Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Vervekampanjen går mot...
Telt og fotoapparat - vervepremie
© NtEU

Vervekampanjen går mot slutten

Du har ein månad på å sikra deg eit gåvekort på foto- og friluftsutstyr på ein verdi av 3000 kr. Kanskje fristar det meir med eit gåvekort på 300 eller 1000 kr frå Tronsmo bokhandel?

Dette kan bli ditt om du vervar til Nei til EU

Hugs at no kan du verva medlemer for ut 2009 pluss heile 2010 for berre 150 kr!

Gå til vårt innmeldingsskjema

Bøker - vervepremie
© NtEU

Motstanden mot EU-medlemskap har alltid basert seg på engasjement blant vanlege folk. Derfor er Nei til EU ein demokratisk medlemsorganisasjon. Både medlemmer som berre betaler kontingenten og de som også vel å vera aktive gjer Nei til EU til den breie, tverrpolitiske og aktive organisasjonen vi er i dag.

Gode tips i vervearbeidet

Den viktigaste grunnen for at folk ikkje er medlem er at de ikkje har blitt spurt. Spør! Ta utgangspunkt i omgangskrinsen din.

Cap - vervepremie
© NtEU

- Tips om møte og aktivitetar – følg med på heimesida vår! Inviter gjerne sjølv til aktivitetar i Nei til EU-regi.

- Del ut brosjyrar og informasjonsmateriell – særleg om det er ei aktuell sak. Du kan til dømes ta utgangspunkt i postdirektivet og følgjene av direktivet i nærområdet ditt.

- Kanskje har du ein eller fleire personar i husstanden din som kunne tenkja seg å vera medlem i Nei til EU? Husstandsmedlemer kan verta medlemmer ut 2009 og heile 2010 for berre 50 kr! Kanskje høver det betre med eit medlemskap i Ungdom mot EU? Det kostar 50 kr ut 2009.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook