Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Til lukke med dagen –...
© Stemmerettsjubileet

Til lukke med dagen – og dei hundre år!

I dag, 11. juni 2013, feirar vi at norske kvinner har hatt røysterett i hundre år. Det er ein dag for å feira kvinner, men også eit demokrati for alle. 

Fyrst med stortingsvedtaket 11. juni 1913 fekk alle vaksne i Noreg røysterett. Fram til 1901 hadde ingen kvinner røysterett i kommune- og Stortingsval. Noreg var den fyrste sjølvstendige staten i verda som innførte allmenn røysterett for både kvinner og menn. Dette er noko vi bør vera stolte over.

Men demokrati og folkestyre er ikkje sjølvsagt, og den kvinnelege røysteretten i Noreg kom ikkje av seg sjølv. Retten vart vunne gjennom omfattande kvinneorganisering og folkeleg mobilisering på grasrota og stadfest i eit parlamentarisk vedtak.

Likestilling er essensielt for å oppnå eit reelt folkestyre. Nei til EU har folkestyre som eit av våre viktigaste prinsipp og gler oss til å feire ein av landets største demokratiske sigrar. Nei til EU meiner at den beste måten å heidre kvinnene før oss på, er å føre kampen deira vidare. Vi skal feire sigrane deira og vi skal ta kampen vidare – for likestilling og sjølvråderett. Den demokratiske retten til å vere med å bestemme over samfunnet er eit vesentleg grunnlag for norsk motstand mot EU. Vi seier nei til EU fordi EU-medlemskap vil ta frå oss sjølvråderetten og svekke folkestyret.

I dag markerer vi røysteretten ved å ha arrangement i Nei til EU-regi og ved å delta på andre sine arrangement. Seinare i år vil vi bruka kvinnekonferansen vår, 5.-6. oktober, til å setja fokus på røysterett, grasrotorganisering og vilkåra for kviner i eit kriseråka Europa. 

Eksternt: Stemmerettsfeiringa landet rundt . (stemmerettsjubileet.no)

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook