Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Tåkelagt debatt
Stefnir Huni Kristjansson

Stefnir Huni Kristjansson, leiar i Isafold, den islandske ungdomsorganisasjonen mot EU, helsar landsmøtet.

Tåkelagt debatt

- Islandsk media lyg til folket, sa Stefnir Huni Kristjansson, leiar i Isafold, til landsmøtet søndag føremiddag.

Han var opprørt over den politiske situasjonen. Sosialdemokratane på Island har gått inn for snarleg EU-medlemskap, og media framstiller dette som den einaste løysinga på dei økonomiske utfordringane.

- Det er vanskeleg å få media til å skrive sanninga. Men vi jobbar kontinuerleg med å få ut informasjon ut, sa Kristjansson.

Isafold er den islandske ungdomsorganisasjonen mot EU. Dei har eksistert i omlag eitt år og har 400 medlemmar.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook