Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / – Talet på nei-represe...
Løvebakken

– Talet på nei-representantar ikkje noko mål på suksess

– Eg synst ikkje nei-sida skal bruke talet på nei-representantar i Stortinget som noko mål på suksess, seier Helene Bank, tidlegare utanrikspolitisk rådgjevar for Senterpartiet.

Til liks med andre røyster på nei-sida og valforskar Hanne Marte Narud avdramatiserer ho framgangen for ja-partia i stortingsvalet.

Stortingsvalet gav ikkje fleirtal av nei-folk på Løvebakken, slik mange spådde. Ja-partia Arbeidarpartiet og Høgre vann att sitt gamle fleirtal. Kan nei-sida vere på veg mot eit meir uføreseieleg Storting dei neste fire åra?

– Dersom EU hadde vore på dagsorden, ville Stortinget spegla ei stabilt sterk nei-side. Nei-sidas strategi i 2009 var å få på plass vedtaka i partia og LO om å evaluere EØS-avtala. Det er lova ein debatt i komande stortingsperiode, og strategien var vellukka, slår Helene Bank fast.

Ho er spesialrådgjevar i organisasjonen For Velferdsstaten, men har bakgrunn frå blant anna Senterpartiet og Attac.

– Ja-sida i Arbeiderpartiet vil nok ønskje å vere trygge på både eit ja-fleirtal i folket og at ei stortingshandsaming vil gje fleirtal for eit ja. Derfor trur eg ikkje at ja-fleirtalet i Stortinget betyr så mykje, seier Bank.

Veto i det blå?

Bank får følgje av utgreiar Per Østvold i Transportarbeidarforbundet. Han er først og fremst nøgd med at regjeringa framleis har fleirtal i Stortinget.

– Dersom Ap skal initiere ein ny medlemskapsdebatt, må regjeringa først sprengjast og Ap søkje samarbeid med Høgre. No er det usannsynleg, men om det raudgrøne fleirtalet hadde gått tapt, hadde Ap vore freista til å ta opp debatten om medlemskap så fort sjansen baud seg.

I komande periode skal fleire omstridde EU-direktiv opp i Stortinget. Fagforeiningsprofilen Østvold er tidlegare sentralstyremedlem i regjeringspartiet SV. Trass fornya raudgrønt fleirtal trur han bruk av vetoretten framleis er i det blå.

– Eg har lita tru på at Arbeidarpartiet vil akseptere veto mot noko direktiv. Dei tenkjer langsiktig i retning medlemskap.

Ein annan debattant på venstresida, analytikar Magnus Engen Marsdal i tankesmia Manifest, meiner nei-sida skal vere nøgd så lenge Jens Stoltenberg regjerer på grunnlag av nært samarbeid med nei-partia SV og Senterpartiet. Men heller ikkje Marsdal har tru på at vetoretten blir brukt i komande fireårsperiode.

– Det ser ut til at ja-sida slavisk følgjer den uskrivne regelen om at veto-retten ikkje skal nyttast. Eg trur ikkje på eit EØS-veto frå Stortinget før eg ser det, seier Marsdal.

Helene Bank er på si side meir optimistisk og trur på veto mot anten datalagringsdirektivet, helsedirektivet eller postdirektivet, kanskje også mot fleire av dei.

– Det er mobilisering ute blant veljarane. Men skulle vi ikkje få veto på nokre av desse tre, då trur eg vi kan gløyme heile vetoretten, åtvarar Bank. Ho trur likevel ikkje det vil sprengje regjeringa om så ikkje skjer.

– Nei, andre regjeringsalternativ vil vere dårlegare for nei-sida og gje same sluttresultat.

Trur ikkje på stemningsskifte

– Det er umogleg å seie om vetoretten vil bli brukt i komande stortingsperiode, seier valforskar og professor ved Universitetet i Oslo, Hanne Marthe Narud.

– Nei-folk i regjeringspartia vil framleis vere pådrivarar for å ta i bruk vetoretten. Men det er i så fall regjeringa som såvoren som må gjere dette, og det har det ikkje vore vilje til å gjere fram til no.

Meir sikker er Narud når det gjeld sjølve medlemskapsspørsmålet.

– Det er usannsynleg at det kjem opp i komande periode. Derfor tyder ikkje fleirtal eine eller andre vegen i Stortinget så mykje, seier Narud. Den såkalla sjølvmordsparagrafen blir vidareført i Soria Moria 2.

– Arbeidarpartiet veit at ein søknad tyder at Senterpartiet går ut av regjeringa. Dei må spørje seg sjølv om det er tenleg å ta opp spørsmålet. Det er mange nei-veljarar i partiet, og dei kan fort forsvinne over til SV og Senterpartiet dersom saka kjem opp.

Valforskaren ser ingen saker fremst i horisonten som kan utløyse forandringar i norsk EU-opinion.

– Irland har akseptert Lisboa-traktaten, og det skjer ting i Europa. Kanskje uro på penge- eller valutamarknaden kan trigge ein debatt, det kan sjølvsagt også islandsk EU-medlemskap eller innføring av euro i Sverige eller Danmark. Skal det bli eit opinionsskifte, må kystfolket snu. Men når ikkje eingong svensk medlemskap i 1994 flytta opinionen i Noreg over til ja, då skal det svært mykje til.

Heller ikkje Bank, Marsdal eller Østvold kan sjå føre seg kva som dei neste fire åra skulle gje eit varig stemningsskifte blant folket i EU-saka.

– Det måtte vere noko slikt som ein kollaps av dollaren som fører til at oljefondet forsvinn, spekulerer Helene Bank og får følgje av Per Østvold. Men ingen av dei trur eit slikt stemningsskifte kjem.

– Ei krise av eit eller anna slag som skapar utryggleik, er også det einaste Magnus Marsdal kan sjå føre seg. Narud trur ikkje klimakrisa er ei slik krise, heller ikkje om det skulle lukkast EU å få eit positivt klimaomdøme, til dømes i samband med klimatoppmøtet i København.

– Folk kan sjå skiljet mellom EU-saka og klimadebatten. Også Noreg vil jo freiste å vere ein klimapådrivar utanfor EU, så eg trur ei slik kopling er vanskeleg å etablere for ja-sida, seier Hanne Marthe Narud.

– Splitta parti unngår EU

Situasjonen vil heller ikkje endre seg så mykje internt i partia etter stortingsvalet, skal ein tru ekspertane. Venstre gjekk det på største tapet i stortingsvalet og sit igjen med berre to mandat i Stortinget. Partileiar Lars Sponheim, som mange har oppfatta som på glid mot eit ja, går av på landsmøtet til våren.

– Venstre-leiinga er ja-folk i hjarto sine, seier Per Østvold, men trur Venstre no er så lite at det ikkje vil gjere ein skilnad i EU-debatten.

Hanne Marthe Narud meiner parti som er splitta i EU-spørsmålet gjerne unngår saka. Ho peiker på at særleg Venstre har fått merkje sprengkrafta i EU-saka før.

– Venstre vil forbli eit nei- eller tja-parti i denne perioden, trur Helene Bank. Ho meiner eit Venstre som seier ja til EU vil forsvinne inn i Høgre. Men valforskar Narud ser det som lite sannsynleg at Høgre blir ein sterk pådrivar for EU-medlemskap i forkant av stortingsvalet 2013.

– Berre Høgre er eit reint ja-parti, og berre Senterpartiet eit reint nei-parti, og Framstegspartiet vil helst ikkje ta i spørsmålet. Dei noverande aktuelle regjeringskonstellasjonane låser saka. Trass i at krefter i Høgre er veldig, veldig ivrige etter å få EU-saka opp i Noreg, vil det ikkje vere ei samla borgarleg side som vil køyre spørsmålet, tvert imot, og derfor blir heller ikkje eit Høgre som ønskjer regjeringsmakt ein sterk pådrivar, avsluttar Hanne Marthe Narud.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook