no nærast har sagt ja til medlemskap. Islendingane sjølv er av ei heilt anna oppfatning. Den islandske fiskeriministeren, Árni M. Mathiesen, kommenterer den norske debatten slik: "Det er de som vil inn i EU i Norge som har startet denne debatten. På engelsk kalles dette scaremongering (skremselspropaganda)S Undersøkelsen er gjort med den antagelsen at Island vil få et bedre forhandlingsresultat enn Norge i 1994, og det ser jeg ingen muligheter for." (Klassekampen 21/3).

Det avgjerande for både Noreg og Island er å behalde full råderett over fiskeriressursane. Med EU-medlemskap vert alt innanfor 200 nautiske mil felles EU-hav, der EU fastset kvotar og forhandlar med tredjeland om kvotefordeling. Ingenting tyder på at EU er villeg til å gi unntak for dette, uavhengig av om "stormaktene" Island og Noreg skulle søke saman. Malta har nettopp fått avslag på sitt krav om å behalde si 25 mils-sone ved eit eventuelt medlemskap. Årsaka er ikkje vanskeleg å finne. EU må redusere
kvotane etter mange års overbeskatning av ressursane. Då er det ikkje populært å gje nye medlemsland særavtalar.

Argumenta mot medlemskap i EU har vorte styrka sidan 1994. Stadig meir makt er flytta frå det einskilde medlemsland til Brussel. Dei store landa skaffar seg større makt på bekostning av dei små. Makta over pengepolitikken er lagt til ein sentralbanksjef i Frankfurt. Eit EU-medlemskap vil gjere det vanskeleg for Noreg å føre ein politikk som er til beste for folkestyre, miljø og nternasjonal solidaritet. Ein islandsk EU-søknad vil ikkje endre
på dette.

Sigbjørn Gjelsvik
Leiar i Nei til EU

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook