Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Vern om industristaden...
Vignett - EØS - norges tilknytting til EU

Vern om industristadene våre

Vi står ovanfor ei mogleg rasering av eit tjuetals industristader frå Finnsnes i nord via Ålvik til Lista i sør. Nei til EU krev at regjeringa gjer alt ho kan for å vidareføra industrikraftregimet av i dag.

Last ned uttalen her

Mange stader i Noreg har busetning på grunn av nær tilgang til elektrisk kraft. Den kraftkrevjande industrien er hjørnesteinsverksemder i distrikta frå nord til sør. Som eit tiltak i EU-førebuande lei fekk vi i 1991 ei ny energilov som gjorde om elektrisk kraft til ein vare i marknaden i staden for ein nasjonal, samfunnstenleg ressurs. Sidan då har kraftleveransane vore styrt ut frå omsynet til størst mogleg vinst for kraftselskapa – ikkje ut frå omsynet til ei trygg og sosialt forsvarleg kraftforsyning.

I dei nærmaste åra kjem marknadsregimet etter alt å døma til å få katastrofale konsekvensar for den kraftkrevjande industrien, som til no har nytt godt av langvarige Stortingsfastsette kraftkontraktar. Marknadspris på kraft kan bety inntil ei femdobling av prisen på kraft til industrien. Dette vil mest truleg føra til ei umiddelberr nedlegging av dei kraftkrevjande verksemdene frå marknadsprisen slår inn.

Fleire EU-land er i same situasjon. Regjeringane i land som Frankrike og Tyskland sett difor mykje inn på å kunna vidareføra industrikraftregime av same slag som det norske.

På dette området må ein aktiv europapolitikk bety at den norske regjeringa går i spissen og legg fram framlegget sitt til nytt industrikraftregime. Regjeringa må òg arbeida aktivt for å sikra stønad hjå styresmakter i andre EU-land.

Om det ikkje er mogleg å sikra at kraftkrevjande nøkkelverksemder har ei framtid i eit land med dei rikaste vasskraftressursane i Europa, må dette utløysa eit grunnleggjande ordskifte om alternativ til EØS-avtalen.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook