Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Uhaldbart angrep på he...
Vignett - EØS - norges tilknytting til EU

Uhaldbart angrep på heimfallsretten

Uttale frå Nei til EU sitt landsmøte 2006:

Dersom EFTA-domstolen gjev ESA medhald i at heimfallsordninga er i strid med EØS-avtalen, betyr det at dei politiske og konstitusjonelle føresetnadane for Stortinget si godkjenning av avtalen fell bort.

Last ned uttalelsen her

Ei avgjerd frå EFTA-domstolen om heimfallsordninga er venta 14. mars 2007. Nei til EU er nøgd med at den norske regjeringa har teke til motmæle mot overvakingsorganet ESA sitt krav om å endre eller avvikle heimfallsretten. ESA sitt søksmål er både provoserande og dramatisk. Det er provoserande fordi det er i strid med alt norske styresmakter har sagt – og fått godkjent i Brussel – om heimfallsordninga i forhold til EØS. Det er dramatisk fordi det dreier seg om korleis den mest verdifulle norske naturressursen skal forvaltast – og om kven som skal tene pengar på den.

Etter reglane om heimfall vert alle kraftverk i privat eige overtekne vederlagsfritt av staten etter 60 år. Desse reglane gjeld ikkje offentleg eigde kraftverk. Sel derimot kommunen, fylkeskommunen eller staten til private eller utanlandske eigarar, kan staten krevje heimfall etter 60 år, rekna frå opphavleg konsesjonstidspunkt.

Nitti prosent av kraftverka her i landet er offentleg eigd, og heimfallsordninga utgjer i dag ei sterk barriere mot sal av offentlege kraftverk. Innføring av heimfall for offentlege kraftverk vil føre til eit press på kommunar og fylkeskommunar for å selje kraftverka så fort som mogleg fordi verdien vil falle for kvart år som heimfallstidspunktet kjem nærare. For kommunar med trong økonomi og omfattande oppgåver kan dette få store konsekvensar. Bortfall av dagens heimfallsordning opnar også opp for store oppkjøp frå utanlandske aktørar.

I stortingsmeldingane som vart lagt fram i høve handsaminga av EØS-avtalen i 1992 og EU-meldinga i 1994, slo Brundtland-regjeringa fast at heimfallsretten ikkje var i strid med EØS-regelverket. ” Denne avtale skal ikke på noen måte berøre avtalepartenes regler om eiendomsretten” står det i EØS-avtalens artikkel 125.

Søksmålet viser at ESA og Noreg vurderer EØS-avtalen, og artikkel 125 spesielt, svært ulikt. Dersom EFTA-domstolen følgjer ESAs syn tyder det at reglane om de fire fridomane – her etablerings- og investeringsfridomen – er overordna alle andre tilhøve i EØS-området. Det vil seie at artikkel 125 skal lesast som om det stod; ”Denne avtale skal ikke på noen måte berøre avtalepartenes regler om eiendomsretten såfremt disse regler ikke berører de fire friheter”. Ved ei slik formulering er EØS ikkje positivt avgrensa, fordi handel og kapital gjennomsyrer alle sider av samfunnet. ESA har i søksmålet til dømes vektlagt at familieforhold er underlagt dei fire fridomane. Dette tyder at standpunktet til ESA strid mot grl. § 93, altså kravet om at EØS berre skal gjelde ”paa et saglig begrænset Omraade”. Blir dette utfallet frå EFTA-domstolen, må EØS-avtalen igjen opp for Stortinget, men kan då ikkje vedtakast med trefjerdedels fleirtal. Avtalen vil krevje grunnlovsendring.

Nei til EU utfordrar eit samla Storting, både ja- og nei-partia, til å stille seg bak regjeringa sitt forsvar av heimfallsretten overfor ESA og EFTA-domstolen.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook