Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Tove Bøygard og Nei ti...
Møte med Tove Bøygard
© Eivind Formoe

Informasjonsrådgjevar Sindre Humberset, Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland, artist Tove Bøygard og videoprodusent Sara Andersson. 

Tove Bøygard og Nei til EU samarbeider om musikkvideo

Artisten med den flotte stemma og det store hjartet overraska og rørte heile konferansen på #NEI2017 med ein ny NEI-sang. No vert sangen spelt inn og det vert laga musikkvideo.

Tove Bøygard spelte og song på Nei til EU si årskonferanse #NEI2017, og framførte nei-sangen «Folkestyre i alle land». Den hadde Bøygard laga spesielt til Nei til EU, og ho både overraska og rørte konferansedeltakerne.

– Ideen om å spele inn songen og lage ein musikkvideo vart unnfanga der og då, seier Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU.

– Tove Bøygard er ein samfunnsengasjert aktiv artist som deler Nei til EUs hjertesaker. Songen inviterer til allsong og teksten treff oss Nei til EU-arar midt i hjartet, seier ho.

Er i gang med å lage video

Tysdag hadde Tove Bøygard og videoprodusent Sara Andersson møte med Kathrine Kleveland og informasjonsrådgjevarane Sindre Humberset og Eivind Formoe om å lage video.

– Dette er eit samarbeid som vi gler oss til å ta fatt på, seier Kathrine Kleveland.

Ein smakebit…

«I Brussel sit dei mektige
Og vil styre våre liv
Dei gjer pokker i folkestyre
Gjennom alle sine direktiv
La demokratiet leva
La uss styre der me bur»

Frå songen «Folkestyre i alle land» av Tove Bøygard.  

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook