Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Verva 231 medlemer til...
Jon Bolme

Uslåelege Jon. Jon Bolme diskuterer vervetiltak med ei anna av Nei til EU sine storvervarar, Wenche Haugen Havrevoll.

Verva 231 medlemer til Nei til EU

Jon Bolme er ein soleklar vinnar av vervekampanjen til Nei til EU. Heile 231 nye medlemer har Bolme verva sidan januar.

– Gratulerer med sigeren, Jon! Dette er jo eit imponerande tal.

– Jo takk, eg håpar at det er eit stykke til andreplassen, fortel nordmøringen. 94 av dei 231 nyverva medlemmene bur i Bolmes eigen kommune, Rindal, ein kommune med litt over 2000 innbyggjarar. Resten kjem frå andre kommunar i Møre og Romsdal.

Verving på telefon

– Korleis har du gått fram for å verva alle desse medlemene?

– Eg har rett og slett ringt til folk. Eg har ringt til folk som har stått på vallister i kommunar og til fylkestingsvalet. Etterkvart har eg skaffa meg eit nettverk med folk som tipsar meg om andre som burde vera medlemer i Nei til EU. Det kan vera folk som har tilknyting til kommunestyre i fylket eller som er medlem i ulike parti, men som brenn for nei-saka, fortel Bolme.

– Det er viktig å få ei breiast kontaktflate som mogleg. Det må vera eit målretta arbeid og ein må tenkja ut eit system for ringjearbeidet. Dessutan må ein driva verving ut frå lokale tilhøve, frå plassen ein bur og fylket. Ikkje noko fylke eller stad er like, fortel storvervaren.

Daglegdags argumentasjon

– Kva argument brukar du? Kan du seia kva som er det beste argumentet for å verta medlem?

– Tja, det beste argumentet, det er vanskeleg å seia. Når eg ringjer er det viktig å presentera seg fyrst. Og seia kvifor ein ringjer. Eg brukar å seia at eg ringjer frå Møre og Romsdal Nei til EU og at vi har ein kampanje gåande og eg skaffar støttemedlemmer til Nei til EU. Eg brukar litt tid på å spørja dei kva dei gjer på i det daglege, til dømes om dei har gard eller jobbar i industrien og korleis det går. Det er viktig å ha daglegdagse spørsmål og å snakka om daglegdagse ting. Så plar eg spørja om dei ikkje tykkjer vi har det bra i Noreg, og om dei trur det vil verta betre om vi vert medlem i EU. Og det innrømmer folk og seier at jo, det har vi nok, og dei meiner no det er mykje bortkasta tid og krefter å verta med i ein union.

Bolme har verva litt fleire menn enn kvinner, og frå dei fleste kommunane i Møre og Romsdal. Han meiner at ungdomar frå 17-25 år kanskje er litt vanskelegare å verva på den måten han har gjort enn vaksne.

Vervetips til lokallag

Bolme har fleire vervetips på lager.

– Det kan vera lurt at lokallagsstyra tek ein ringjerunde hos medlemmer som var medlemer for tre-fire år sidan. Ikkje alle er like glade i å ringja, men kanskje dei som ikkje er det heller kan gjera ein større innsats på utdelingar og aksjonar? Vi gjorde det i Rindalen og ein tredjedel av dei som hadde vore medlemmer frå før sa ja til å verta det att, seier Bolme.

– Men eg tykkjer det er viktig at vi no arbeider for å få eit betre og større tillitsmannsapparat i Nei til EU, seier Jon Bolme.

– Det er viktig å styrkja organisasjonen og å skulera seg, ikkje berre verva.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook